– Sats på nettet!
Tirsdag 6. august, 2002
? Før i tida var det lokale arbeidarkollektivet grunnsteinen i fagrørsla. No er ikkje dette nok lenger, seier Espen Løken. Etter nær 20 år som tillitsvald i Nopef er Løken i dag forskar hos Fafo. Han lanserer denne månaden ei bok om teknologi og fagrørsla, men denne gongen er det ikkje frykt for automatisering og jobbkutt det skal handla om. «Så samles vi på nettet ? om fagbevegelsen og Internett» er ei bok om kva som er i ferd med å koma i tillegg til det gamle arbeidarkollektivet. ? Mitt syn er kort sagt at internetteknologien er som skapt for fagrørsla. Her har vi verktøyet vi treng for å løysa mange av utfordringane som tårnar seg opp, seier Løken, som peikar på to av dei:n Internasjonaliseringa av økonomien gjer at fagrørsla treng meir kommunikasjon over landegrensene. n Nettverksøkonomien, med utskilling, eigarbyte og mange små einingar under store konsern krev nye strukturar i fagrørsla. ? Dei siste åra finst det mange døme på korleis internett har vore gull verdt for fagorganiserte i kamp, seier Løken. Han viser til streikar i Sør-Korea og australske hamnearbeidarar som vann fram gjennom massiv internasjonal støtte og trugsmål om blokadar i andre land. 65 prosentI 1995 gjekk Løken i gang med det som skulle bli den fyrste nettstaden for ei LO-fagforeining, i den lokale Nopef-organisasjonen. Dei seinare åra har han sett nettbruken eksplodera ikring seg. LO-kongressen i fjor fekk presentert statistikk som viste at 65 prosent av medlemmane har tilgang til nettet. ? Manglande utbreiing er brukt som argument mot satsing på internett i fagrørsla, men det held ikkje, seier Løken bastant. Han er på line med LO-kongressen, som vedtok å få i gang ein intern debatt om strategiar for bruk av ny kommunikasjonsteknologi i fagrørsla. Denne debatten og boka til Løken er utgangspunktet for konferansen «Så s@mles vi på nettet», 20. august. Dit kjem også Eric Lee, redaktør for Labourstart.org og LOs nestleiar Finn Erik Thoresen for å halda innlegg. Det blir arbeidsverkstader om internett og lokalt arbeid, konsernfaglege nettverk, intranett og internasjonal arbeidarsolidaritet. Målgruppa er både lokale og sentrale tillitsvalde.DemokratiseringEspen Løken meiner det er på høg tid at fagrørsla utviklar strategiar for å ta i bruk nettet. Interne maktforhold kan ha sin del av skulda for at det ikkje har skjedd før, trur han. ? Dei som har hatt makt på toppen voks jo ikkje opp med denne teknologien, og bruker han kanskje ikkje sjølv. Og så kommuniserer jo internett på tvers, stikk i strid med tradisjonell forbundsstruktur og hierarki, seier Løken. Han peikar på tre område der nettet kan ha positive verknader:n Det kan styrkja og effektivisera det daglege arbeidet i fagrørsla.n Det legg til rette for eit langt meir effektivt internasjonalt samarbeid.n Det legg til rette for demokratisering av fagorganisasjonane. ? Med internett blir alt meir gjennomsiktig. Det blir vanskeleg å halda tilbake informasjon. Ein aktivist kan leggja ut alle dokument han meiner er viktig, og treng ikkje adresselister og frimerke for å få informasjonen ut til folk. Det blir mogleg å diskutera det som skjer når det skjer, over heile landet eller heile verda. ? Dette var så godt som umogleg før, understrekar Løken. Konferansen 20. august finn stad hos Fafo i Oslo. 100 er påmeldt så langt, fristen er 10. august.magnus.marsdal@klassekampen.no
? Før i tida var det lokale arbeidarkollektivet grunnsteinen i fagrørsla. No er ikkje dette nok lenger, seier Espen Løken. Etter nær 20 år som tillitsvald i Nopef er Løken i dag forskar hos Fafo. Han lanserer denne månaden ei bok om teknologi og fagrørsla, men denne gongen er det ikkje frykt for automatisering og jobbkutt det skal handla om. «Så samles vi på nettet ? om fagbevegelsen og Internett» er ei bok om kva som er i ferd med å koma i tillegg til det gamle arbeidarkollektivet. ? Mitt syn er kort sagt at internetteknologien er som skapt for fagrørsla. Her har vi verktøyet vi treng for å løysa mange av utfordringane som tårnar seg opp, seier Løken, som peikar på to av dei:n Internasjonaliseringa av økonomien gjer at fagrørsla treng meir kommunikasjon over landegrensene. n Nettverksøkonomien, med utskilling, eigarbyte og mange små einingar under store konsern krev nye strukturar i fagrørsla. ? Dei siste åra finst det mange døme på korleis internett har vore gull verdt for fagorganiserte i kamp, seier Løken. Han viser til streikar i Sør-Korea og australske hamnearbeidarar som vann fram gjennom massiv internasjonal støtte og trugsmål om blokadar i andre land. 65 prosentI 1995 gjekk Løken i gang med det som skulle bli den fyrste nettstaden for ei LO-fagforeining, i den lokale Nopef-organisasjonen. Dei seinare åra har han sett nettbruken eksplodera ikring seg. LO-kongressen i fjor fekk presentert statistikk som viste at 65 prosent av medlemmane har tilgang til nettet. ? Manglande utbreiing er brukt som argument mot satsing på internett i fagrørsla, men det held ikkje, seier Løken bastant. Han er på line med LO-kongressen, som vedtok å få i gang ein intern debatt om strategiar for bruk av ny kommunikasjonsteknologi i fagrørsla. Denne debatten og boka til Løken er utgangspunktet for konferansen «Så s@mles vi på nettet», 20. august. Dit kjem også Eric Lee, redaktør for Labourstart.org og LOs nestleiar Finn Erik Thoresen for å halda innlegg. Det blir arbeidsverkstader om internett og lokalt arbeid, konsernfaglege nettverk, intranett og internasjonal arbeidarsolidaritet. Målgruppa er både lokale og sentrale tillitsvalde. DemokratiseringEspen Løken meiner det er på høg tid at fagrørsla utviklar strategiar for å ta i bruk nettet. Interne maktforhold kan ha sin del av skulda for at det ikkje har skjedd før, trur han. ? Dei som har hatt makt på toppen voks jo ikkje opp med denne teknologien, og bruker han kanskje ikkje sjølv. Og så kommuniserer jo internett på tvers, stikk i strid med tradisjonell forbundsstruktur og hierarki, seier Løken. Han peikar på tre område der nettet kan ha positive verknader:n Det kan styrkja og effektivisera det daglege arbeidet i fagrørsla.n Det legg til rette for eit langt meir effektivt internasjonalt samarbeid.n Det legg til rette for demokratisering av fagorganisasjonane. ? Med internett blir alt meir gjennomsiktig. Det blir vanskeleg å halda tilbake informasjon. Ein aktivist kan leggja ut alle dokument han meiner er viktig, og treng ikkje adresselister og frimerke for å få informasjonen ut til folk. Det blir mogleg å diskutera det som skjer når det skjer, over heile landet eller heile verda. ? Dette var så godt som umogleg før, understrekar Løken. Konferansen 20. august finn stad hos Fafo i Oslo. 100 er påmeldt så langt, fristen er 10. august.magnus.marsdal@klassekampen.no










