Når ikkje IA-måla
Mandag 5. desember, 2005
Tre mål skulle bli nådd gjennom intensjonsavtalen om inkluderande arbeidsliv som vart inngått i 2001. Koordingeringsgruppa, som har oppsummert resultata etter fire år, slår fast at eitt av måla er halvvegs nådd – sjukefråværet er redusert med 10 prosent, medan målsettinga for avtaleperioden var 20 prosent. For dei to andre måla – tilsetting av fleire med redusert funksjonsevne og auka reell pensjonsalder – er det ingen resultat å visa til.
LO-sekretær Trine Lise Sundnes, LO sin representant i koordineringsgruppa og i arbeidet med ein ny IA-avtale for den neste fireårsperioden, meiner det trengst betre verkemiddel og verkty i forhold til eldre arbeidstakarar og funksjonshemma.
Ho ser ikkje nokon motsetnad mellom målsettinga om å redusera sjukefråværet og å inkludera fleire arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og høgare alder.
– Får ein ned langtidsfråværet, vil det også ha innverknad på delmål to, meiner Sundnes.
– Sjukefråværet viktig

Personvern
– Kan det lagast ein ny avtale om inkluderande arbeidsliv utan eit mål om redusert sjukefråvær?
– Nei, eg trur sjukefråværet er eit viktig element, men ein ny periode med ei målsetting om 20 prosent reduksjon er uaktuelt. LO ønskjer først og fremst å leggja vekt på det arbeidsplassrelaterte fråværet, det som skuldast dårleg tilrettelegging eller andre forhold på arbeidsplassen.
I den første delen av avtaleperioden gjekk det legemelde sjukefråværet opp, medan den markerte nedgangen fell saman med ei innstramming i retten til å vera sjukmeld utover åtte veker som vart gjennomført ved ei lovendring frå 1. juli 2004.
Sundnes ser på denne lovendringa som eit gode, og understrekar at den ikkje ville vore mogleg å få til utan IA-avtalen.
– Den vurderinga etter åtte veker som følgjer av lovendringa, er ei hjelp til å finna ut om det trengst tilrettelegging på arbeidsplassen, og til å komma raskare over i attføring for dei som av helsemessige grunnar må skifta yrke, seier LO-sekretæren. Ho har berre unntaksvis registrert at lovendringa har hatt uheldige verknader.
– Vi har fått vita om nokre få problematiske tilfelle, men dei har blitt løyst. I somme tilfelle har sjukdommen/skaden ein slik karakter at tilrettelegging ikkje er mogeleg, der har ein dialog med arbeidsgivaren vore viktig, seier Sundnes.
Ebba Wergeland, spesialist i arbeidsmedisin, har følgt utviklinga av sjukefråværet og IA-arbeidet, og meiner målsettinga om redusert sjukefråvær må fjernast dersom fleire arbeidstakarar med dårleg helse og høg alder skal bli inkludert i arbeidslivet. Den eine Econ-rapporten som er laga om IA-avtalen stadfestar også at sjukefråværsmålet skremmer verksemdene frå å tilsetja folk med skral helse.
– Det arbeidstakarane har fått med IA-avtalen, er ein utvida rett til å bruka eigenmelding. Men at dette ville føra til ein reduksjon i sjukefråværet, visste vi frå før. Det heng saman med at folk har ein tendens til å gå på jobb så sant det er mogeleg. Arbeidsgivarar som har ønskt å gjera noko med tilrettelegging av arbeid, har fått tilgang til gratis konsulenthjelp. Men det at denne konsulenten er einsidig knytt til arbeidsgivaren, kan vera ei ulempe, og kan gjera at arbeidsforhold som burde bli rapportert til Arbeidstilsynet i mindre grad blir rapportert, seier Wergeland.
Ho peiker også på som eit alvorleg problem at plikta til å informera arbeidsgivaren om helsetilstand og arbeidsevne fører til ei svekking av personvernet, og den må vekk.
– Det er høgst uklart kva som ligg i denne informasjonsplikta, men i tilspissa situasjonar kan arbeidstakarar risikera å mista både sjukepengar og jobb, medan det ikkje finst sanksjonsmiddel overfor arbeidsgivarar som ikkje følgjer opp plikterne sine, understrekar ho.
Generelt meiner ho at IA-avtalen slik den er i dag, kan vera til hjelp i dei tilfella der arbeidsgivaren ønskjer å leggja til rette for at ein arbeidstakar skal halda fram i jobben, og at den kan vera til stor ulempe for den arbeidstakaren arbeidsgivaren ønskjer å bli kvitt.