Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Kultur & medier
Fredag 23. desember, 2005
Når det snør på boksidene
SYMBOL: Mange romanar tematiserer det plutselege, uventa og overveldande snøfallet. ? Eg trur det er interessant for litteraturen å undersøke unntakstilstanden i snøfallet som noko som ikkje er politisk vedteke, seier litteraturkritikar Tom Egil Hverven i

Når det snør på boksidene

Fredag 23. desember, 2005

FAKTA

* Snø er ein del av den norske vinteren som er på retur: Dei siste to dagane har Klassekampen intervjua langrennar Gudmund Skjeldal og folklorist Olav Christensen om kva snøen har å seie for oss, i ljos av forskingsprosjektet RegClim. Forskarane gjer nemleg rekning med at vi går frå 150 skidagar (år 1900) til ned mot 60 skidagar i året (i 2050).

* I dag avsluttar litteraturkritikar Tom Egil Hverven vår miniserie.

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Snøen lavar ned i europeisk litteratur. – Litteraturen minner oss om at det er snøen som vinn til slutt, meiner litteraturkritikar Tom Egil Hverven.

Dei to siste dagane har høvesvis eks-langrennar Gudmund Skjeldal og folklorist Olav Christensen reflektert over kva snøen betyr for det kollektive medvitet vårt. Og få stader kjem dette så tydeleg fram som i litteraturen.

Klassekampen har difor bede litteraturkritikar i NRK Tom Egil Hverven om å finne døme på litterære tematiseringar av snø. Den jobben viste seg å vere enkel.

For det er ikkje langt mellom snøbygene i europeisk litteratur. Og påfallande mange romanar tematiserer det plutselege, uventa og overveldande snøfallet.

– Eg trur det er interessant for litteraturen å undersøke unntakstilstanden. Det plutselege snøfallet kan representere ein slik unntakstilstand som ikkje er politisk vedteken. Det er jo berre vêr, smiler Hverven.

Manna frå himmelen

Ei av snøbøkene som har gjort sterkast inntrykk på Hverven siste året, er ikkje norsk, men tyrkisk. Ho er skriven av Orhan Pamuk og har beint fram «Snø» som tittel. Det tyrkiske ordet for snø er «Kar», og boka handlar om lyrikaren Ka som reiser til byen Kars og skriv 19 dikt om snø, medan folk i den vesle byen gjennomfører ein lokal revolusjon i skuggen av eit enormt snøfall.

Hverven har lese boka og er vilt begeistra:

– Det er openbert at Pamuk ser snøen som symbol på dikterisk inspirasjon. Snøen driv det heile framover, ved at dikta fell ned til han. Og her spinn Pamuk vidare på den bibelske tradisjonen med manna som dett ned frå himmelen på ein måte som minner om snø.

Men romanen handlar òg om brytninga mellom eit tradisjonelt og moderne samfunn, om korleis ein kan forandre eit samfunn utan å øydeleggje det. Her er snøen bilete på motsetnadene mellom den gamle og nye tida, med naturen som plutseleg kan slå attende og minne oss om begrensingane i det moderne høgteknologiske samfunnet.

– Plutseleg snøfall kan skape ein unntakstilstand som minner oss om vår sårbarheit. Vi kjenner til det i Noreg, at flyplassar vert stengde, at tog køyrer seg fast, men vi er vande med at menneska alltid ordnar opp. I litteraturen har det overlevd ei kjensle av at naturen trass alt er sterkast.

Unntakstilstand

Døma på det er mange: Mattis Øybøs roman «Alle ting skinner» handlar om eit seks vekers samanhengande snøfall som set heile samfunnet ut av spel, i Thure Erik Lunds «Elvestengfolket» forandrar hovudpersonen Tomas Olsen Myrbråten seg varig idet han ser på eit snøfall og i Pamuks «Snø» gjer lokalbefolkinga revolusjon i ly av snøfallet.

Kva snøen gjer med samfunnet og kva snøen gjer med oss, er gjennomgangstema i alle bøkene:

– Det er ei scene i Thure Erik Lunds «Elvestengfolket» der det snør noko så inn i helvete, og Myrbråten sit der og tenkjer at no er det like før snøen og vêret og kaoset overtek alt. Utanfor vert sjølvsagt snøen måka og rydda vekk, men inne i hovudet hans skjer det noko. Der vert snøen verande.

«Det viste seg seinere at alt var uunngåelig. Jeg så det alt da. At nå skulle det bare gå en vei […] Denna snøen blei liksom værandes. Den nye tida sto imot alt,» skriv Lund.

– Det er ikkje heilt eintydig korleis ein skal lese dette, men forteljaren oppdagar noko av det same som Pamuk oppdagar ved moderniteten: på den eine side er menneskets overvinning av naturen ein uavvendeleg prosess, samstundes spør dei seg båe kva dette gjer med einskildmennesket.

– Den sjølvsagte måten heile samfunnet går til verks for å fjerne og rydde det plutselege snøfallet, vert for hovudpersonen noko framand og rart. For folk rundt han vert det berre ei førebels utsetjing, men sjølv går han seg vill i snøen; alt vert snø.

Snø og vatn

– Kan ein seie noko generelt om kva symbolfunksjon snøen har i litteraturen?

– Snøen er vatn og vatn er sjølve livet i litteraturen til alle tider, særleg fordi vi er sterkt prega av dei tekstane nokre av oss reknar som heilage, som er skrivne i eit område der ein manglar vatn. Vatnet er eit ekstremt viktig symbol for moglegheita for liv, og slik er snøen tvitydig. Smeltar han til vatn er han livgjevande, i den forma han kjem kan han vere dødbringande.

Men snøen er litterært tvitydig på andre måtar òg:

– Det er eit tvitydig symbol på den måten at det både gjev moglegheit for sporsetting samstundes som det tildekkjer spor. Ute i naturen ser ein stort sett aldri harar om sommaren, men om vinteren kan ein sjå spora overalt, seier Hverven og viser til Jan Erik Volds vesle haikudikt frå samlinga «Spor, snø» frå 1970 som eit visuelt døme på korleis snø og spor forheld seg til kvarandre:

snøen sporne snøenOg Eldrid Lundens diktsamling av året «Flokken og skuggen», er ifylgje Hverven eit framståande døme på korleis snøen kan vere knytt til det å skrive – den kvite snøen og det kvite arket. Eldrid Lunden opnar med ein syklus der eit diktar-eg står og ser ut av eit vindauge og ser to rådyr og nokre fuglar utover ei stor snødekka flate. «Eg vil gjerne setje desse flatene ut på papiret,» skriv Lunden i dikt nummer fire i samlinga. – Lunden set likskapsteikn mellom snøflatene og papirflatene. Ser du eit rådyr på langt hald mot ei snøflate, kan det fort sjå ut som eit skriftteikn, som ein H kanskje, spekulerer Hverven.

Den første snøen

Dessutan vil snøen alltid minne om og vise til barndom. Lengt etter kvit jul denne veka er truleg ein lengt etter barndomen for dei fleste av oss.

– I Pamuks roman vert hovudpersonen spurt om han var lukkeleg som barn, og han svarer at han som barn ikkje var så oppteken av om han var lukkeleg eller ikkje. Snøen og snøfall kan minne oss alle om den tilstanden der ein er lukkeleg fordi ein ikkje spør seg sjølv om ein er det, seier Hverven.

Men barndomen er meir enn idyll. Nydeleg skildra er dette i Tarjei Vesaas-novella «Slik det står i minnet» frå «Båten og kvelden». Den sjølvbiografiske forteljinga handlar om ein ung gut som er ute i skogen og hogger tømmer saman med faren sin og hesten Brunen. Hesten skader seg, faren har ikkje anna behandling enn å pisse i såret. Men båe har jobba hardt og sveitta all væske i løpet av dagen, og ingen av dei klarer å få fram ein dråpe.

– Sterkast gjennom heile forteljinga på femten sider er gutens minne av faren, tausheita, dei klåre, tydelege fargane mot den grenselause snøen. Snøen gjer alt kvitt, men alt som kjem oppå snøen vert ekstra tydeleg. Vesaas er veldig medviten dette; farens blå auge, det raude skjegget, blodet i såret til hesten og gulfargen av pisset som ikkje kjem. Fargane trer uendeleg mykje klårare fram fordi snøen lavar ned.

«Der står han i silande snø. For min tanke i silande snø. Ein far – og hans vinterlodne brune hest, i snø.

Hans brune hest og hans eige andlet. Hans skarpe ord. Hans blå auge og hans skjegg. Skjegget med litt raudfarge mot det kvite. Silande snøver. Blind grenselaus snø,» opnar novella.

– Guten er vand med å sjå på faren som ein autoritet, og teksten er formulert i den augneblinken der guten oppdagar farens sårbarheit.

Snø og død

Men snøen peiker ikkje berre bakover mot oppvekst og barndom og den første snøen i heilt konkret forstand. Snøen er samstundes eit bilete på døden, det kvite lakenet som før eller seinare skal verte breidd over oss alle.

Hverven trekkjer fram James James Joyce-novella «De døde» frå Dublinere, som det mest fortetta uttrykket for nettopp dette:

– Slutten på den novella får fram på ein heilt eksepsjonell uttrykksfull måte korleis snøen er knytt til død. Det ein ser i slutten av denne novella er at mennesket kan ha mange planar. Men til slutt er det snøen som vinn.

«Jo, avisene hadde rett. Det snedde over hele Irland. Sneen falt overalt på de mørke slettene og over de nakne åsene, den falt mykt over Allensjøen, og enda lenger vest falt den sakte over Shannons mørke og urolige bølger. Den falt også over hele den ensomme kirkegården på åsen, hvor Michael Furey lå begravet. Den samlet seg i tette driver mot de skjeve korsene og gravstøttene, på sprossene på den vesle porten, på de nakne hagtornene. Hans sjel svant langsom hen i det han hørte sneen som falt lett gjennom verdensrommet og lett falt som en siste slutt over alle levende og døde.»

(Norsk omsetjing: Olav Angell.)

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT