Fødeavdelingar truga
Mandag 2. september, 2002
Tidlegare undervisningsminister, no stortingsrepresentant, Reidar Sandal (Arbeidarpartiet) er ikkje i tvil om at fødeavdelinga i Lærdal er eit velferdstilbod som trengst i fylket. I dag held han appell mot nedlegging i Lærdal på Jostedalsaksjonen for Føden i Lærdal sin aksjon.? Det er urimeleg å utsetja fødande for dei lange transportane ein kan få om fødeavdelinga i Lærdal blir lagd ned. I verste fall kan lang transport ved komplikasjonar vera livstrugande, seier Sandal til Klassekampen.Mindre pengarBerre eitt år er gått sia det vart samla inn 10.000 underskrifter mot framlegg frå fylkeskommunen om å gjera om fødeavdelinga i Lærdal til fødestove. No er det Helse Førde HF som vurderer nedlegging av fødeavdelinga som eitt av fleire tiltak for å kunna spara mellom 20 og 50 millionar kroner.Styreleiar Per Ytrehus i Helse Førde HF stadfestar at helseføretaket ikkje har fått midlar nok til å halda oppe ei optimal helseteneste i fylket. Både Sandal og Ytrehus er opptekne av det urimelege i at Helse Vest har fått vesentleg mindre statlege overføringar per hovud enn helseregionane Helse Sør og Helse Øst.? Det kan dreia seg om mellom 1000 og 1500 kroner per innbyggjar. Hadde vi hatt desse pengane, skulle det ikkje vore akutte økonomiske problem no, seier Ytrehus. Ut frå dei signala han har registrert frå Helsedepartementet, ser det ut til å vera vanskeleg å få retta opp dette i budsjettet for 2003.? Dersom fordelinga ikkje blir revurdert, må helseministeren bruka myndigheita si til å instruera helseføretaka om ikkje å leggja ned fødeavdelingar, seier Sandal.Sandal er også opprørt over det hemmeleghaldet som pregar styrearbeidet i Helse Vest.? Det er heilt urimeleg at alt skal gå føre seg i lukka møte, slik styret i Helse Vest har vedteke. Det er eit tilbakesteg, og gjer det umogeleg får både publikum og media å følgja med i kva som blir planlagt, seier Sandal.Distriktspolitikk? Skal vi sikra busetjing i distrikta, er Føden i Lærdal ein liten, men viktig del av det som trengst, seier jordmor Astrid Ruud, fylkesleiar i Den norske jormordforening.? Eit trygt tilbod i nærmiljøet er viktig både for den fødande, og for heile familien, seier Ruud. Ho minner om at kommunikasjonane i denne delen av landet kan vera både vanskelege og kostbare. Høge fjell og kraftliner gjer at bruk av helikopter er mykje vanskelegare, særleg når det er mørkt og i dårleg ver, enn til dømes i Nord-Noreg. Og dersom ei fødande kvinne frå Årdal må til Førde i staden for til Lærdal, vil det kosta familien 600-700 kroner i bompengar, fergebillettar og bensin å komma på besøk ein einaste gong.Fødeavdelinga i Lærdal hadde 270 fødslar i 2001, og ligg såleis under den grensa sosialkomiteen i Stortinget i juni gjekk inn for for omgjering til fødestove. Fødeavdelingar må ha minst 400-500 fødslar per år, heiter det i tilrådinga som er ein del av innstillinga om framtidas akuttberedskap i helsetenestene.? Mister vi fødeavdelinga, mister vi også akuttberedskapen. No har vi både gynekolog, anestesilege og barnelege. Som jordmor på fødeavdelinga i Lærdal, trur eg ikkje fødestove vil vera noka god løysing her. Fødestover krev at det er kort veg til akutthjelp når det trengst, seier Ruud.@vignett-tekst2:magnhild.folkvord@klassekampen.no
Tidlegare undervisningsminister, no stortingsrepresentant, Reidar Sandal (Arbeidarpartiet) er ikkje i tvil om at fødeavdelinga i Lærdal er eit velferdstilbod som trengst i fylket. I dag held han appell mot nedlegging i Lærdal på Jostedalsaksjonen for Føden i Lærdal sin aksjon.? Det er urimeleg å utsetja fødande for dei lange transportane ein kan få om fødeavdelinga i Lærdal blir lagd ned. I verste fall kan lang transport ved komplikasjonar vera livstrugande, seier Sandal til Klassekampen. Mindre pengarBerre eitt år er gått sia det vart samla inn 10.000 underskrifter mot framlegg frå fylkeskommunen om å gjera om fødeavdelinga i Lærdal til fødestove. No er det Helse Førde HF som vurderer nedlegging av fødeavdelinga som eitt av fleire tiltak for å kunna spara mellom 20 og 50 millionar kroner.Styreleiar Per Ytrehus i Helse Førde HF stadfestar at helseføretaket ikkje har fått midlar nok til å halda oppe ei optimal helseteneste i fylket. Både Sandal og Ytrehus er opptekne av det urimelege i at Helse Vest har fått vesentleg mindre statlege overføringar per hovud enn helseregionane Helse Sør og Helse Øst.? Det kan dreia seg om mellom 1000 og 1500 kroner per innbyggjar. Hadde vi hatt desse pengane, skulle det ikkje vore akutte økonomiske problem no, seier Ytrehus. Ut frå dei signala han har registrert frå Helsedepartementet, ser det ut til å vera vanskeleg å få retta opp dette i budsjettet for 2003.? Dersom fordelinga ikkje blir revurdert, må helseministeren bruka myndigheita si til å instruera helseføretaka om ikkje å leggja ned fødeavdelingar, seier Sandal.Sandal er også opprørt over det hemmeleghaldet som pregar styrearbeidet i Helse Vest.? Det er heilt urimeleg at alt skal gå føre seg i lukka møte, slik styret i Helse Vest har vedteke. Det er eit tilbakesteg, og gjer det umogeleg får både publikum og media å følgja med i kva som blir planlagt, seier Sandal. Distriktspolitikk? Skal vi sikra busetjing i distrikta, er Føden i Lærdal ein liten, men viktig del av det som trengst, seier jordmor Astrid Ruud, fylkesleiar i Den norske jormordforening.? Eit trygt tilbod i nærmiljøet er viktig både for den fødande, og for heile familien, seier Ruud. Ho minner om at kommunikasjonane i denne delen av landet kan vera både vanskelege og kostbare. Høge fjell og kraftliner gjer at bruk av helikopter er mykje vanskelegare, særleg når det er mørkt og i dårleg ver, enn til dømes i Nord-Noreg. Og dersom ei fødande kvinne frå Årdal må til Førde i staden for til Lærdal, vil det kosta familien 600-700 kroner i bompengar, fergebillettar og bensin å komma på besøk ein einaste gong.Fødeavdelinga i Lærdal hadde 270 fødslar i 2001, og ligg såleis under den grensa sosialkomiteen i Stortinget i juni gjekk inn for for omgjering til fødestove. Fødeavdelingar må ha minst 400-500 fødslar per år, heiter det i tilrådinga som er ein del av innstillinga om framtidas akuttberedskap i helsetenestene.? Mister vi fødeavdelinga, mister vi også akuttberedskapen. No har vi både gynekolog, anestesilege og barnelege. Som jordmor på fødeavdelinga i Lærdal, trur eg ikkje fødestove vil vera noka god løysing her. Fødestover krev at det er kort veg til akutthjelp når det trengst, seier Ruud.@vignett-tekst2:magnhild.folkvord@klassekampen.no










