Real retro

Snart får vi sjå ml-rørsla på kino i filmatiseringa av Dag Solstads «Gymnaslærer Pedersen…» . Kva kan vi venta oss?

Korleis går ein til verks når ein skal skildra nær norsk historie på film? På den eine sida burde det vera relativt lett å finna autentiske miljø, rekvisittar og kostyme frå 1960 og -70-talet. På den andre sida er dette tiår svært mange har klåre minne frå: Difor må ein venta kritiske blikk frå publikum – også på hybelinnreiingar og hårmote.