Treng både ny teknologi og nye arbeidsplassar
Onsdag 22. februar, 2006
I dag kjem industriminister Odd Eriksen til folkemøte i Årdal, der Hydro Aluminium vil leggja ned delar av aluminiumsproduksjonen.
– Det viktigaste er å få Hydro til å gjera om avgjerda si, slik at vi kan få ei modernisering av aluminiumproduksjonen, seier Bjørn Øvstetun, leiar i Årdal kjemiske fagforeining.
For å sikra framtida for Årdal-samfunnet, trengst både ny teknologi, nye kraftkontraktar og nye arbeidsplassar utanom aluminiumsindustrien.
– Paradokset er at ei modernisering av aluminiumproduksjonen vil gjera at 25 arbeidarar kan gjera det som om lag 100 gjer i dag, seier fagforeiningsleiaren.
Så langt har Hydro sagt nei til ei slik modernisering, og har gått inn for å avvikla produksjonen i to hallar som tilsaman står for 50.000 tonn av den totale produksjonen på 230.000 tonn i 2005. Vidare drift krev spesiell løyve til utslepp. Statens forureiningstilsyn (SFT) opnar for at ein slik søknad kan bli raskt behandla.
– Vi har bede Hydro senda denne søknaden, slik at vi kan vinna tid, seier Øvstetun.
Meir aktiv eigar

Må ha kraft
Øvstetun si oppmoding til næringsminister Eriksen er at staten må vera ein meir aktiv eigar i Hydro enn det ein har sett til no, og at han må trykkja på for å få Hydro til å gjera om vedtaket om å avvikla produskjonen i dei to hallane i Årdal.
– Staten må vera til stades når Hydro tar viktige strategiske avgjerder. Eg ventar ikkje at dei kastar det sitjande Hydro-styret, men det skal snart veljast eit nytt, seier fagforeiningsleiaren. Han meiner det til no har vore altfor mange økonomar som har påverka Hydro-leiinga.
– Dei har for lite peiling og for mykje makt. Fagekspertisen og ingeniørkompetansen i selskapet blir altfor lite brukt, meiner fagforeiningsleiaren.
Øvstetun understrekar at ei satsing på modernisering av produksjonen må til for å sikra ryggrada i Årdal-samfunnet for framtida.
– Med ei investering på ein milliard kroner kan ein her få ein produksjon på 65.000 tonn som med ny teknologi ikkje bruker meir kraft enn det som i dag går med til å produsera 50.000 tonn, forklarer han.
Kontraktar for den kraftforsyninga som trengst for å vidareføra produksjonen med ny teknologi, går ut i 2011. Kraft til resten av produksjonen er sikra med ein konsesjon som går til 2051, med klare vilkår om at krafta skal brukast til produksjon i Årdal.
– Industriministeren må følgja opp desse kontraktane, det er avgjerande for oss, seier Øvstetun.
Her får han full støtte av Olav Støylen, forbundsleiar i Norsk kjemisk industriarbeiderforbund (NKIF), og fungerande LO-leiar Roar Flåthen.
– Heile den kraftkrevjande industrien må ha avklaring på energispørsmåla sine, seier Støylen.
– No må denne regjeringa finna løysingar på det den førre regjeringa ikkje tok på alvor, seier Flåthen.