Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Kultur & medier
Onsdag 8. mars, 2006

«Kvinner, spill sjølv!» – eit refreng frå 70-talet til i dag

Onsdag 8. mars, 2006

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

På 1970-talet skulle kvinner også vekk frå å vera passive konsumentar til å bli aktive produsentar også i musikklivet. Slagordet var «Kvinner, spill sjølv!»

Kvinnemusikkrørsla bygde seg opp i kjølvatnet av den internasjonale visebølgja og kvinnerørsla. Ein sentral aktør i å formidla kvinneskapt musikk i Noreg vart det uavhengige plateselskapet Mai, med sterke band til ml-rørsla. Inspirert av det svenske feministiske plateprosjektet «Sånger om kvinnor» (1971), sette dei i gang eit liknande prosjekt i Noreg. Det skulle bli debutplata til Oslo-bandet Amtmandens døtre, «Reis kjerringa» (1975).

Plata hadde ein trong fødsel, då dei sju bandmedlemmene mellom 19 og 26 år hadde svært ulik musikalsk røynsle og det vart eit tidkrevjande og dyrt opphald i platestudio. Men for Mai var dette eit politisk viktig prosjekt.

«Reis kjerringa» inneheldt flest engelske og svenske songar som bandet hadde laga norske tekstar til, men det var også noko eigenkomponert materiale, som den smått klassiske «Synonymordboka», som i ettertid fekk Gyldendal til å revidera ordbokverket sitt. Songen, som er ei oppramsing av ordbokteksten, er framleis kosteleg å høyra: «kvinne» er synonymt med matrone, tøtte, furie, fjolle, prostituert også vidare, medan «mann» er skapningens herre.

Før «Reis kjerringa» kom storselskapet Polydor Mai i forkjøpet med å gje ut «Kjerringrokk om kvinner» med Bergens-bandet Kjerringrokk. Dei stod bak eit refreng som mange jenter har sunge på ulike kvinnesamlingar: «Ååå jenter, ååå jenter, vi må nok heve våre stemmer, skal vi høres» – også det eigentleg ein norsk versjon frå «Sånger om kvinnor».

Marta Breen som har skrive boka «Piker, vin og sang» meiner den norske kvinnemusikkrørsla var omlag halvparten sak og halvparten musikk. Sentrale musikarar, som felespelaren Hege Rimestad frå Amtmandens døtre, deler i boka Breens vurderingar. Mellom anna må ho i ettertid le av at bandet hennar alltid pressa alt for mange ord inn på kvar verseline. Noko som gav eit litt haltande lydbilete som var takksamt å hengja ut for Jonas Fjeld Bands parodi Stuntmannens sønner. Rimestad meiner parodien råka godt, og påpeiker i boka at det er skapt eit noko falskt bilete av fortida, når kvinnemusikkrørsla har vorte stempla som sjølvhøgtidleg og humørlaus. Tvert om, meiner ho.

Breen peikar også på at kvinnerørsla var eit tiår føre punken når det galdt å skapa ein «lågterskelscene» for kvinnelege musikarar. Her kunne ein hiva seg med og læra under vegs, utan at krava til musikalske kunnskapar og ambisjonar var eit hinder for innpass. Faktisk kravde Amtmandens døtre når dei reiste på turné, at det alltid måtte stilla eit lokalt oppvarmingsband med kvinnelege musikarar før dei gjekk på scenen. Det gav mange eit høve til å hiva seg frampå. Men for Amtmandens døtre vart den fyrste lågbudsjettsturneen så slitsam at bandet vart oppløyst då dei kom heim att. Det oppsummerer den korte historia til mange «jenteband».

Eit siste klimaks for kvinnemusikkrørsla var kvinnekulturfestivalen på Kalvøya utanfor Oslo i 1979, som samla 7.000 menneske og nokre av dei mest sentrale kvinnelege musikarane frå Norden, med danske Savage Rose i spissen.

Overskotet på 80.000 kroner vart nytta til å starta kvinnemusikkultursenteret som i dag er kjent som Akks.

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT