Krigar mot kommunane
Onsdag 20. februar, 2002
Ei undersøking gjort i 134 norske kommunar viser at 33 prosent kuttar i eldreomsorga i år. Dette er ein dramatisk auke frå i fjor, då ni prosent svarte at det skulle bli kutt i eldreomsorga. Totalt 56 prosent av kommunane svarer at dei må ty til nedskjering i tenestetilbodet for å få budsjettet for 2002 i balanse. Andre område som får kutt er til dømes grunnskulen (32 prosent) og barnehagane (16 prosent). Kommunenes sentralforbund (KS) har gjort undersøkinga, som femnar om kommunar med 40 prosent av innbyggjartalet i landet.Når KS møter representantar for oljestaten Noreg på fredag for «konsultasjon» om kommuneøkonomien, vil den ferske undersøkinga bli brukt for alt ho er verdt. Men det er ikkje sikkert regjeringa på andre sida av bordet for KS-leiar Halvdan Skard ser på kutt i velferden som eit problem, skal vi tru arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman. ? Vi hadde berre skapt borgarkrigstilstandar for 20 år fram i tida om vi hadde vedteke å leggja ned hundre kommunar, sa Norman til årsmøtet i Bergen Høyre i helga. Småkommunane skal i staden bli svelta ut. ? Vi må gje økonomiske rammer som ikkje gjer det mogleg for dei minste kommunane å vera sjølvforsynte på alle område, meiner Norman.Skjult agenda?KS-leiar Halvdan Skard reagerer på desse nye signala frå regjeringa, som stod referert i Bergens Tidende. ? Eg har aldri høyrt noko slikt før frå ein statsråd. I praksis blir jo dette som å bruka tvang for å pressa fram samanslåing. Vi går imot tvang, seier Skard til Klassekampen.Han meiner Norman bryt med prinsippa for «generalistkommunen», som skal sikra likeverdig tilbod over heile landet. ? Det verkar som Norman meiner dårleg kommuneøkonomi er eit verkemiddel som skal tena eit godt føremål, kommenterer Skard.Norman var i andre ordelag inne på same tanke i utgreiinga om modernisering han la fram i Stortinget 24. januar. Då sa han at sentrale styresmakter må «sørge for at lokale enheter får effektivitetsfremmende rammevilkår».KS-leiaren hevdar fleirtalet på Stortinget i mange år har drive ei økonomisk svelteforing av kommunane, og at dei omfemnande kutta dokumentert i spørjeundersøkinga viser at politikken går direkte ut over tilbodet til innbyggjarane. ? Sånn sett er Norman kanskje veldig ærleg. Eg har til tider tenkt at det kan vera ein skjult agenda bak denne kuttpolitikken, seier Skard.? Må gjera nokoNår Skard møter representantar for regjeringa fredag, før dei reiser til Halvorsbøle og drøftar budsjett, er underskota i kommunesektoren det store spørsmålet. Talla blir raudare og raudare for kvart år, i både primær- og fylkeskommunane. ? Vårt fremste mål for dette møtet er å få forståing for at kommuneøkonomien ikkje kan halda fram med å gå i underskot. Det må dei gjera nok med, seier Skard. Han viser til at det blir lagt ned skuler kvart år, kommunane har problem med å gje barnehagetilbod og det manglar pengar til eldreomsorga. Då Klassekampen i går freista be Victor D. Norman om ei konkretisering av kva område dei minste kommunane ikkje skal vera sjølvforsynte på, viste Arbeids- og administrasjonsdepartementet vidare til Kommunal- og regionaldepartementet. Der var det lite å henta.magnus.marsdal@klassekampen.no
Ei undersøking gjort i 134 norske kommunar viser at 33 prosent kuttar i eldreomsorga i år. Dette er ein dramatisk auke frå i fjor, då ni prosent svarte at det skulle bli kutt i eldreomsorga. Totalt 56 prosent av kommunane svarer at dei må ty til nedskjering i tenestetilbodet for å få budsjettet for 2002 i balanse. Andre område som får kutt er til dømes grunnskulen (32 prosent) og barnehagane (16 prosent). Kommunenes sentralforbund (KS) har gjort undersøkinga, som femnar om kommunar med 40 prosent av innbyggjartalet i landet.Når KS møter representantar for oljestaten Noreg på fredag for «konsultasjon» om kommuneøkonomien, vil den ferske undersøkinga bli brukt for alt ho er verdt. Men det er ikkje sikkert regjeringa på andre sida av bordet for KS-leiar Halvdan Skard ser på kutt i velferden som eit problem, skal vi tru arbeids- og administrasjonsminister Victor D. Norman. ? Vi hadde berre skapt borgarkrigstilstandar for 20 år fram i tida om vi hadde vedteke å leggja ned hundre kommunar, sa Norman til årsmøtet i Bergen Høyre i helga. Småkommunane skal i staden bli svelta ut. ? Vi må gje økonomiske rammer som ikkje gjer det mogleg for dei minste kommunane å vera sjølvforsynte på alle område, meiner Norman. Skjult agenda?KS-leiar Halvdan Skard reagerer på desse nye signala frå regjeringa, som stod referert i Bergens Tidende. ? Eg har aldri høyrt noko slikt før frå ein statsråd. I praksis blir jo dette som å bruka tvang for å pressa fram samanslåing. Vi går imot tvang, seier Skard til Klassekampen.Han meiner Norman bryt med prinsippa for «generalistkommunen», som skal sikra likeverdig tilbod over heile landet. ? Det verkar som Norman meiner dårleg kommuneøkonomi er eit verkemiddel som skal tena eit godt føremål, kommenterer Skard.Norman var i andre ordelag inne på same tanke i utgreiinga om modernisering han la fram i Stortinget 24. januar. Då sa han at sentrale styresmakter må «sørge for at lokale enheter får effektivitetsfremmende rammevilkår».KS-leiaren hevdar fleirtalet på Stortinget i mange år har drive ei økonomisk svelteforing av kommunane, og at dei omfemnande kutta dokumentert i spørjeundersøkinga viser at politikken går direkte ut over tilbodet til innbyggjarane. ? Sånn sett er Norman kanskje veldig ærleg. Eg har til tider tenkt at det kan vera ein skjult agenda bak denne kuttpolitikken, seier Skard. ? Må gjera nokoNår Skard møter representantar for regjeringa fredag, før dei reiser til Halvorsbøle og drøftar budsjett, er underskota i kommunesektoren det store spørsmålet. Talla blir raudare og raudare for kvart år, i både primær- og fylkeskommunane. ? Vårt fremste mål for dette møtet er å få forståing for at kommuneøkonomien ikkje kan halda fram med å gå i underskot. Det må dei gjera nok med, seier Skard. Han viser til at det blir lagt ned skuler kvart år, kommunane har problem med å gje barnehagetilbod og det manglar pengar til eldreomsorga. Då Klassekampen i går freista be Victor D. Norman om ei konkretisering av kva område dei minste kommunane ikkje skal vera sjølvforsynte på, viste Arbeids- og administrasjonsdepartementet vidare til Kommunal- og regionaldepartementet. Der var det lite å henta.magnus.marsdal@klassekampen.no










