Kvinnelønn 41 prosent lågare enn menn
Onsdag 24. juli, 2002
? Desse store uakseptable skilnadene er eit resultat av manglande likestilling i samfunnet, der lønn er ein av komponentane. Det seier Stein Reegård, sjeføkonom i LO i ein kommentar til statistikken frå Statistisk Sentralbyrå (SSB), som viser at kvinners samla inntekter i Noreg i 2000 utgjorde 59 prosent av menns samla inntekter. Han understrekar at det er sentralt for LO å få endra desse skilnadene, og at den primære oppgåva for LO er å påverka utviklinga av lønn og pensjonar. Forbundsleiar Tove Stangnes i Norsk Helse- og Sosialforbund (NHS) deler Reegård si vurdering av statistikken.? Dette viser at dei verkemidla som har vore brukt, ikkje har verka godt nok, seier Stangnes. ? Vi veit nok om i kva for yrke kvinner dominerer. Det arbeidet som kvinner gjer, må vurderast som like verdfullt som menns arbeid, legg ho til.? Innfør likelønn!? Vil det hjelpa å få innført meir systematisk arbeidsvurdering?? Arbeidsvurdering kan nok komma kvinner til gode. Men kvifor kan vi ikkje berre få innført likelønn, med den oppvurderinga av kvinners arbeid det krev, seier ein utolmodig forbundsleiar til Klassekampen.SSB-statistikken viser at gjennomsnittsinntekta for kvinner i Noreg i 2000 var 176.300 kroner, medan menn i snitt hadde ei inntekt på 300.700. Desse tala byggjer på sjølvmeldingsstatistikken som omfattar alle inntekter ? lønn, trygd, pensjon, næringsinntekt og kapitalinntekt.Reegård har tru på at det skal vera mogeleg å avskaffa skilnadene mellom kvinners og menns inntekt.? Men det er mykje som må endrast både når det gjeld maktforhold og kjønnsrollemønster før ein kjem så langt, seier LO-økonomen, som ikkje vil spå noko om kor lang tid det kan ta før skilnadene er jamna ut. SSB-statistikken tar ikkje omsyn til skilnader i arbeidstid, og det er vel kjend at ein del av inntektsskilnadene heng saman med deltidsarbeid.? Eg registrerer at Likestillingsombodet har engasjert seg i forhold til deltidsproblematikken i helse- og omsorgssektoren, og ser fram til eit samarbeid for å bli kvitt ein del av dei hårreisande brøkstillingane våre medlemmer har å slåst med, seier Stangnes.KapitalmarknadenReegård understrekar at kapitalmarknaden er den største drivkrafta for utvikling av inntektsskilnader mellom kvinner og menn. Ser ein lønn, trygdeytingar og pensjonar under eitt, mottok kvinner 68 prosent av det menn mottok. Når det gjeld ulike næringsinntekter, renter av bankrenter, aksjeutbytte og vinst ved sal av aksjar, er skilnaden langt meir dramatisk. På dette området utgjer kvinnene sine inntekter berre 28 prosent av mennene sine inntekter.Statistikken viser også at næringsinntektene spelar ei større rolle for den samla inntekta for menn enn for kvinner. For menn utgjer nærings-, rente- og aksjeinntekter 18 prosent av den samla bruttoinntekta, medan slike inntekter berre utgjer 8 prosent av kvinners bruttoinntekt.
? Desse store uakseptable skilnadene er eit resultat av manglande likestilling i samfunnet, der lønn er ein av komponentane. Det seier Stein Reegård, sjeføkonom i LO i ein kommentar til statistikken frå Statistisk Sentralbyrå (SSB), som viser at kvinners samla inntekter i Noreg i 2000 utgjorde 59 prosent av menns samla inntekter. Han understrekar at det er sentralt for LO å få endra desse skilnadene, og at den primære oppgåva for LO er å påverka utviklinga av lønn og pensjonar. Forbundsleiar Tove Stangnes i Norsk Helse- og Sosialforbund (NHS) deler Reegård si vurdering av statistikken.? Dette viser at dei verkemidla som har vore brukt, ikkje har verka godt nok, seier Stangnes. ? Vi veit nok om i kva for yrke kvinner dominerer. Det arbeidet som kvinner gjer, må vurderast som like verdfullt som menns arbeid, legg ho til.
? Innfør likelønn!? Vil det hjelpa å få innført meir systematisk arbeidsvurdering?? Arbeidsvurdering kan nok komma kvinner til gode. Men kvifor kan vi ikkje berre få innført likelønn, med den oppvurderinga av kvinners arbeid det krev, seier ein utolmodig forbundsleiar til Klassekampen.SSB-statistikken viser at gjennomsnittsinntekta for kvinner i Noreg i 2000 var 176.300 kroner, medan menn i snitt hadde ei inntekt på 300.700. Desse tala byggjer på sjølvmeldingsstatistikken som omfattar alle inntekter ? lønn, trygd, pensjon, næringsinntekt og kapitalinntekt.Reegård har tru på at det skal vera mogeleg å avskaffa skilnadene mellom kvinners og menns inntekt.? Men det er mykje som må endrast både når det gjeld maktforhold og kjønnsrollemønster før ein kjem så langt, seier LO-økonomen, som ikkje vil spå noko om kor lang tid det kan ta før skilnadene er jamna ut. SSB-statistikken tar ikkje omsyn til skilnader i arbeidstid, og det er vel kjend at ein del av inntektsskilnadene heng saman med deltidsarbeid.? Eg registrerer at Likestillingsombodet har engasjert seg i forhold til deltidsproblematikken i helse- og omsorgssektoren, og ser fram til eit samarbeid for å bli kvitt ein del av dei hårreisande brøkstillingane våre medlemmer har å slåst med, seier Stangnes.
KapitalmarknadenReegård understrekar at kapitalmarknaden er den største drivkrafta for utvikling av inntektsskilnader mellom kvinner og menn. Ser ein lønn, trygdeytingar og pensjonar under eitt, mottok kvinner 68 prosent av det menn mottok. Når det gjeld ulike næringsinntekter, renter av bankrenter, aksjeutbytte og vinst ved sal av aksjar, er skilnaden langt meir dramatisk. På dette området utgjer kvinnene sine inntekter berre 28 prosent av mennene sine inntekter.Statistikken viser også at næringsinntektene spelar ei større rolle for den samla inntekta for menn enn for kvinner. For menn utgjer nærings-, rente- og aksjeinntekter 18 prosent av den samla bruttoinntekta, medan slike inntekter berre utgjer 8 prosent av kvinners bruttoinntekt.










