Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Torsdag 14. februar, 2002

Æresdoktor med fredsdiagnoser

Torsdag 14. februar, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
FREDSFORSKAR: Johan Galtung mottar i dag sitt åttande æresdoktorat. ? Å vera fredsforskar er som å vera ein doktor, seier Galtung.FREDSFORSKAR: Johan Galtung mottar i dag sitt åttande æresdoktorat. ? Å vera fredsforskar
er som å vera ein doktor, seier Galtung.

Førre veke var den verdskjende fredsforskaren Johan Galtung som snarast innom Hell i Trøndelag på journalistkonferanse. Der rakk han å skjella ut nesten samtlege norske utanriksjournalistar for å vera eit «paddekorps» og fullstendig ukritiske til USA.Denne veka er kosmopolitten i den spanske byen Alicante for å motta heider og ære frå universitetet. Frå før er Galtung æresdoktor ved mellom anna ved universiteta i Uppsala, Torino og Tampere, og som han sjølv seier ved «eit par universitet i Tyskland og så eitt i Japan». Noko av bakgrunnen for alle utnemningane ligg i at Galtung av mange blir sett på som sjølve grunnleggjaren av fredsforsking som fagdisiplin. Men Galtung har tilgode å motta noka æresutnemning frå norske universitet.? Ingen blir vel profet i eige land. På heimebane blir ein i større grad offer for sjalusi og sterke kjensler, kommenterer Johan Galtung, som har telefonnummer i Spania, Japan, Frankrike og Sverige. Men altså ikkje i Noreg.Aukande interesseMen interessafor fredsforsking er stor no, meiner Galtung. Med 11. september, bombinga av Afghanistan og ein stadig aukande valdsspiral i Midtausten merker han eit sterkare fokus på forskingsfeltet sitt.? I motsetnad til statsvitarar driv ein fredsforskar til dømes ikkje berre kjølig observasjon av verda rundt seg. Fredsforskarar kjem i tillegg med framlegg til alternative handlingsmåtar for å løysa konfliktar, seier Galtung. Han samanliknar skilnadene mellom fredsforsking og tradisjonell statsvitskap med den mellom biologi og medisin: ? På same måte som i medisinen stiller fredsforskarar ein diagnose og freistar deretter å føreskriva behandling og terapi, seier Galtung. ? På denne måten kan fredsforsking føra til at ein kan koma ut av valdsspiralane og inn i meir fruktbare og kanskje til og med fredsskapande prosessar, legg han til. Internasjonal klassekampMen like ofte er det på sjølve diagnosenivået, eller i analysane av kvifor konfliktane oppstår, at Galtung skil lag med dei forklåringsmåtane som dominerer i media og til dels i statsvitskapen.? Det er til dømes ei avsporing å snakka om at den internasjonale situasjonen er prega av «kamp mellom sivilisasjonar». Eg vil kalla det vi ser for internasjonal klassekamp, seier fredsforskaren.? Denne klassekampen føregår på to nivå: Mellom statar, og mellom menneske. Som hegemonisk stat har USA i dag interesse av status quo, medan dei undertrykte statane ønskjer endring av den rådande verdsordninga. Slik det også er mellom menneske av ulike klassar.Fredsrørsle?Galtung har tidlegare peikt på at verda no treng ei brei og offensiv fredsrørsle. Der fredsrørsla på 1980-talet var ei vest-aust-rørsle må ei ny rørsle knyta an til nord-sør-aksen, meiner Galtung.? Ser du teikn på at ei slik global fredsrørsle er i emning?? Eg ser byrjinga, sjølv om det går treigare enn eg trudde, seier Galtung.? Det er til dømes svært interessant at ein leiande palestinsk intellektuell som Edvard Said no snakkar om å ta oppgjer med «dei skjeggete fundamentalistane» samstundes som han opprettheld kravet om fridom og rettferd for palestinarane, seier han.Galtung meiner det avgjerande punktet for ei komande fredsrørsle må vera å skapa kontakt mellom slike kritiske muslimsk-arabiske krefter og fredsaktivistar i Vesten.? Du har tidlegare spådd at den utviklinga vi ser no kan bety slutten på det amerikanske verdshegemoniet, ser vi ikkje heller det motsette?? Sjølv om til dømes USA har vunne krigen mot Afghanistan har dei ikkje oppheva den motsetnaden som skapar grunnlag for at menneske og statar kjenner hat mot USA. Så lenge ikkje dette blir endra vil motstanden mot USA voksa, spår Galtung.Ondskapens akseMen det kan ta lang tid og det vil ikkje skje i Noreg med det første, hevdar fredsforskaren som tidlegare har omtala norsk utanrikspolitikk som lite meir enn nokre binders og ei kopimaskin.? Den finske utanriksministeren uttalar seg til dømes no svært kritisk til Bush sin analyse av «ondskapens akse», det same gjorde den franske. Avstanden mellom USA og store delar av Europa vil truleg auka framover, seier Galtung.Galtung meiner Bush med omgrepet «ondskapens akse» tydelegare fundamentalismen i amerikansk utanrikspolitikk og skjerpar motsetnadene til resten av verda.? Bush står med ideen om «ondskapens akse» på tvers gjennom fundamentalistisk grunn. Og slik sett er han ganske så konsekvent. Bush er jo ein like god fundamentalist som bin Laden, seier Galtung.? Dei to kunne bytt manus utan at mange merkte skilnad. Viss det finst ulikskapar mellom Bush og bin Laden er vel heller at bin Laden er djupare i sine analysar enn den amerikanske presidenten, seier fredsforskaren, no altså æresdoktor ved Universidad de Alicante.hakon@klassekampen.no

Førre veke var den verdskjende fredsforskaren Johan Galtung som snarast innom Hell i Trøndelag på journalistkonferanse. Der rakk han å skjella ut nesten samtlege norske utanriksjournalistar for å vera eit «paddekorps» og fullstendig ukritiske til USA.Denne veka er kosmopolitten i den spanske byen Alicante for å motta heider og ære frå universitetet. Frå før er Galtung æresdoktor ved mellom anna ved universiteta i Uppsala, Torino og Tampere, og som han sjølv seier ved «eit par universitet i Tyskland og så eitt i Japan». Noko av bakgrunnen for alle utnemningane ligg i at Galtung av mange blir sett på som sjølve grunnleggjaren av fredsforsking som fagdisiplin. Men Galtung har tilgode å motta noka æresutnemning frå norske universitet.? Ingen blir vel profet i eige land. På heimebane blir ein i større grad offer for sjalusi og sterke kjensler, kommenterer Johan Galtung, som har telefonnummer i Spania, Japan, Frankrike og Sverige. Men altså ikkje i Noreg. Aukande interesseMen interessafor fredsforsking er stor no, meiner Galtung. Med 11. september, bombinga av Afghanistan og ein stadig aukande valdsspiral i Midtausten merker han eit sterkare fokus på forskingsfeltet sitt.? I motsetnad til statsvitarar driv ein fredsforskar til dømes ikkje berre kjølig observasjon av verda rundt seg. Fredsforskarar kjem i tillegg med framlegg til alternative handlingsmåtar for å løysa konfliktar, seier Galtung. Han samanliknar skilnadene mellom fredsforsking og tradisjonell statsvitskap med den mellom biologi og medisin: ? På same måte som i medisinen stiller fredsforskarar ein diagnose og freistar deretter å føreskriva behandling og terapi, seier Galtung. ? På denne måten kan fredsforsking føra til at ein kan koma ut av valdsspiralane og inn i meir fruktbare og kanskje til og med fredsskapande prosessar, legg han til. Internasjonal klassekampMen like ofte er det på sjølve diagnosenivået, eller i analysane av kvifor konfliktane oppstår, at Galtung skil lag med dei forklåringsmåtane som dominerer i media og til dels i statsvitskapen.? Det er til dømes ei avsporing å snakka om at den internasjonale situasjonen er prega av «kamp mellom sivilisasjonar». Eg vil kalla det vi ser for internasjonal klassekamp, seier fredsforskaren.? Denne klassekampen føregår på to nivå: Mellom statar, og mellom menneske. Som hegemonisk stat har USA i dag interesse av status quo, medan dei undertrykte statane ønskjer endring av den rådande verdsordninga. Slik det også er mellom menneske av ulike klassar. Fredsrørsle?Galtung har tidlegare peikt på at verda no treng ei brei og offensiv fredsrørsle. Der fredsrørsla på 1980-talet var ei vest-aust-rørsle må ei ny rørsle knyta an til nord-sør-aksen, meiner Galtung. ? Ser du teikn på at ei slik global fredsrørsle er i emning?? Eg ser byrjinga, sjølv om det går treigare enn eg trudde, seier Galtung.? Det er til dømes svært interessant at ein leiande palestinsk intellektuell som Edvard Said no snakkar om å ta oppgjer med «dei skjeggete fundamentalistane» samstundes som han opprettheld kravet om fridom og rettferd for palestinarane, seier han.Galtung meiner det avgjerande punktet for ei komande fredsrørsle må vera å skapa kontakt mellom slike kritiske muslimsk-arabiske krefter og fredsaktivistar i Vesten. ? Du har tidlegare spådd at den utviklinga vi ser no kan bety slutten på det amerikanske verdshegemoniet, ser vi ikkje heller det motsette?? Sjølv om til dømes USA har vunne krigen mot Afghanistan har dei ikkje oppheva den motsetnaden som skapar grunnlag for at menneske og statar kjenner hat mot USA. Så lenge ikkje dette blir endra vil motstanden mot USA voksa, spår Galtung. Ondskapens akseMen det kan ta lang tid og det vil ikkje skje i Noreg med det første, hevdar fredsforskaren som tidlegare har omtala norsk utanrikspolitikk som lite meir enn nokre binders og ei kopimaskin.? Den finske utanriksministeren uttalar seg til dømes no svært kritisk til Bush sin analyse av «ondskapens akse», det same gjorde den franske. Avstanden mellom USA og store delar av Europa vil truleg auka framover, seier Galtung.Galtung meiner Bush med omgrepet «ondskapens akse» tydelegare fundamentalismen i amerikansk utanrikspolitikk og skjerpar motsetnadene til resten av verda.? Bush står med ideen om «ondskapens akse» på tvers gjennom fundamentalistisk grunn. Og slik sett er han ganske så konsekvent. Bush er jo ein like god fundamentalist som bin Laden, seier Galtung.? Dei to kunne bytt manus utan at mange merkte skilnad. Viss det finst ulikskapar mellom Bush og bin Laden er vel heller at bin Laden er djupare i sine analysar enn den amerikanske presidenten, seier fredsforskaren, no altså æresdoktor ved Universidad de Alicante.hakon@klassekampen.no

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT