Ap mistar grepet
Torsdag 12. september, 2002
Arbeidarpartiet kan mista det faglegpolitiske samarbeidet med Noregs største fagforbund, når Kommuneforbundet (NKF) og Norsk Helse- og Sosialforbund (NHS) slår seg saman. Begge forbunda har landsmøte midt i oktober, og går alt etter planen vil eit nytt gigantforbund med rundt 300.000 medlemmar bli etablert i juni 2003. Dette blir det desidert største forbundet i landet, og ein sterk maktfaktor i samfunnskampen.
For NHS-leiar Tove Stangnes er det uaktuelt at dette forbundet skal føra vidare NKFs sterke tradisjon for samarbeid med Ap.
? Vi ser ikkje for oss at det nye forbundet går inn i noko forpliktande samarbeid med eit einskild parti. Vi har snakka om dette, og det er ganske store endringar på gang, seier Stangnes til Klassekampen.
Det hjelpepleiardominerte NHS har aldri høyrt til LO-familien, og har ingen tradisjon for nært samarbeid med Ap.
? Det er veldig mange av våre medlemmar som ikkje har nokon sans i det heile teke for dei nære banda til eitt spesielt parti, fortel Stangnes.
NKF støttar Ap i valkampane. Til gjengjeld har forbundet plass i Aps sentralstyre, og kan be om audiens hos partitoppane i viktige saker.
Strid om Ap
Det faglegpolitiske samarbeidet er eit stridstema både i LO og Ap. LO-kongressen i fjor gjorde for fyrste gang vedtak om økonomisk støtte til SVs valkamp, eit teikn på at Ap særstilling er under press. Samtidig ivrar høgrefløya i Ap for å løysa på banda til fagrørsla, som blir oppfatta som ein klamp om foten når Noreg skal gjennom «modernisering».? Verda har endra seg mykje dei siste åra. Endringane er på veg internt i LO, og diskusjonen er reist også av Ap, kommenterer Stangnes. Ho meiner det nye storforbundet må stå fritt til å samarbeida med alle parti som deler grunnhaldning og standpunkt med forbundet i viktige saker.
? Dette blir eit stort forbund med ein sterk posisjon. Det blir absolutt for snevert å binda seg til eitt parti.
? Ikkje avklart
Forbundsleiaren meiner alt ligg til rette for at det blir det naudsynte to tredels fleirtal for nedlegging av NHS under landsmøtet i oktober. Dette er føresetnaden for å gå inn i etableringsprosessen for eit nytt forbund. Ho trur heller ikkje gravlegginga av det faglegpolitiske samarbeidet blir eit problem ved samanslåinga med NKF.? Nei, eg har ikkje opplevd det som eit problem. Og for meg er det sjølvsagt at vi skal stå fritt til å velja samarbeidspartnerar, understrekar Stangnes.
Saka framstår ikkje som like avgjort hos Kommuneforbundet.
? Det er for litt tidleg å snakka om desse tinga. Dette er eit spørsmål som det nye forbundet må ta stilling til, seier nestleiar Gunhild Johansen til Klassekampen.
Landsmøta i oktober vil setja ned komitear som arbeider fram utkast til politikken for det nye forbundet, fortel Johansen.
Spørsmålet om hovudsamanslutning er heller ikkje avklart. Det nye forbundet kan bli ein del av LO, men det har også talmessig styrke til å vera frittståande. Spørsmålet blir avgjort ved etableringskongressen til neste år.
Arbeidarpartiet kan mista det faglegpolitiske samarbeidet med Noregs største fagforbund, når Kommuneforbundet (NKF) og Norsk Helse- og Sosialforbund (NHS) slår seg saman. Begge forbunda har landsmøte midt i oktober, og går alt etter planen vil eit nytt gigantforbund med rundt 300.000 medlemmar bli etablert i juni 2003. Dette blir det desidert største forbundet i landet, og ein sterk maktfaktor i samfunnskampen.
For NHS-leiar Tove Stangnes er det uaktuelt at dette forbundet skal føra vidare NKFs sterke tradisjon for samarbeid med Ap.
? Vi ser ikkje for oss at det nye forbundet går inn i noko forpliktande samarbeid med eit einskild parti. Vi har snakka om dette, og det er ganske store endringar på gang, seier Stangnes til Klassekampen.
Det hjelpepleiardominerte NHS har aldri høyrt til LO-familien, og har ingen tradisjon for nært samarbeid med Ap.
? Det er veldig mange av våre medlemmar som ikkje har nokon sans i det heile teke for dei nære banda til eitt spesielt parti, fortel Stangnes.
NKF støttar Ap i valkampane. Til gjengjeld har forbundet plass i Aps sentralstyre, og kan be om audiens hos partitoppane i viktige saker.
Strid om Ap
Det faglegpolitiske samarbeidet er eit stridstema både i LO og Ap. LO-kongressen i fjor gjorde for fyrste gang vedtak om økonomisk støtte til SVs valkamp, eit teikn på at Ap særstilling er under press. Samtidig ivrar høgrefløya i Ap for å løysa på banda til fagrørsla, som blir oppfatta som ein klamp om foten når Noreg skal gjennom «modernisering».
? Verda har endra seg mykje dei siste åra. Endringane er på veg internt i LO, og diskusjonen er reist også av Ap, kommenterer Stangnes. Ho meiner det nye storforbundet må stå fritt til å samarbeida med alle parti som deler grunnhaldning og standpunkt med forbundet i viktige saker.
? Dette blir eit stort forbund med ein sterk posisjon. Det blir absolutt for snevert å binda seg til eitt parti.
? Ikkje avklart
Forbundsleiaren meiner alt ligg til rette for at det blir det naudsynte to tredels fleirtal for nedlegging av NHS under landsmøtet i oktober. Dette er føresetnaden for å gå inn i etableringsprosessen for eit nytt forbund. Ho trur heller ikkje gravlegginga av det faglegpolitiske samarbeidet blir eit problem ved samanslåinga med NKF.
? Nei, eg har ikkje opplevd det som eit problem. Og for meg er det sjølvsagt at vi skal stå fritt til å velja samarbeidspartnerar, understrekar Stangnes.