Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Onsdag 20. februar, 2002

Tilsatt vart sparka etter politirapport

Onsdag 20. februar, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
ARBEIDSRETT: Oslo kommune har gitt ein tilsett avskil på grunnlag av informasjon frå politiet, men utan at den tilsette er sikta eller tiltalt for noko straffbart. ARBEIDSRETT: Oslo kommune har gitt ein tilsett avskil på grunnlag av informasjon frå politiet, men utan at den tilsette er sikta eller tiltalt for noko straffbart.

Ein tilsett ved ein av Rusmiddeletaten i Oslo sine institusjonar fekk i oktober avskil frå stillinga si. Bakgrunnen var at han hadde blitt pågripen av politiet i ei leilegheit der det vart funne eitt gram kokain. Ei melding direkte frå politiet sin Uropatrulje til avdelingsdirektør Yngve Berntsen i Rusmiddeletaten om hendinga var grunnlaget for at mannen først vart suspendert frå stillinga si, og etter nokre dagar fekk avskil. ? Sjokkerande ? Ei slik behandling av ein tilsett har eg aldri sett maken til, seier Stein Asthøy, leiar for Sosiale Institusjoners Fagforening (SIF). Han er sjokkert over at kontakten mellom politiet og arbeidsgivaren kan få slike konsekvensar. Asthøy opplyser at den tilsette gjorde det klart for politiet at han ikkje hadde noko med kokainen å gjera, og ho som eig leilegheita, stadfesta dette overfor politiet. No, vel fire månader seinare, er mannen framleis ikkje sikta eller tiltalt for noko straffbart. ? Den einaste straffa han har fått for dette, har han fått frå arbeidsgivaren, i og med at han har blitt sparka frå jobben, seier Asthøy. Fagforeininga har skriftleg etterlyst politiet sin heimel for å gi informasjon til arbeidsgivar, og i svaret frå politiet står det uttrykkeleg at «Det forutsettes at vedkommende etat selv holder seg orientert om resultatet av etterforskningen og utfallet av saken». Hening Jakhelln, professor i offentleg rett ved Universitetet i Oslo, er ikkje overraska over at politiet, med støtte i påtaleinstruksen, orienterer ein offentleg arbeidsgivar om ei slik hending, men understrekar at kva som blir reaksjonen frå arbeidsgivar i forhold til arbeidstakaren, er fullt ut arbeidsgivaren sitt ansvar. Arbeidsgivar må bevisa ? Det vil vera arbeidsgivaren som har bevisbøra dersom ein slik rapport blir brukt som grunnlag for reaksjonar overfor arbeidstakaren. Her må arbeidsgivar gjera ei vurdering av om det er tilstrekkeleg grunn til å tru at den tilsette kan ha gjort seg skuldig i det han her er mistenkt for, seier Jakhelln til Klassekampen. ? Ei slik melding frå politiet kan vera grunnlag for ein kortvarig suspensjon medan saka blir undersøkt, men avskil på grunnlag av ein slik rapport, høyrest heilt urimeleg ut, seier jusprofessoren. Avdelingsdirektør Yngve Berntsen var den som tok imot meldinga frå politiet, og han har laga eit notat om saka der det går fram at han har blitt orientert om at «den ansatte var blitt pågrepet av politiet og ville bli siktet for besittelse av narkotika». Av det same notatet går det fram at han gjerne er den politiet tar kontakt med når politiet kjem over «denne type saker». Men fire månader etter at den tilsette fekk avskil har denne hendinga ikkje ført til noka sikting frå politiet si side. Arbeidsrettssak Avdelingsdirektør Berntsen vil ikkje kommentera saka overfor Klassekampen. Han viser til at han ikkje kommenterer personalsaker, og at denne saka tilhøyrer eit anna arbeidsfelt enn det han har ansvar for, og viser oss vidare til personalsjef Tone Gulliksen. Personalsjef Tone Gulliksen stadfestar at denne avskilssaka har samanheng med politirapporten, men kan elles ikkje gå inn på konkrete saksforhold. ? Vi har vurdert denne saka i samråd med våre juristar, og meiner det er grunnlag for avskil, seier Gulliksen til Klassekampen. ? Vi er ikkje gjort kjend med noko anna grunnlag for at denne tilsette har fått sparken, enn denne hendinga i oktober, seier Asthøy, som opplyser at fagforeininga førebur arbeidsrettssak, og stemning vil bli tatt ut med det første.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT