Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Fredag 12. juli, 2002

Vondt å vera snill

Fredag 12. juli, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
? Styrka sjølvkjensle er det viktigaste for å bli kvitt kroniske smerter, seier sjefpsykolog Kirsti Monsen.? Styrka sjølvkjensle er det viktigaste for å bli kvitt kroniske smerter, seier sjefpsykolog Kirsti Monsen.

Kroniske smerter som ikkje kan forklarast med organiske funn plagar mange menneske, men er eit problem helsevesenet i liten grad har hatt gode svar på.Kirsti Monsen, som er sjefpsykolog ved Furuset Distriktspsykiatriske Senter, har nyleg fullført doktorgraden sin med ei avhandling der ho viser korleis ei psykologisk tilnærming kan gi betring for smertepasientar som i årevis har prøvd både fysioterapi og medikamentbehandling utan resultat.Monsen sitt doktorgradsarbeid byggjer på eit prosjekt gjennomført ved ei større norsk verksemd der førti personar med kroniske smerter av ulike slag frivillig melde seg til å vera med på eit forsøk. Alle deltakarane var i full jobb, men var til tider alvorleg plaga av smerter av ymse slag ? stort sett hovudverk og/eller smerter i nakke, skuldrar eller korsrygg. Alle hadde blitt grundig undersøkt utan at det var funne noka fysiologisk forklaring på smertene. Deltakarane var i alderen 29 til 60 år, og var tilsette på ulike nivå i verksemda, mange i sekretær-/konsulentsjiktet.Halvparten av deltakarane fekk tilbod om psykoterapibehandling, og kontrollgruppa heldt fram som før.Halvparten smertefrieEtter ni månaders behandling var halvparten av dei tjue som fekk psykoterapibehandling, smertefrie, vel ein tredel hadde fått smertegraden kraftig redusert, medan det for femten prosent var varierande resultat. Desse resultata vart stadfesta ved oppfølgingsundersøkingar etter fjorten månader.? I ein kortversjon kan ein seia at styrka sjølvkjensle var det viktigaste for å bli kvitt smertene. I tillegg til at vi såg svært gode resultat når det galdt smerteplagene, såg vi at ein del som blei kvitt smertene, også avanserte jobbmessig eller tok vidareutdanning, fortel Monsen. Dei som hadde komme lengst i å bli kvitt smertene, var også dei som var blitt flinkare til å seia nei, var mindre «overomsorgsfulle» og i mindre grad veik unna emosjonelle konfliktar enn før.Ho meiner prosjektet viser kor viktig det er å ta tak i dei kjenslemessige opplevingane knytt til smertene. Den terapeutiske metoden som vart brukt, la vekt på å gjera deltakarane meir medvitne om eigne kjensler og kjenslereaksjonar.? Vi starta med å kartleggja systematisk korleis dei opplevde bestemte kjensler, slik som interesse, glede, angst, skam, skuld, sjalusi og fleire, og undersøkte vidare korleis dei uttrykte kjensler i forhold til andre menneske. Monsen understrekar at dette ikkje berre handlar om å kunna gi uttrykk for angst og sinne, men alle kjensler. ? Å ikkje vera nysgjerrig er også eit handikap, legg ho til.For lite «nei»Karakteristisk for mange av deltakarane var at dei hadde lett for å seia ja, sjølv om dei eigentleg meinte nei, til krav andre menneske stilte til dei, og at dette var situasjonar som utløyste smerte.? Ein klassisk situasjon er ho som seier at «mor kan komma på besøk som vanleg i påska, sjølv om eg er sliten», og som så kjenner at houdverken melder seg, seier Monsen. Ho forklarer korleis ein viktig del av terapien var å grundigare inn på kvifor svaret vart «ja» i staden for «nei», og korleis det å sjå det urimelege i dei krava som blir stilt, er avgjerande for å kunna endra handlingsmønstra. ? Det å få kontakt med opplevinga av desse kjenslene, styrker også sjølvkjensla. Men den tyngste prosessen er å finna ut kvifor det har blitt slik, kva slag relasjonar til foreldre, søsken eller andre personar som har bidratt til desse handlingsmønstra. Deltakarane i prosjektet lærte å sjå nøye på kva dei sjølve gjorde med si eiga oppleving av smerte, og å sjå på smerta som eit stoppsignal. I staden for å døyva smerta og gå vidare, vart det viktig å stilla spørsmålet «kva gjer eg no?» når smertene melde seg.Farvel til fysioterapien? Har du med dette vist at smertestillande medikament er bortkasta for slike pasientar?? Både fysioterapi og smertestillande medisin tener stort sett berre til å døyva symptoma for slike pasientar, og gjera smertene kroniske, seier psykologen. ? Kva er ditt råd til helsevesenet om behandling av slike smertepasientar?? Vi treng ei forståing av smerte som psykologisk dimensjon. All smerte må undersøkjast grundig somatisk, men i dei tilfella der dei somatiske undersøkingane ikkje gir noka forklaring, er det viktig at pasienten blir møtt på ei måte som ikkje er stigmatiserande. Dei «uforklarlege» smertene må ikkje oppfattast som simulering. I det vidare arbeidet har psykologane ei minst like viktig rolle som legane.Monsen understrekar at den typen behandling ho har prøvd ut, og som kan gi gode resultat, krev tid.? For å få ei varig betring, må pasienten gjennom ein tidkrevjande prosess. Mentale endringar tar tid. I prosjektet viste det seg at endring i smerteintensiteten først kom etter vel fem månader i gjennomsnitt, forklarer ho.Flest kvinnerDei fleste deltakarane i Monsen sitt prosjekt var kvinner, berre fem av dei førti som melde seg, var menn. ? Både for menn og for kvinner var det sentrale problemet sjølvhevding, men dei mennene som melde seg, våga kanskje å kjenna etter litt meir enn menn flest. Mykje av årsakene til dei «uforklarlege» smertene kan førast tilbake til forhold i familien. Tradisjonelt er det gjerne kvinner som først ber om hjelp når det gjeld konfliktar i familien, medan menn ofte reagerer på andre måtar, seier Monsen.

Kroniske smerter som ikkje kan forklarast med organiske funn plagar mange menneske, men er eit problem helsevesenet i liten grad har hatt gode svar på.

Kirsti Monsen, som er sjefpsykolog ved Furuset Distriktspsykiatriske Senter, har nyleg fullført doktorgraden sin med ei avhandling der ho viser korleis ei psykologisk tilnærming kan gi betring for smertepasientar som i årevis har prøvd både fysioterapi og medikamentbehandling utan resultat.

Monsen sitt doktorgradsarbeid byggjer på eit prosjekt gjennomført ved ei større norsk verksemd der førti personar med kroniske smerter av ulike slag frivillig melde seg til å vera med på eit forsøk.

Alle deltakarane var i full jobb, men var til tider alvorleg plaga av smerter av ymse slag ? stort sett hovudverk og/eller smerter i nakke, skuldrar eller korsrygg. Alle hadde blitt grundig undersøkt utan at det var funne noka fysiologisk forklaring på smertene. Deltakarane var i alderen 29 til 60 år, og var tilsette på ulike nivå i verksemda, mange i sekretær-/konsulentsjiktet.

Halvparten av deltakarane fekk tilbod om psykoterapibehandling, og kontrollgruppa heldt fram som før.

Halvparten smertefrieEtter ni månaders behandling var halvparten av dei tjue som fekk psykoterapibehandling, smertefrie, vel ein tredel hadde fått smertegraden kraftig redusert, medan det for femten prosent var varierande resultat. Desse resultata vart stadfesta ved oppfølgingsundersøkingar etter fjorten månader.

? I ein kortversjon kan ein seia at styrka sjølvkjensle var det viktigaste for å bli kvitt smertene. I tillegg til at vi såg svært gode resultat når det galdt smerteplagene, såg vi at ein del som blei kvitt smertene, også avanserte jobbmessig eller tok vidareutdanning, fortel Monsen.

Dei som hadde komme lengst i å bli kvitt smertene, var også dei som var blitt flinkare til å seia nei, var mindre «overomsorgsfulle» og i mindre grad veik unna emosjonelle konfliktar enn før.

Ho meiner prosjektet viser kor viktig det er å ta tak i dei kjenslemessige opplevingane knytt til smertene. Den terapeutiske metoden som vart brukt, la vekt på å gjera deltakarane meir medvitne om eigne kjensler og kjenslereaksjonar.

? Vi starta med å kartleggja systematisk korleis dei opplevde bestemte kjensler, slik som interesse, glede, angst, skam, skuld, sjalusi og fleire, og undersøkte vidare korleis dei uttrykte kjensler i forhold til andre menneske.

Monsen understrekar at dette ikkje berre handlar om å kunna gi uttrykk for angst og sinne, men alle kjensler.

? Å ikkje vera nysgjerrig er også eit handikap, legg ho til.

For lite «nei»Karakteristisk for mange av deltakarane var at dei hadde lett for å seia ja, sjølv om dei eigentleg meinte nei, til krav andre menneske stilte til dei, og at dette var situasjonar som utløyste smerte.

? Ein klassisk situasjon er ho som seier at «mor kan komma på besøk som vanleg i påska, sjølv om eg er sliten», og som så kjenner at houdverken melder seg, seier Monsen.

Ho forklarer korleis ein viktig del av terapien var å grundigare inn på kvifor svaret vart «ja» i staden for «nei», og korleis det å sjå det urimelege i dei krava som blir stilt, er avgjerande for å kunna endra handlingsmønstra.

? Det å få kontakt med opplevinga av desse kjenslene, styrker også sjølvkjensla. Men den tyngste prosessen er å finna ut kvifor det har blitt slik, kva slag relasjonar til foreldre, søsken eller andre personar som har bidratt til desse handlingsmønstra.

Deltakarane i prosjektet lærte å sjå nøye på kva dei sjølve gjorde med si eiga oppleving av smerte, og å sjå på smerta som eit stoppsignal. I staden for å døyva smerta og gå vidare, vart det viktig å stilla spørsmålet «kva gjer eg no?» når smertene melde seg.

Farvel til fysioterapien? Har du med dette vist at smertestillande medikament er bortkasta for slike pasientar?

? Både fysioterapi og smertestillande medisin tener stort sett berre til å døyva symptoma for slike pasientar, og gjera smertene kroniske, seier psykologen.

? Kva er ditt råd til helsevesenet om behandling av slike smertepasientar?

? Vi treng ei forståing av smerte som psykologisk dimensjon. All smerte må undersøkjast grundig somatisk, men i dei tilfella der dei somatiske undersøkingane ikkje gir noka forklaring, er det viktig at pasienten blir møtt på ei måte som ikkje er stigmatiserande. Dei «uforklarlege» smertene må ikkje oppfattast som simulering. I det vidare arbeidet har psykologane ei minst like viktig rolle som legane.

Monsen understrekar at den typen behandling ho har prøvd ut, og som kan gi gode resultat, krev tid.

? For å få ei varig betring, må pasienten gjennom ein tidkrevjande prosess. Mentale endringar tar tid. I prosjektet viste det seg at endring i smerteintensiteten først kom etter vel fem månader i gjennomsnitt, forklarer ho.

Flest kvinnerDei fleste deltakarane i Monsen sitt prosjekt var kvinner, berre fem av dei førti som melde seg, var menn.

? Både for menn og for kvinner var det sentrale problemet sjølvhevding, men dei mennene som melde seg, våga kanskje å kjenna etter litt meir enn menn flest. Mykje av årsakene til dei «uforklarlege» smertene kan førast tilbake til forhold i familien. Tradisjonelt er det gjerne kvinner som først ber om hjelp når det gjeld konfliktar i familien, medan menn ofte reagerer på andre måtar, seier Monsen.

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT