Berre kvar sjette hjelpepleiar/miljøarbeidar i Harstad kommune har full stilling. Ei av tre har 25 prosent stilling eller mindre. – Vi skal ha eit liv vi og, seier hjelpepleiar Linda Normann.
Det er mange sinte damer blant dei nesten 700 tilsette i pleie- og omsorgssektoren i Harstad kommune. Dei trivest med brukarar og kollegaer, og skryter gjerne av arbeidsmiljøet. Men dei blir arge når samtalen kjem inn på arbeidstida.