Restriktiv line hjelper
Torsdag 1. august, 2002
Talet på aktive injiserande stoffbrukarar er dobla mellom 1990 og 1999. Oslo har fleire overdosedødsfall enn nokon annan europeisk storby i høve til folketalet. Norsk narkotikapolitikk, og spesielt målet om ein narkotikafritt samfunn, den sokalla «nullvisjonen», møter krass kritikk. Knut T. Reinås i Rusmiddeletaten i Oslo har vore prosjektleiar for ein rapport som samanliknar overdosedødsfall i europeiske storbyar. Reinås er også leiar i Forbundet mot rusgift. Han åtvarar mot å tru at ei meir liberal linje i narkotikapolitikken vil gjera problema mindre.Reinås syner til at den norske narkotikapolitikken var langt strengare for tjue år sidan, og då var det langt færre brukarar. Sidan 1990 har den norske narkotikapolitikken vorte meir liberal, meiner han? Straffeutmålinga for narkotikabrotsverk er lågare. Lovene er dei same som for ti år sidan, men det er etablert ein annan rettspraksis, seier han. Reinås syner også til at den norske narkotikapolitikken har fått element av skadereduksjonsline. ? Dette tydar at ein innser at folk brukar det. Ein har sett i gang oppsøkjande arbeid, med til dømes helseteneste, og etablert fleire lågterskeltilbod. Ein reknar med at Noreg har mellom tre og fire gongar so mange herioinmisbrukarar i Sverige, målt i abolutte tal. ? Svenskane har hatt ein meir restriktiv narkotikapolitikk enn oss. Dei ligg også på botn i statistikkar over narkotikabruk mellom ungdom, seier Reinås. Reinås meiner overdosedødsfall er noko som går i bølgjedalar.? Toppane kjem på ulike tidspunkt. Då Frankfurt hadde sin topp, låg Oslo på omlag 30. Ein må sjå på narkotika som ein epidemi, der utbrota kjem på ulike tidspunkt, seier han.Reinås påpeikar at overdosetala i Oslo ser ut til å vera på tur ned no. I 1998 døydde 134 av overdose, i fjor var talet på 125 og hittil i år har 32 døydd av overdose. Overdosetoppar vert gjerne fylgje av periodar med aktiv politikk for å førebyggja, noko som igjen senker tala, meiner Reinås.? Eit viktig poeng er at auka tilgjenge fører til fleire dødsfall. Undersøkingar gjorte av sprøytebussen i 2000 synte at det er misbrukarar som tek mellom 7-10 injeksjonar kvar dag. Det er langt meir enn kva ein treng for å halda abstinensane unna. Konklusjonen er at narkomane brukar det dei får tak i. Fleire injeksjonar aukar overdosefaren, seier Reinås.I Frankfurt er talet på overdosar gått ned, nyrekrutteringa til miljøet har stoppa opp og fleire tunge narkomane har kome i arbeid. ? Suksessoppskrifta frå Frankfurt ser ut til å innebera fleire skadereduserande tiltak? ? Frankfurt har ei heilskapleg og langsiktig satsing med tre viktige hovudpunkt ? samordning av offentlege etatar sine oppgåver, stenging av det opne miljøet og meir metadon, seier Reinås. I Frankfurt samarbeidde politiet og helsevesenet om ei tettare oppfylgjing av dei narkomane, arbeidskontoret var og med for å hjelpa folk inn på arbeidsmarknaden. Frankfurt hadde eit miljø som var mykje likt Plata i Oslo, men det vart stengt, og politiet slo hardt ned på synleg narkosal og misbruk i sentrum. ? Dette er årsaken til den minka rekrutteringa, meiner Reinås. ? Metadon er ein siste viktig faktor. Metadonen demper suget etter narkotika og reduserer marknaden og sprøytebruken, seier Knut T. Reinås.astrid.dypvik@klassekampen.no
Talet på aktive injiserande stoffbrukarar er dobla mellom 1990 og 1999. Oslo har fleire overdosedødsfall enn nokon annan europeisk storby i høve til folketalet. Norsk narkotikapolitikk, og spesielt målet om ein narkotikafritt samfunn, den sokalla «nullvisjonen», møter krass kritikk. Knut T. Reinås i Rusmiddeletaten i Oslo har vore prosjektleiar for ein rapport som samanliknar overdosedødsfall i europeiske storbyar. Reinås er også leiar i Forbundet mot rusgift. Han åtvarar mot å tru at ei meir liberal linje i narkotikapolitikken vil gjera problema mindre.Reinås syner til at den norske narkotikapolitikken var langt strengare for tjue år sidan, og då var det langt færre brukarar. Sidan 1990 har den norske narkotikapolitikken vorte meir liberal, meiner han ? Straffeutmålinga for narkotikabrotsverk er lågare. Lovene er dei same som for ti år sidan, men det er etablert ein annan rettspraksis, seier han. Reinås syner også til at den norske narkotikapolitikken har fått element av skadereduksjonsline. ? Dette tydar at ein innser at folk brukar det. Ein har sett i gang oppsøkjande arbeid, med til dømes helseteneste, og etablert fleire lågterskeltilbod. Ein reknar med at Noreg har mellom tre og fire gongar so mange herioinmisbrukarar i Sverige, målt i abolutte tal. ? Svenskane har hatt ein meir restriktiv narkotikapolitikk enn oss. Dei ligg også på botn i statistikkar over narkotikabruk mellom ungdom, seier Reinås. Reinås meiner overdosedødsfall er noko som går i bølgjedalar.? Toppane kjem på ulike tidspunkt. Då Frankfurt hadde sin topp, låg Oslo på omlag 30. Ein må sjå på narkotika som ein epidemi, der utbrota kjem på ulike tidspunkt, seier han.Reinås påpeikar at overdosetala i Oslo ser ut til å vera på tur ned no. I 1998 døydde 134 av overdose, i fjor var talet på 125 og hittil i år har 32 døydd av overdose. Overdosetoppar vert gjerne fylgje av periodar med aktiv politikk for å førebyggja, noko som igjen senker tala, meiner Reinås. ? Eit viktig poeng er at auka tilgjenge fører til fleire dødsfall. Undersøkingar gjorte av sprøytebussen i 2000 synte at det er misbrukarar som tek mellom 7-10 injeksjonar kvar dag. Det er langt meir enn kva ein treng for å halda abstinensane unna. Konklusjonen er at narkomane brukar det dei får tak i. Fleire injeksjonar aukar overdosefaren, seier Reinås.I Frankfurt er talet på overdosar gått ned, nyrekrutteringa til miljøet har stoppa opp og fleire tunge narkomane har kome i arbeid. ? Suksessoppskrifta frå Frankfurt ser ut til å innebera fleire skadereduserande tiltak? ? Frankfurt har ei heilskapleg og langsiktig satsing med tre viktige hovudpunkt ? samordning av offentlege etatar sine oppgåver, stenging av det opne miljøet og meir metadon, seier Reinås. I Frankfurt samarbeidde politiet og helsevesenet om ei tettare oppfylgjing av dei narkomane, arbeidskontoret var og med for å hjelpa folk inn på arbeidsmarknaden. Frankfurt hadde eit miljø som var mykje likt Plata i Oslo, men det vart stengt, og politiet slo hardt ned på synleg narkosal og misbruk i sentrum. ? Dette er årsaken til den minka rekrutteringa, meiner Reinås. ? Metadon er ein siste viktig faktor. Metadonen demper suget etter narkotika og reduserer marknaden og sprøytebruken, seier Knut T. Reinås.astrid.dypvik@klassekampen.no










