Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Kultur & medier
Tirsdag 13. desember, 2005
Frå runer til Rimbereid
REDD:? Eg er redd for at heile lyrikkhistoria glir ut. Heile feltet er truga og treng eit ganske sterkt forsvar, seier Ivar Havnevik.

Frå runer til Rimbereid

Tirsdag 13. desember, 2005

FAKTA

* «Den store norske diktboken» er ei ajourføring og ei utviding av «Lyrikkboken» (1971) og «Den store lyrikkboken» (1998).

* Boka inkluderer meir enn 1200 dikt frå 140 lyrikarar, og dekker norsk lyrikk frå 200-talet til i dag.

* Bokas redaktør Ivar Havnevik er mangeårig hovudkonsulent i Aschehoug forlag og har mellom anna skrive boka «Dikt i Norge. Lyrikkhistorie 200–2000» (2002).

«Det er ikkje eg som har skrive denne boka, det er lyrikarane si bok»
Ivar Havnevik
Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
– Min intensjon er ikkje å lage ein kanon, men å reflektere han, seier Ivar Havnevik, som har samla våre beste dikt.

«Lyrikkboken» frå 1971 og den reviderte «Den store lyrikkboken» frå 1998 kjem no i endå ei nyrevidert utgåve, denne gongen under tittelen «Den store norske diktboken». Alle utgåvene er redigerte av mangeårig hovudkonsulent i Aschehoug, Ivar Havnevik.

Alle våre beste dikt – frå ei runeinnskrift på ein spydodd frå Toten på 200-talet til Øyvind Rimbereids «Solaris korrigert» – er samla mellom to permar. Havnevik har slik eigenhendig teke på seg oppgåva med å gje oss ein nasjonal diktkanon.

Men han vil slett ikkje høyre snakk om at han hermed har laga ein kanon. Havnevik er berre ein formidlar:

– Min intensjon er ikkje å lage ein kanon, men å reflektere han. Kanonen er, for å nytte eit moteord, ein prosess. Han vil heile tida verte forandra etter som litteraturvitarar, filologar, historikarar, pedagogar og store lesargrupper arbeider med materien.

Representativitet

– Denne boka reflekterer eit arbeid som skjer ute i røynda. Mitt subjekt er ikkje så interessant, sjølv om det ikkje er til å unngå at det heile tida er snakk om val. Men intensjonen er berre å reflektere det arbeidet fagfolk har gjort med norsk lyrikk.

Og stikkordet for utvalet gjennom alle desse hundreåra, om vi må nøye oss med eitt, er representativitet:

– Forfattarskapen skal vere representativ for utviklinga i norsk lyrikk i det aktuelle tidsrommet, og dei einskilde dikta skal vere representative innan forfattarskapen. Dessutan skal det sjølvsagt vere gode dikt.

Nye namn

Dette er den største samla utgåva av dei tre diktantologiane, og mykje er revidert frå tidlegare utgåver.

– Eg har utvida i tid både bakover og framover, eg startar med den eldste runeinnskrifta vi kjenner og endar med eit knippe samtidslyrikarar. Eg har ajourført forfattarskapar, og eg har skifta ut forfattarar. Nokre få er tekne ut, og mange nye er komne inn.

– Har du og revidert i utvalet av dei eldre dikta?

– Ja, stundom. Til dømes har eg under Holberg teke ut «Peder Paars» og sett inn «Zille Hans Dotters Gynaicologia», fordi dette er eit feministisk dikt som er veldig aktuelt i dag.

– Har ikkje kanonen sett seg for dei eldste epokane ein gong?

– Nei, i grunnen ikkje, det foregår ein revisjon heile tida. Nokre kanoniserte lyrikarar er på veg til å gli ut fordi nye kvalitetskriterium svekker synet på diktinga deira. Personleg synest eg Vilhelm Krag er svak, og eg har med færre dikt av han no enn sist. Hans samtidige Obstfelder er så utruleg mykje betre.

– Er det andre som glir ut?

– Eg er meir redd for at heile lyrikkhistoria glir ut. Heile feltet er truga og treng eit ganske sterkt forsvar, seier Havnevik trass i at dei to føregåande antologiane har seld utrulege 35.000 eksemplar kvar.

– Ja, men desse er ei motkraft mot alle trugsmåla mot lyrikken.

Mykje Vold

Ei rask oppteljing av titlar i antologien syner at Jan Erik Vold er den som har fått tildelt flest dikt, med i alt 29 titlar. Henrik Wergeland og Rolf Jacobsen kjem på delt andreplass med 27, framfor Stein Mehren med 26 og Olav H. Hauge med 24.

Havnevik er skeptisk til tellekantprinsippet:

– Både Hauge og Vold har mange bittesmå dikt. Det vert litt galt med slik statistikk. Kven får flest sider? Då stiller Holberg sterkt med sitt eine dikt. Og Wergeland er truleg den som får flest sider av alle. Medan andre som Clas Gill, står som ein påle i norsk lyrikkhistorie, trass i at han berre gav ut to samlingar.

– Men nyare sanglyrikk er ikkje representert?

– Det er ein annan sjanger og høyrer heime ein annan stad. Men mange av dikta i denne boka er opphavleg skrivne til musikk eller framført med musikk til. Salmane og folkevisene er sjølvsagt meint å skulle syngast, men har sidan gått inn som lyrikk. Men dette har skjedd gjennom ein praksis i litteraturhistoria som er vorte nedfelt sidan 1800-talet. Mykje av visediktinga i dag har ikkje pretensjonar om å verte del av litteraturhistoria.

– Men burde Erik Bye vore med?

– Då ville dilemmaet reist seg om kor gode tekstane hans eigentleg er. Det er jo eit forbode spørsmål i og med den ufattelege populariteten hans, men det er primært som sungne tekstar med hans eiga stemme, dei er populære. Sjølv Prøysen som er med i dette utvalet, er ikkje like bra når andre syng han.

Debatt sist

«Fagfolkene vil utvilsomt ha noen innvendinger mot utvalget av enkeltdikt og -forfatterskap,» varslar Havnevik allereie i innleiinga til verket. Og det veit Havnevik meir om enn dei fleste.

Då han i 2002 gav ut lyrikkhistoria «Dikt i Norge – lyrikkhistorie 200-2000» trudde han sjølv at han hadde skrive ei «nøytral og vennlig bok som ikke skulle provosere noen». Og Aftenpostenmeldar Ingunn Økland følgde opp Havneviks sjølvforståing og meldte tidleg at boka «vil neppe skape rabalder».

Men det gjorde ho til gagns. Tom Egil Hverven meinte Havnevik hadde skrive ei «blek lyrikkhistorie», Jan Erik Vold skreiv i Samtiden om «konstabel Havneviks hjemmestrikkede nåleøye», medan Fredrik Wandrup i Dagbladet skulda Havnevik for å mangle brunst. Debatten vart lang og temperamentsfull.

– Har debatten fått innverknad på utvalet her?

– Ja, men berre indirekte, ved at eg har fått skjerpa mitt eige standpunkt, ved at eg måtte tenkje gjennom det på nytt. Eg har fått befesta intuisjonen min om at mitt subjekt ikkje skal prege formidlinga. Eg analyserte mykje av kritikken, og den var utruleg subjektivistisk og sa eigentleg lite om boka mi.

– Kva innvendingar ventar du deg denne gongen?

– Ja, kva skal eg seie, fagfilologar vil kanskje rette kritikk mot at tekstgrunnlaget er inkonsekvent og uvitskapleg. Og folk som er opptekne av samtidslyrikken vil meine det er for lite samtidslyrikk. Men eg kan ikkje ta omsyn til alle dei einskilde rørslene innan lyrikken i dag. I morgon er i dag i går, og dagsaktuelle problemstillingar vert raskt forelda.

– Men trur du på ny debatt no?

– Altså eg har ikkje bruk for nokon debatt, eg har bruk for bruk. Det er ikkje eg som har skrive denne boka, det er lyrikarane si bok.

– Og eg har sett at boka ligg i stablar på Ark. Det er rørande, avsluttar Havnevik.

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT