– Fondering er gambling
Tirsdag 23. juli, 2002
I går opna Oslo børs med nedgang. Fallet var på nesten tre prosent. Nedgangen var felles for Oslo og dei fleste andre europeiske børsar. Bakgrunnen for kursfallet er at amerikanske aksjekursar stupte på fredag. Natt til sundag gjekk som venta WorldCom konkurs. Tilliten til den amerikanske marknaden er svekka, og marknaden er prega av ei ålmenn usikkerheit. Sosialøkonom og høgskulelektor Peder Martin Lysestøl har arbeidd mykje med spørsmål knytt til Folketrygda, og meiner børsnedgangen må vera eit varsku til den norske Pensjonskommisjonen om å ikkje fondera den norske folketrygda.? Det ville vera spesielt ille og spesielt uansvarleg akkurat no på grunn av utryggleiken i marknaden, seier han.KommisjonenPensjonskommisjonen vart sett ned av Ap-regjeringa og skal levera den fyrste innstillinga si i august. Utvalet si hovudinnstilling skal leverast i 2003.Kommisjonen vart sett ned for å sjå på korleis landet skal handtera den gryande eldrebølgja. Han ska ha ein brei gjennomgang av det norske pensjonssystemet og avklåra hovudmål og prinsipp. Både Venstre og Framstegspartiet har signalisert at dei ynskjer fondering av Folketrygda, medan Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet til no ikkje har ynskt å uttala seg om problemstillinga. Lysestøl håpar debatten no vil koma opp. ? Denne omleggjinga er det største som hender i norsk økonomi for tida, kommisjonen kan ikkje sjå vekk frå dei enorme svingingane dei siste åra, seier han.? Det er veldig risikabelt og det gjer stoda utrygg for alle lønsmottakarar, seier Lysestøl.Røynsla frå KLPLysestøl meiner at det som hende i Kommunenes Landspensjonskasse (KLP) i fjor haust tydeleggjer problema knytt til fondering.I september i fjor sende KLP ut ei ekstrarekning til medlemskommunane på 4,4 prosent av pensjonsgrunnlaget. Rekninga var på vel tre milliardar kroner. Desse pengane skulle dekkja inn tap KLP hadde hatt på aksjemarknaden. Kommunane kunne ikkje la vera å betala rekninga. Difor måtte mange kutta i mellom anna skule og helse for å kunne betala den heilt uventa kjemperekninga.? Fondering er gambiling, det er noko norske lønsmottakarar må frykta. Dei tener ikkje på eit slik system, seier Lysestøl. Liten tryggleik Lysestøl har ogso reint prinsipielle innvendingar mot fondering.? Det er stor forskjell på at den årlege produksjonen skal sikra årets pensjonar, slik det er i dag, og at det er aksjekursar som skal avgjera, seier han. I dag rår Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Det internasjonale pengefondet (IMF) til at dei norske pensjonane skal nedjusterast, fordi dei elles vil utgjera ein for stor del av statsbudsjettet i framtida. ? Kan ikkje fondering vera med på å tryggja at dette ikkje hender? ? Det ligg ingen tryggleik i fondering. Politikarane vil uansett fylgja politikken om å ha lite press på økonomien. Den lina har rådd i norsk økonomisk politikk dei siste åra.Lysestøl meiner det er viktig at Pensjonskommisjonen klarar å ta vare på dei gode sidene ved det norske trygdesystemet. ? Noreg har eit av dei beste trygdesystema i OECD området, fordi systemet er universelt. Alle har rett på trygd, dette er eit prinsipp Noreg må halda fast på, sluttar han av.
I går opna Oslo børs med nedgang. Fallet var på nesten tre prosent. Nedgangen var felles for Oslo og dei fleste andre europeiske børsar. Bakgrunnen for kursfallet er at amerikanske aksjekursar stupte på fredag. Natt til sundag gjekk som venta WorldCom konkurs. Tilliten til den amerikanske marknaden er svekka, og marknaden er prega av ei ålmenn usikkerheit.
Sosialøkonom og høgskulelektor Peder Martin Lysestøl har arbeidd mykje med spørsmål knytt til Folketrygda, og meiner børsnedgangen må vera eit varsku til den norske Pensjonskommisjonen om å ikkje fondera den norske folketrygda.
? Det ville vera spesielt ille og spesielt uansvarleg akkurat no på grunn av utryggleiken i marknaden, seier han.KommisjonenPensjonskommisjonen vart sett ned av Ap-regjeringa og skal levera den fyrste innstillinga si i august. Utvalet si hovudinnstilling skal leverast i 2003.
Kommisjonen vart sett ned for å sjå på korleis landet skal handtera den gryande eldrebølgja. Han ska ha ein brei gjennomgang av det norske pensjonssystemet og avklåra hovudmål og prinsipp. Både Venstre og Framstegspartiet har signalisert at dei ynskjer fondering av Folketrygda, medan Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet til no ikkje har ynskt å uttala seg om problemstillinga.
Lysestøl håpar debatten no vil koma opp.
? Denne omleggjinga er det største som hender i norsk økonomi for tida, kommisjonen kan ikkje sjå vekk frå dei enorme svingingane dei siste åra, seier han.
? Det er veldig risikabelt og det gjer stoda utrygg for alle lønsmottakarar, seier Lysestøl. Røynsla frå KLPLysestøl meiner at det som hende i Kommunenes Landspensjonskasse (KLP) i fjor haust tydeleggjer problema knytt til fondering.
I september i fjor sende KLP ut ei ekstrarekning til medlemskommunane på 4,4 prosent av pensjonsgrunnlaget. Rekninga var på vel tre milliardar kroner. Desse pengane skulle dekkja inn tap KLP hadde hatt på aksjemarknaden.
Kommunane kunne ikkje la vera å betala rekninga. Difor måtte mange kutta i mellom anna skule og helse for å kunne betala den heilt uventa kjemperekninga.
? Fondering er gambiling, det er noko norske lønsmottakarar må frykta. Dei tener ikkje på eit slik system, seier Lysestøl. Liten tryggleik Lysestøl har ogso reint prinsipielle innvendingar mot fondering.
? Det er stor forskjell på at den årlege produksjonen skal sikra årets pensjonar, slik det er i dag, og at det er aksjekursar som skal avgjera, seier han.
I dag rår Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) og Det internasjonale pengefondet (IMF) til at dei norske pensjonane skal nedjusterast, fordi dei elles vil utgjera ein for stor del av statsbudsjettet i framtida.
? Kan ikkje fondering vera med på å tryggja at dette ikkje hender?
? Det ligg ingen tryggleik i fondering. Politikarane vil uansett fylgja politikken om å ha lite press på økonomien. Den lina har rådd i norsk økonomisk politikk dei siste åra.
Lysestøl meiner det er viktig at Pensjonskommisjonen klarar å ta vare på dei gode sidene ved det norske trygdesystemet.
? Noreg har eit av dei beste trygdesystema i OECD området, fordi systemet er universelt. Alle har rett på trygd, dette er eit prinsipp Noreg må halda fast på, sluttar han av.










