Pressar fram velferdskutt
Tirsdag 17. september, 2002
72 prosent av kommunane kjem til å kutta i tenestetilbodet i 2003. Dette er inntrykket Kommunenes Sentralforbund (KS) skaper gjennom ei spørjegransking der 181 kommunar har fortalt korleis dei vurderer situasjonen. 88 prosent av kommunane reknar med eit forverra økonomisk resultat i år, samanlikna med 2001.
? Dette er dramatisk. Og både Stortinget og statsrådane veit kva som er situasjonen, sa KS-direktør Gunnar Gussgard då han presenterte undersøkinga i går. Situasjonen ser langt verre ut no enn ved starten av året. I januar svarte 56 prosent av kommunane at dei rekna med kutt i tenestene i 2002, 33 prosent ville kutte i eldreomsorga. Det er i hovudsak eldre, barnehage og skule kommunane kan spara pengar på.
Den dramatiske situasjonen i kommuneøkonomien skuldast både ei langvarig underfinansiering frå Stortinget og dei akutte utgiftssjokka etter at pensjonskassene har tapt milliardar på børsen. KS reknar med over 6 milliardar kroner i auka pensjonspremie for 2002. Stortinget har løyva trekvart milliard til å dekkja dette. Kommunalminister Erna Solberg (H) har møtt alle ramaskrik om situasjonen med at det alltid finst meir å kutta i. 72 prosent av kommunane ser ut til å gje ho rett.
Skaper mistillit
KS presenterte i går tal som viser kva som skal til for å halda tenestetilbodet på dagens nivå, med vedtekne standardar, også neste år.Lønnsvekst, pensjonsvekst, eldre innbyggjarar og andre faktorar fører til ein utgiftsvekst på 7,3 milliardar kroner i 2003.
Kommuneproposisjonen regjeringa la fram i vår legg opp til vekst, men langt mindre enn dei 7,3 milliardane som KS meiner må til for å føra vidare aktiviteten frå i år. Heile 5,6 milliardar er udekka for neste år. Derfor må kommunane skjera ned. I Drammen blir elevar sendt heim frå skulen fordi det ikkje finst pengar til vikar når læraren er vekk. Hareid kommune har kutta ut gatelys om natta, for å spara til ei stilling i pleie og omsorg.
? Situasjonen skaper eit stort sprik mellom det som blir lova i valkampar og kva folk faktisk opplever. Denne utviklinga gjev mistillit til heile det politiske systemet, hevdar KS-direktør Gussgard.
Regjeringa meiner varsla om kutt i tenestene bør føra til konkurranseutsetting.
? Den stramme økonomien for kommunesektoren bør føra til at kommunepolitikarane stiller seg nokre viktige spørsmål om korleis tenesteproduksjonen skal skje i framtida, seier statssekretær Morten Meyer (H) i Kommunal- og regionaldepartementet.
? Det er ingen tvil om at ein del politikarar treng å leggja ideologiske føringar til side og sleppa til konkurranse om produksjon av offentlege tenester, legg han til.
? Så den trange økonomien bør pressa fram privatisering av drifta?
? Det må vera problematisk for lokalpolitikarar på venstresida å redusera tenestetilbodet, dersom det er mogleg å spara inn ved konkurranseutsetting, svarer Erna Solbergs statssekretær.
Barnehagealliansen
I morgon samlar KS 318 ordførarar i Oslo til konferanse om den prekære situasjonen i kommuneøkonomien. Tanken er å setja fokus på velferden i forkant av statsbudsjettet, som kjem 4. oktober. Gunnar Gussgard trur det vil bli ei viss påplussing på nivået regjeringa har lagt opp til i kommuneproposisjonen.? Det vil overraska meg om det finst eit fleirtal på Stortinget som framfor eit lokalval faktisk vil utstyra sine lokale partifeller med eit oppdrag som faktisk er å gjennomføra kutt, seier han.
? Er det Frp du siktar til?
? Ja.
? Så det er barnehagealliansen av Frp, SV, Sp og Ap som skal sikra meir pengar?
? Eh, det vil eg jo ikkje spekulera for mykje i. Men eg konstaterer at vi har ei mindretalsregjering.
KS-direktør Gunnar GussgardStatssekretær Morten Meyer (H)
72 prosent av kommunane kjem til å kutta i tenestetilbodet i 2003. Dette er inntrykket Kommunenes Sentralforbund (KS) skaper gjennom ei spørjegransking der 181 kommunar har fortalt korleis dei vurderer situasjonen. 88 prosent av kommunane reknar med eit forverra økonomisk resultat i år, samanlikna med 2001.
? Dette er dramatisk. Og både Stortinget og statsrådane veit kva som er situasjonen, sa KS-direktør Gunnar Gussgard då han presenterte undersøkinga i går. Situasjonen ser langt verre ut no enn ved starten av året. I januar svarte 56 prosent av kommunane at dei rekna med kutt i tenestene i 2002, 33 prosent ville kutte i eldreomsorga. Det er i hovudsak eldre, barnehage og skule kommunane kan spara pengar på.
Den dramatiske situasjonen i kommuneøkonomien skuldast både ei langvarig underfinansiering frå Stortinget og dei akutte utgiftssjokka etter at pensjonskassene har tapt milliardar på børsen. KS reknar med over 6 milliardar kroner i auka pensjonspremie for 2002. Stortinget har løyva trekvart milliard til å dekkja dette. Kommunalminister Erna Solberg (H) har møtt alle ramaskrik om situasjonen med at det alltid finst meir å kutta i. 72 prosent av kommunane ser ut til å gje ho rett.
Skaper mistillit
KS presenterte i går tal som viser kva som skal til for å halda tenestetilbodet på dagens nivå, med vedtekne standardar, også neste år.
Lønnsvekst, pensjonsvekst, eldre innbyggjarar og andre faktorar fører til ein utgiftsvekst på 7,3 milliardar kroner i 2003.
Kommuneproposisjonen regjeringa la fram i vår legg opp til vekst, men langt mindre enn dei 7,3 milliardane som KS meiner må til for å føra vidare aktiviteten frå i år. Heile 5,6 milliardar er udekka for neste år. Derfor må kommunane skjera ned. I Drammen blir elevar sendt heim frå skulen fordi det ikkje finst pengar til vikar når læraren er vekk. Hareid kommune har kutta ut gatelys om natta, for å spara til ei stilling i pleie og omsorg.
? Situasjonen skaper eit stort sprik mellom det som blir lova i valkampar og kva folk faktisk opplever. Denne utviklinga gjev mistillit til heile det politiske systemet, hevdar KS-direktør Gussgard.
Regjeringa meiner varsla om kutt i tenestene bør føra til konkurranseutsetting.
? Den stramme økonomien for kommunesektoren bør føra til at kommunepolitikarane stiller seg nokre viktige spørsmål om korleis tenesteproduksjonen skal skje i framtida, seier statssekretær Morten Meyer (H) i Kommunal- og regionaldepartementet.
? Det er ingen tvil om at ein del politikarar treng å leggja ideologiske føringar til side og sleppa til konkurranse om produksjon av offentlege tenester, legg han til.
? Så den trange økonomien bør pressa fram privatisering av drifta?
? Det må vera problematisk for lokalpolitikarar på venstresida å redusera tenestetilbodet, dersom det er mogleg å spara inn ved konkurranseutsetting, svarer Erna Solbergs statssekretær.
Barnehagealliansen
I morgon samlar KS 318 ordførarar i Oslo til konferanse om den prekære situasjonen i kommuneøkonomien. Tanken er å setja fokus på velferden i forkant av statsbudsjettet, som kjem 4. oktober. Gunnar Gussgard trur det vil bli ei viss påplussing på nivået regjeringa har lagt opp til i kommuneproposisjonen.
? Det vil overraska meg om det finst eit fleirtal på Stortinget som framfor eit lokalval faktisk vil utstyra sine lokale partifeller med eit oppdrag som faktisk er å gjennomføra kutt, seier han.
? Er det Frp du siktar til?
? Ja.
? Så det er barnehagealliansen av Frp, SV, Sp og Ap som skal sikra meir pengar?
? Eh, det vil eg jo ikkje spekulera for mykje i. Men eg konstaterer at vi har ei mindretalsregjering.
KS-direktør Gunnar Gussgard
Statssekretær Morten Meyer (H)










