Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Lørdag 23. februar, 2002

Ned 1000 kr i veka

Lørdag 23. februar, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
POSTEN: ? Vi har fått vita at dersom vi ikkje går ned i lønn, har vi ikkje jobb, seier sjåfør Helge Tverfjell. Posten har sett langtransporten på anbod og sjåførane kan tapa over 1000 kroner i veka. POSTEN: ? Vi har fått vita at dersom vi ikkje går ned i lønn, har vi ikkje jobb, seier sjåfør Helge Tverfjell. Posten har sett langtransporten på anbod og sjåførane kan tapa over 1000 kroner i veka.

Dei tilsette i Posten Transport held pusten. 15 millionar kilometer årleg langtransport verdt 200 millionar kroner vart sett ut på anbod i desember, fristen var 4. februar. Om få dagar får konsernstyret i Posten Norge ei innstilling på sitt bord. Fleire titals firma er inne i tevlinga. Dei rundt 200 sjåførane i Posten Transport har den beste tariffavtalen i bransjen, og dei veit dei ligg tynt an når det kjem to strekar under reknestykka. ? Det er stor skilnad på 85 kroner i tillegg for nattarbeid og 20 kroner. Og Posten køyrer veldig mykje på natta, seier Helge Tverfjell (55) til Klassekampen. Han er langtransportsjåfør ved Posten Transport på Alnabru i Oslo. Der vart dei tilsette kalla inn til møte med representantar for Posten BA og fagforbundet Postkom tidleg i februar. ? Dei teikna to alternativ for oss på tavla. Anten lagar Posten eit nytt AS for langtransport, med ein heilt anna tariffavtale, eller så går vi som er i Posten Transport ned i lønn. Reaksjonen var eintydig, seier Tverfjell. ? Vi sa nei.? Aldri i livet? Det er uaktuelt. Eg går ikkje så mykje ned i løn. Aldri i livet, seier kollega Aud Olaussen. Ho er på veg ut frå terminalen med post til Sarpsborg-distriktet. Dei tilsette har samanlikna sin eigen tariff, sikra i Hovudtariffavtalen i staten, med det mange meiner er det konkurrerande alternativet: Nettlast as sin avtale med arbeidsgjevarorganisasjonen Navo. Nettlast vart i si tid skilt ut av NSB, fekk i stand ein avtale langt under nivået i staten, og er seinare kjøpt av Posten. ? Vi har rekna ut at tapet vil bli mellom 50.000 og 80.000 kroner i året, opplyser Tverfjell. Grunnlønna i Posten Transport er 238.100 kroner utan ansiennitet, i Navo-avtalen 202.120 kroner. Den viktigaste skilnaden er likevel nattillegget. Her risikerer sjåførane å falla frå 85 kroner tillegg kvar time pluss 15 prosent tidskompensasjon til 20 kroner tillegg og ingen tidskompensasjon. Postkom har rekna ut at kompensasjonstapet blir 1000 kroner i veka ved ein turnus med 52 timar nattkøyring. Gjennomsnittet for sjåførane er 90 timar natt per turnus, så tapet kan bli langt over tusenlappen kvar veke. Bastant neiFirmaet til langtransportsjåførane i Posten Transport kan 1. april stå utan oppdrag, fordi Posten BA har valt ein annan og billegare leverandør. ? Vi har fått vita at dersom vi ikkje går ned til Navo-tariffen, har vi ikkje jobb, seier Tverfjell. Han er indignert. ? Her har folk jobba 30 år i Posten, og så skal dei bli tvinga ned i lønn medan konsernleiinga berre går opp og opp.Den siste månaden har situasjonen for langtransportsjåførane i Posten vore oppe på klubbmøte landet over. Forbundsleiar i Odd Christian Øverland Postkom har fått bastant nei til lønnsnedslag frå alle kantar. ? Det er totalt uaktuelt å forhandla oss ned i lønn, seier Øverland til Klassekampen. Han er opprørt over at konsernleiinga i Posten brukar anbod for å leggja press på lønnsnivået. ? Dette er kynisk. Tariffavtalen vi har forhandla fram over mange år blir øydelagt på denne måten, seier Øverland. Sosial dumpingForbundsleiaren peikar på at alle i bransjen må ha bil, dekk, bensin og så vidare. Her er det lite å spara. ? Det er berre lønn og arbeidsvilkår dei kan gå laus på. Det går ut over sjåføren når dei skal kutta utgifter. Dette er sosial dumping, punktum. Øverland meiner det er stor fare for at Posten Transport mister transportoppdraga for Posten, dersom konsernstyret legg einsidig vekt på økonomisk innsparing. Om dette skjer, har ikkje forbundet lovlege aksjonsmiddel. ? Men det vil undra meg stort om våre sjåførar skal sitja roleg og sjå på at avtalen deira bli rive vekk og knust, seier Øverland. Posten hadde i fjor eit resultat på 711 millionar kroner, 1,6 milliardar betre enn året før. I løpet av året vart bemanninga i Posten redusert med 2466 årsverk.magnus.marsdal@klassekampen.no

Dei tilsette i Posten Transport held pusten. 15 millionar kilometer årleg langtransport verdt 200 millionar kroner vart sett ut på anbod i desember, fristen var 4. februar. Om få dagar får konsernstyret i Posten Norge ei innstilling på sitt bord. Fleire titals firma er inne i tevlinga. Dei rundt 200 sjåførane i Posten Transport har den beste tariffavtalen i bransjen, og dei veit dei ligg tynt an når det kjem to strekar under reknestykka. ? Det er stor skilnad på 85 kroner i tillegg for nattarbeid og 20 kroner. Og Posten køyrer veldig mykje på natta, seier Helge Tverfjell (55) til Klassekampen. Han er langtransportsjåfør ved Posten Transport på Alnabru i Oslo. Der vart dei tilsette kalla inn til møte med representantar for Posten BA og fagforbundet Postkom tidleg i februar. ? Dei teikna to alternativ for oss på tavla. Anten lagar Posten eit nytt AS for langtransport, med ein heilt anna tariffavtale, eller så går vi som er i Posten Transport ned i lønn. Reaksjonen var eintydig, seier Tverfjell. ? Vi sa nei. ? Aldri i livet? Det er uaktuelt. Eg går ikkje så mykje ned i løn. Aldri i livet, seier kollega Aud Olaussen. Ho er på veg ut frå terminalen med post til Sarpsborg-distriktet. Dei tilsette har samanlikna sin eigen tariff, sikra i Hovudtariffavtalen i staten, med det mange meiner er det konkurrerande alternativet: Nettlast as sin avtale med arbeidsgjevarorganisasjonen Navo. Nettlast vart i si tid skilt ut av NSB, fekk i stand ein avtale langt under nivået i staten, og er seinare kjøpt av Posten. ? Vi har rekna ut at tapet vil bli mellom 50.000 og 80.000 kroner i året, opplyser Tverfjell. Grunnlønna i Posten Transport er 238.100 kroner utan ansiennitet, i Navo-avtalen 202.120 kroner. Den viktigaste skilnaden er likevel nattillegget. Her risikerer sjåførane å falla frå 85 kroner tillegg kvar time pluss 15 prosent tidskompensasjon til 20 kroner tillegg og ingen tidskompensasjon. Postkom har rekna ut at kompensasjonstapet blir 1000 kroner i veka ved ein turnus med 52 timar nattkøyring. Gjennomsnittet for sjåførane er 90 timar natt per turnus, så tapet kan bli langt over tusenlappen kvar veke. Bastant neiFirmaet til langtransportsjåførane i Posten Transport kan 1. april stå utan oppdrag, fordi Posten BA har valt ein annan og billegare leverandør. ? Vi har fått vita at dersom vi ikkje går ned til Navo-tariffen, har vi ikkje jobb, seier Tverfjell. Han er indignert. ? Her har folk jobba 30 år i Posten, og så skal dei bli tvinga ned i lønn medan konsernleiinga berre går opp og opp.Den siste månaden har situasjonen for langtransportsjåførane i Posten vore oppe på klubbmøte landet over. Forbundsleiar i Odd Christian Øverland Postkom har fått bastant nei til lønnsnedslag frå alle kantar. ? Det er totalt uaktuelt å forhandla oss ned i lønn, seier Øverland til Klassekampen. Han er opprørt over at konsernleiinga i Posten brukar anbod for å leggja press på lønnsnivået. ? Dette er kynisk. Tariffavtalen vi har forhandla fram over mange år blir øydelagt på denne måten, seier Øverland. Sosial dumpingForbundsleiaren peikar på at alle i bransjen må ha bil, dekk, bensin og så vidare. Her er det lite å spara. ? Det er berre lønn og arbeidsvilkår dei kan gå laus på. Det går ut over sjåføren når dei skal kutta utgifter. Dette er sosial dumping, punktum. Øverland meiner det er stor fare for at Posten Transport mister transportoppdraga for Posten, dersom konsernstyret legg einsidig vekt på økonomisk innsparing. Om dette skjer, har ikkje forbundet lovlege aksjonsmiddel. ? Men det vil undra meg stort om våre sjåførar skal sitja roleg og sjå på at avtalen deira bli rive vekk og knust, seier Øverland. Posten hadde i fjor eit resultat på 711 millionar kroner, 1,6 milliardar betre enn året før. I løpet av året vart bemanninga i Posten redusert med 2466 årsverk.magnus.marsdal@klassekampen.no

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT