Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Onsdag 28. august, 2002

Demokrati-trøbbel

Onsdag 28. august, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
KOMMUNANE: ? Lokaldemokratiet er i trøbbel, fastslår maktforskar Øyvind Østerud. Internasjonale selskap, rettsvesenet og juristar kjem inn der folkeleg makt forsvinn ut.KOMMUNANE: ? Lokaldemokratiet er i trøbbel, fastslår maktforskar Øyvind Østerud. Internasjonale selskap, rettsvesenet og juristar kjem inn der folkeleg makt forsvinn ut.

Statsvitar Øyvind Østerud meiner det lokale folkestyret er alvorleg svekka dei siste tiåra. Leiaren for den statlege Makt- og demokratiutgreiinga teikna eit dystert bilete under sitt foredrag for Kommunalkonferansen til LO på Øyer i går. Østerud peikar på fleire symptom: n Låg valdeltaking. I siste kommuneval røysta 61 prosent, i 1963 deltok 81 prosent i lokalvalet. n Færre partimedlemmer. Talet er halvert på 20 år. n Færre stiller til val. Det er vanskeleg å fylla partilistene, to tredelar forsvinn ut etter kvar periode i kommunestyret og vil ikkje stilla på ny. n Frå borgar til brukar. Undersøkingar viser at langt færre ser seg sjølve som deltakarar, vi blir brukarar av tenester framfor borgarar i eit demokrati. Østerud understreka at Stortinget dei siste 20 åra har gjort fleire og fleire område av velferden rettsbasert. Vi har fått pasientrettlov, lov om sosiale tenester, barnevernlov og så bortetter. ? Rettsleggjeringa har vore fullstendig dominerande sidan slutten av 1980-talet, og den har store konsekvensar, meiner maktforskaren. Økonomisk kriseRettsleggjeringa av politiske prosessar fører til at interessekampar som før vart avgjorte i folkevalde organ blir no avgjort av rettsvesenet og juristar.? Før måtte du organisera deg kollektivt for å slåst for interessene dine. No kan det vera meir effektivt å leiga ein god advokat. Rettsleggjeringa kan fungera i retning sosial atomisering, seier Østerud til Klassekampen.Temaet for konferansen til LO Kommune er i år «Makt og medvirkning ? lokaldemokratiet mellom økonomi og politikk». I føredraget sitt understreka Østerud korleis den økonomiske politikken bidreg til avdemokratisering lokalt. ? Budsjettkrisa reduserer makta til dei folkevalde. Og kombinert med rettsleggjeringa fører den til ulikskap, hevdar han. Den tronge økonomien gjer at kommunen ikkje kan tilfredsstilla alle sine rettar. Det blir dei som har evne til å slå igjennom i media og rettsvesenet som vinn fram. Slik oppstår ny ulikskap, meiner Østerud. GlobaliseringØyvind Østerud set problema for lokaldemokratiet inn i ein internasjonal samanheng. Det er i aukande grad krefter over den sentrale statsmakta som styrer vilkåra for livet lokalt. Østerud listar opp døme på internasjonale tendensar som pregar norsk samfunnsliv:n Selskapisering. Offentlege verksemder blir omdanna og drivne som selskap. n Privatisering av offentlege tenester. EØS etablerer modellar for korleis kommunane skal arbeida, som fører i retning både selskapisering og privatisering. n Dereguleringa av kapitalflyten set lokal- og nasjonalsamfunn under eit sterkare trugsmål om at arbeidsplassar blir flytta dersom vilkåra ikkje blir lagt til rette for kapitalen. n WTO pressar ned toll og subsidie, med store konsekvensar for lokal næringspolitikk. Den såkalla globaliseringa yter eit kraftig bidrag til forvitringa av lokalt demokrati. Leiaren for Maktutgreiinga nøler ikkje med å peika ut kven som haustar gevinstar i denne prosessen. ? Globalisering er i stor grad ei maktforskyving til storselskapa på verdsmarknaden. Viktige politiske spørsmål blir plukka vekk frå sakskartet til folkevalde organ og det blir meir makt til store aktørar i marknadene, seier Øyvind Østerud. @vignett-tekst2:magnus.marsdal@klassekampen.no

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT