Suksessen til norske rockejenter i 2006 har kome på tvers av ein mannsdominert musikkbransje og sexistiske musikkjournalistar.
«Det har vore eit poeng for meg ikkje å vera ‘kred-orientert’, slik så mykje liknande historie
FAKTA
* Kultur- og musikkjournalisten Marta Breen har skrive boka «Piker, vin og sang – 50 år med jenter i norsk rock og pop» (Spartacus forlag) * Dette er den fyste samla framstillinga av kvinner sin plass i norsk rock- og pophistorie. * I boka kan vi mellom anna lesa om fylgjande merkesteinar: at den norske fyrste rockelåta, «Rock, rock, rock», vart sungen av ei kvinne – Mary Anderson, at det fyrste norske jentebandet, The Dandy Girls frå Hønefoss, hadde suksess i Asia alt i 1967, at ei hiphop-jente, MC Cey, stod bak den fyrste norske rap-plata og at Anita Hegerland, vår mestseljande kvinnelege plateartist, har seld 28 millionar album og singlar på ein internasjonal marknad.
|
JOURNALIST: Marta Breen har skrive bok om kvinner i norsk rock og pop. Sjølv har ho måtta endra synet på til dømes 80-talsartisten Alex. |
Denne veka har både Marit Larsen og Elvira Nikolaisen skapt entusiasme i norsk musikkpresse, jamvel om VG er «redde» for at det no blir trongt om plassen blant kvinnelege artistar, for dei er to av mange jenter som kjem med album i år.
– Akkurat som dei ville sagt noko slikt om Kurt Nilsen og Thomas Dybdahl slapp album same veke, seier Marta Breen.
2006 blir eit høgdepunkt for kvinnelege norske artistar, og til kvinnedagen lanserer musikkjournalisten Breen boka «Piker, vin og sang – 50 år med jenter i norsk rock og pop» (Spartacus forlag).
– Det er artig å oppsummera no, når kvinnelege norske artistar er meir spanande enn sine mannlege kollegaer, seier Breen.
Ho meiner 2000-talet er spesielt. For no er det ikkje lenger slik at bransjen utelukkande fungerer på menn sine premiss.
– 1990-talet var det tiåret då det «smalt» internasjonalt for kvinner i rocken innanfor eit breitt spekter sjangrar, frå singer-songwriters til roots, grunge og hardcore. Ein fekk markerte frontfigurar som Garbages Shirlie Manson og Courtney Love i Hole. Jentene som platedebuterer i dag, vaks opp med desse førebileta. Hugs det er ti år sidan Spice Girls slo gjennom! Dagens kvinnelege artistar er sjølvmedvitne musikarar og blir respekterte som det.
Hatsk kritikk
Breen meiner dette vitnar om at musikklivet har kome eit godt stykke berre dei siste ti-tjue åra. På 1980-talet var norsk musikkpresse fiendtleg innstilt til alt som – ifølgje journalistane – ikkje hadde «kred».
– Det var eit ekstremt maskulint miljø, der kritikarar dreiv hanekamp seg i mellom i spaltene. Enno på 1990-talet opplevde Tuesday Girls og Trine Rein å bli avskrivne på grunn av utsjånaden og imaget sitt – før kritikarane hadde høyrt platene. Og kritikkane var stappa av kjønnsladde ord.
– I dag er spekteret mykje større. Det er lov å vera ei lettkledd Mira Craig eller Annie og likevel få musikken sin omtalt, slik som heilt andre type artistar som Surferosas Mariann Thomassen eller Ane Brun.
Pionerar
Men «Piker, vin og sang» fortel ikkje berre om ny suksess, aukande respekt og forventingar. Boka er ei kronologisk framstilling av historia til kvinner i norsk rock- og pop heilt frå 50-talspionerane.
Breen baserer boka på arkivmateriale og hovudfagsoppgåver – og mange intervju. Det har vore eit detektivarbeid å finna att føregangskvinnene som har skifta ut «pikenamna». Men utbyttet har vore stort når Breen har opplevd gleda over at nokon har villa fortelja historia deira så mange år etter.
Dei fleste talenta innom den fyrste tenåringsgenerasjonen vart stoppa av far, i det dei fekk tilbod om å gå frå det lokale samfunnshuset og til ein karriere i hovudstaden. Storbyen, det openbert seksuelle og opprørske ved musikken og det at rocken høyrte heime «på gata», gav svært galne signal for opphavet til respektable 50-talsjenter. Ryktet til dei komande «koneemna» måtte reddast.
Rocken vart alt frå starten ein arena for maskulin mytebygging. Noko av mannsdominansen og dei sexistiske haldningane i bransjen heng att etterkrigs-kjønnsstereotypiar.
Fram gjennom historia får vi den ukjende forteljinga om det fyrste norske jentebandet, The Dandy Girls, som var «big in Asia» i 1967 og meir kjent stoff om «syngedamer» som bandglasur. Visebølgja på 70-talet vart eit kreativt frirom for kvinnelege musikarar, etterfølgt av 80-talet sin «puppe-pop», før jenteinvasjonen på 1990-talet, som kom via rootsmusikken og punken – der jenter har vore med å prega musikken frå starten.
– Det er ei svært open og inkluderande historie du har skrive, til musikkjournalist å vera.
– Det har vore eit poeng for meg ikkje å vera «kred-orientert», slik så mykje liknande historie er.
Breen har også fått utfordra eigne preferansar og fordommar av å ha lytta seg gjennom mengder med gamle LP-ar.
– Eg har måtta revurdera synet på 80-talsartisten Alex til dømes. Ho song godt og uttrykket var utruleg funky og moderne for si tid.
Gøy med gutane
Musikkjournalistikk er litt som seksualundervising på skulen. Det som handlar om gutar, omfattar alt som er gøy. Det som handlar om jenter, er forbunde med risiko og problem.
– Det kan vera ei bjørneteneste å fokusera på dei særskilte problema kvinnelege musikarar står overfor, fordi det tar fokus frå musikken. Og det å snakka om « jenteband», er i seg sjølv omstridd. Slik sett er boka eit paradoks, men totalt sett trur eg ho vil gagna dei omtalte. Og at til dømes barnefødslar tar meir tid for kvinner enn menn må med når ein skal svara på kvifor det er færre kvinner enn menn i rocken. Men det neste eg gjer blir reint musikkfokusert!