Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Lørdag 20. juli, 2002

Kommunen inviterer til bustadspekulasjon

Lørdag 20. juli, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Oslo kommune inviterer utanlandske investorar til å spekulera i bustadprosjekt i hovudstaden. Men dei folkevalde veit ikkje om det.

På heimesida til Oslo Teknopol, eit interkommunalt selskap som skal driva næringsutvikling i Oslo-regionen, ligg informasjon til dei som kan tenkjast å investera pengar i noko av det som går føre seg i Oslo-området.

Eit eige kapittel handlar om private bustader, og her blir det mellom anna forklart at manglande bustadbygging i seinare tid vil gjera at bustadmarknaden i lang tid framover vil vera gunstig for framtidige investeringar:«There has long been a high level of demand for new housing in Oslo. This is expected to persist for another 8-10 years due to the current lack of residential property construction. The housing market will therefore remain favourable for future investments.» Ikkje klarert? Vi kan ikkje opna for utanlandske investeringar i bustadmarknaden, seier Kjell Berge (Arbeidarpartiet), fram til 1. juli styreleiar i Næringslivssekretariatet for Oslo og Akershus (NOA), som er omdanna til Oslo Teknopol. For den tidlegare styreleiaren er invitasjonen frå Oslo Teknopol til investering i bustadmarkanden i Oslo-området heilt ukjend fram til Klassekampen ber om ein kommentar. ? Dette har ikkje på nokon måte vore diskutert eller klarert med styret, seier Berge til Klassekampen.Også tidlegare næringsbyråd og styremedlem i NOA, Kaare Sandegren (Ap), er ukjend med den informasjonen som er lagt ut frå Oslo Teknopol.? Vi har ingen ønske om utanlandske investeringar i bustadmarknaden. Eg reagerer sterkt på ei slik marknadsføring frå Oslo Teknopol si side, seier Sandegren til Klassekampen. Han legg til at poenget med å venda seg til utanlandske investorar er å få utanlandsk kapital til moderne produksjon, men at det ikkje er politisk dekning for å invitera til investering i bustadmarknaden.? Inga kommunal oppgåveForskar og sosialøkonom Jan Mønnesland reagerer også på at eit offentleg næringsselskap på denne måten skal venda seg til utanlandske investorar.? Det er første gong eg har sett det så klart at eit kommunalt selskap stimulerer til auka spekulasjonsomsetjing av leilegheiter, seier Mønnesland til Klassekampen. ? Slik eg oppfattar det som blir presentert, til dømes i omtalen av området Grønland/Gamlebyen, er det ei oppmoding til investorar om å komma utanfrå og dra nytte av å investera der prisane enno er låge, men på veg oppover, seier Mønnesland.I nettpublikasjonen «Go for Oslo» blir dei ulike interessante investeringsområda omtalte kvar for seg, mellom andre Bjørvika, Grønland/Gamlebyen, «Oslo City Centre» og Fornebu. Det blir gjort greie for omfanget av utbyggingsplanar når det gjeld både «business» og «housing», og kva for entreprenørselskap som er inne på dei ulike områda. Ukjend med sponsingOg nedst på nettsida finn vi logoane til ei rekkje av dei store entreprenør- og eigedomsselskapa.Berge reagerer også på at kommunal informasjon blir sponsa på denne måten.? Dette er også noko nytt. At slik informasjon blir finansiert av sponsorar, har ikkje blitt tatt opp med styret, og er så langt eg kjenner til, noko heilt nytt, seier Berge.Fram til 1. juli hadde NOA eit styre med representantar for forsking, næringsliv og folkevalde. Etter omorganisering vil styret i Oslo Teknopol berre ha representantar for forsking og næringsliv, medan dei folkevalde er forflytta til representantskapet, som møtest langt sjeldnare enn styret. Den tidlegare styreleiaren vil heretter vera nestleiar i representantskapet.Berge varslar at både spørsmålet om utanlandske investorar på bustadmarknaden og næringslivssponsing av kommunal informasjon vil bli tatt opp i det avsluttande styremøtet som er fastsett til 18. august.Informasjon om Oslo Teknopol finst på www.oslobusiness.no.
Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT