Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Tirsdag 13. august, 2002

Klar for pensjonskamp

Tirsdag 13. august, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
ØKONOMI: ? Finansfolka kan få seg ein nasestyvar. Eg trur folk vil ha tryggleiken fellesskapet kan gje heller enn risikoen i aksjemarknaden, seier ein kampklar Anders Folkestad (UHO). Om kort tid leverer Pensjonskommisjonen sin fyrste rapport til regjeringa. ØKONOMI: ? Finansfolka kan få seg ein nasestyvar. Eg trur folk vil ha tryggleiken fellesskapet kan gje heller enn risikoen i aksjemarknaden, seier ein kampklar Anders Folkestad (UHO). Om kort tid leverer Pensjonskommisjonen sin fyrste rapport til regjeringa.

13 menn og kvinner kan få avgjerande innverknad på dei framtidige inntektene dine. I dag har dei møte, det skal bli det siste møtet i Pensjonskommisjonen før den leverer sin fyrste rapport. Ap-leiar Jens Stoltenberg meiner pensjonsreformen er den viktigaste saka i denne stortingsperioden, og no har regjeringa bede om ein statusrapport frå kommisjonen til Sigbjørn Johnsen. Den skal gå inn i arbeidet med statsbudsjettet for neste år. Anders Folkestad er redd for kva høgresida kan få gjort med Folketrygda. Som leiar for 215.000 fagorganiserte i forbunda til Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon (UHO) åtvarar han mot privatisering av ansvaret for alderdomen.? Det verste scenariet er ei fullstendig omlegging der Folketrygda hamnar på anbod, der det blir opp til individuelle investeringar kva som blir din eigen pensjon, seier Folkestad til Klassekampen. Det «verst tenkjelege» scenariet er i stor grad programfesta av regjeringspartiet Høgre:« ? tilleggspensjonene som opptjenes fremover skal bli privat eiendom, ved at deler av trygde- og arbeidsgiveravgiften gjøres om til obligatoriske pensjonsinnskudd som settes inn i private pensjonsfond. Den enkelte skal selv kunne bestemme hvem som skal forvalte pengene og hvordan de skal investeres». I klårtekst: Du får eit grunnbeløp frå Folketrygda (i dag er grunnbeløpet 54.170 kroner i året). Den øvrige pensjonen skal du setja i aksjefond. Storleiken på din årlege pensjon i alderdommen blir ikkje lenger eit spørsmål om individuell rett. Den blir avhengig av korleis det har gått med deg på børsen. Slik kan identiske yrkesløp gje svært ulike pensjonar. ? I eit slikt system må du sjølv ut og plassera verdiar i ein marknad. I staden for å gje auka tryggleik blir dette for mange meir innfløkt og meir usikkert, meiner Folkestad. Han viser til røynsler frå Sverige, der 2,5 prosent av pensjonspremien blir plassert privat og individuelt. Det er store skilnader mellom ulike grupper. Rike og fattige, kvinner og menn, unge og gamle kan ha heilt ulike føresetnader for å handtera risiko i aksjemarknaden. BørsfalletEtter dei kraftige børsfalla dei siste månadane har tilhengjarane av privat plassering i aksjefond vorte mindre offensive. Høgre vil visst ikkje lenger at all tilleggspensjon skal ut på børsen. «Det må være rammer og regler for hva man kan plassere i og hvor mye av den totale tilleggspensjonen man kan plassere», sa finanspolitisk talsmann Jan Tore Sanner til Dagens Næringsliv i juli. Men partiprogrammet står fast, og i Sem-erklæringa skriv regjeringspartia at «Fondering kan skje gjennom Petroleumsfondet, eller ved at det spares i private pensjonsfond».? Vi kan få eit system der økonomien i alderdomen er avhengig av om ein har hell i spel, seier ein uroleg Anders Folkestad. Han trur det går mot fondering i ein eller annan variant, og har ikkje noko prinsipielt i mot dette.? Striden står om kven som skal bera risikoen ved sparing i fond?? Ja. Solidaritetsperspektivet er ikkje ivareteke på nokon måte i den individualiserte løysinga, seier Folkestad. Han meiner det avgjerande vegvalet står om individet skal ha klare pensjonsrettar eller individuell risiko. ? Vårt alternativ er å føra vidare ideen om eit solidarisk pensjonsfond. ? Og der kan Oljefondet inngå, meiner du?? Ja, absolutt, det er vettug bruk av arvesølvet. Ideologisk offensivDersom Høgre vinn fram, vil alle yrkesaktive få noko av den økonomiske framtida si knytt til utviklinga i aksjekursane. Individuelle investeringar vil avgjera resultatet. ? Det er opplagt ei ideologisk side ved dette, meiner Folkestad. ? Ei slik løysing passar kanskje godt med tidsånda, «meir makt til individet» og så vidare. Men eg meiner vi må sjå dette i eit fellesskapsperspektiv. Folketrygda må ikkje bli eit nytt spekulasjonsområde. ? Kven kan tena på at Folketrygda blir dét?? Det er nok ikkje tilfeldig at finansnæringa og arbeidsgjevarorganisasjonane har kome med utspel i den retninga, svarer Folkestad. Han viser til eit brev NHO, Finansnæringens Hovedorganisasjon og fire likesinna organisasjonar sendte til Pensjonskommisjonen i april. ? Private løysingar vil gje finansnæringa ein større marknad og fleire pengar å spela med. Men eg meiner dette er fellesverdiar, understrekar UHO-leiaren, som meiner privat forvalting av fonda vil gje langt større kostnader til byråkrati enn eit statleg fond som samlar alle verdiane. OptimistPensjonskommisjonen skal levera ferdig innstilling 1. oktober 2003. Deretter ligg saka hos regjeringa og Stortinget. Ei omlegging kan bli vedteke i løpet av stortingsperioden, utan å bli tema i nokon valkamp. Uavhengig av tempoet i prosessen, vil Anders Folkestad at fagrørsla skal leggja kreftene inn for å hindra den privatiserande modellen for Folketrygda. Han vil samarbeida med LO, som dei siste åra har prioritert opp kampen om pensjonssystemet merkbart. ? Vi har ikkje formalisert kontakt om dette enno. Men vi må foreina standpunkta så langt vi kan. Fagrørsla må inn og påverka det vegval som kjem til å bli gjort, seier Folkestad, som er ganske optimistisk når det gjeld utfallet av striden. ? Eg trur dette er eit ganske rotfesta spørsmål i Noreg. Finansfolka kan få seg ein nasestyvar, eg trur at folk når det gjeld pensjon vil ha tryggleiken fellesskapet kan gje heller enn risikoen i aksjemarknaden. magnus.marsdal@klassekampen.no

13 menn og kvinner kan få avgjerande innverknad på dei framtidige inntektene dine. I dag har dei møte, det skal bli det siste møtet i Pensjonskommisjonen før den leverer sin fyrste rapport. Ap-leiar Jens Stoltenberg meiner pensjonsreformen er den viktigaste saka i denne stortingsperioden, og no har regjeringa bede om ein statusrapport frå kommisjonen til Sigbjørn Johnsen. Den skal gå inn i arbeidet med statsbudsjettet for neste år. Anders Folkestad er redd for kva høgresida kan få gjort med Folketrygda. Som leiar for 215.000 fagorganiserte i forbunda til Utdanningsgruppenes Hovedorganisasjon (UHO) åtvarar han mot privatisering av ansvaret for alderdomen.? Det verste scenariet er ei fullstendig omlegging der Folketrygda hamnar på anbod, der det blir opp til individuelle investeringar kva som blir din eigen pensjon, seier Folkestad til Klassekampen. Det «verst tenkjelege» scenariet er i stor grad programfesta av regjeringspartiet Høgre: « ? tilleggspensjonene som opptjenes fremover skal bli privat eiendom, ved at deler av trygde- og arbeidsgiveravgiften gjøres om til obligatoriske pensjonsinnskudd som settes inn i private pensjonsfond. Den enkelte skal selv kunne bestemme hvem som skal forvalte pengene og hvordan de skal investeres». I klårtekst: Du får eit grunnbeløp frå Folketrygda (i dag er grunnbeløpet 54.170 kroner i året). Den øvrige pensjonen skal du setja i aksjefond. Storleiken på din årlege pensjon i alderdommen blir ikkje lenger eit spørsmål om individuell rett. Den blir avhengig av korleis det har gått med deg på børsen. Slik kan identiske yrkesløp gje svært ulike pensjonar. ? I eit slikt system må du sjølv ut og plassera verdiar i ein marknad. I staden for å gje auka tryggleik blir dette for mange meir innfløkt og meir usikkert, meiner Folkestad. Han viser til røynsler frå Sverige, der 2,5 prosent av pensjonspremien blir plassert privat og individuelt. Det er store skilnader mellom ulike grupper. Rike og fattige, kvinner og menn, unge og gamle kan ha heilt ulike føresetnader for å handtera risiko i aksjemarknaden. BørsfalletEtter dei kraftige børsfalla dei siste månadane har tilhengjarane av privat plassering i aksjefond vorte mindre offensive. Høgre vil visst ikkje lenger at all tilleggspensjon skal ut på børsen. «Det må være rammer og regler for hva man kan plassere i og hvor mye av den totale tilleggspensjonen man kan plassere», sa finanspolitisk talsmann Jan Tore Sanner til Dagens Næringsliv i juli. Men partiprogrammet står fast, og i Sem-erklæringa skriv regjeringspartia at «Fondering kan skje gjennom Petroleumsfondet, eller ved at det spares i private pensjonsfond».? Vi kan få eit system der økonomien i alderdomen er avhengig av om ein har hell i spel, seier ein uroleg Anders Folkestad. Han trur det går mot fondering i ein eller annan variant, og har ikkje noko prinsipielt i mot dette. ? Striden står om kven som skal bera risikoen ved sparing i fond?? Ja. Solidaritetsperspektivet er ikkje ivareteke på nokon måte i den individualiserte løysinga, seier Folkestad. Han meiner det avgjerande vegvalet står om individet skal ha klare pensjonsrettar eller individuell risiko. ? Vårt alternativ er å føra vidare ideen om eit solidarisk pensjonsfond. ? Og der kan Oljefondet inngå, meiner du?? Ja, absolutt, det er vettug bruk av arvesølvet. Ideologisk offensivDersom Høgre vinn fram, vil alle yrkesaktive få noko av den økonomiske framtida si knytt til utviklinga i aksjekursane. Individuelle investeringar vil avgjera resultatet. ? Det er opplagt ei ideologisk side ved dette, meiner Folkestad. ? Ei slik løysing passar kanskje godt med tidsånda, «meir makt til individet» og så vidare. Men eg meiner vi må sjå dette i eit fellesskapsperspektiv. Folketrygda må ikkje bli eit nytt spekulasjonsområde. ? Kven kan tena på at Folketrygda blir dét?? Det er nok ikkje tilfeldig at finansnæringa og arbeidsgjevarorganisasjonane har kome med utspel i den retninga, svarer Folkestad. Han viser til eit brev NHO, Finansnæringens Hovedorganisasjon og fire likesinna organisasjonar sendte til Pensjonskommisjonen i april. ? Private løysingar vil gje finansnæringa ein større marknad og fleire pengar å spela med. Men eg meiner dette er fellesverdiar, understrekar UHO-leiaren, som meiner privat forvalting av fonda vil gje langt større kostnader til byråkrati enn eit statleg fond som samlar alle verdiane. OptimistPensjonskommisjonen skal levera ferdig innstilling 1. oktober 2003. Deretter ligg saka hos regjeringa og Stortinget. Ei omlegging kan bli vedteke i løpet av stortingsperioden, utan å bli tema i nokon valkamp. Uavhengig av tempoet i prosessen, vil Anders Folkestad at fagrørsla skal leggja kreftene inn for å hindra den privatiserande modellen for Folketrygda. Han vil samarbeida med LO, som dei siste åra har prioritert opp kampen om pensjonssystemet merkbart. ? Vi har ikkje formalisert kontakt om dette enno. Men vi må foreina standpunkta så langt vi kan. Fagrørsla må inn og påverka det vegval som kjem til å bli gjort, seier Folkestad, som er ganske optimistisk når det gjeld utfallet av striden. ? Eg trur dette er eit ganske rotfesta spørsmål i Noreg. Finansfolka kan få seg ein nasestyvar, eg trur at folk når det gjeld pensjon vil ha tryggleiken fellesskapet kan gje heller enn risikoen i aksjemarknaden. magnus.marsdal@klassekampen.no

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT