Får skylda for nedlegging
Fredag 25. oktober, 2002
Minst fem gonger det siste tiåret har det vore planar om å leggja ned Lilleby Metall smelteverk i Trondheim. Kvar gong har dei tilsette klart å redda fabrikken, men denne gongen er det kroken på døra. Den altfor sterke kronekursen var det som skulle til for å ta livet av dei 60 arbeidsplassane.
? Det var kanskje Svein Gjedrem som klarte å leggja ned Lilleby. Han har i alle fall levert eit kraftig bidrag, seier administrerande direktør i Fesil ASA Sigbjørn Brevik til Klassekampen.
Berre kursoppgangen sidan nyttår fører til eit tap på 75 millionar kroner for Fesil-konsernet. Krona har styrkt seg med rundt 10 prosent, og når heile omsetnaden på 1,5 milliardar går til eksport, gjev det 150 millionar i tap. Rundt helvta av dette blir tent inn igjen fordi Fesil importerer råvarer frå utlandet, og dei blir billegare ved høg kronekurs.
? Med årsresultat mellom 25 og 40 millionar dei siste åra, er eit valutatap på 75 millionar nok til at det er over og ut for Lilleby, konstaterer Brevik.
Børsnoterte Fesil eig Lilleby Metall, Holla Metall og Rana Metall. Fyrste halvår i 2002 rapporterte konsernet eit negativt resultat på 30 millionar kroner.
? Tøvprat
Stortinget har etter framlegg frå regjeringa Stoltenberg gjeve sentralbanksjef Svein Gjedrem i oppdrag å halda inflasjonen på 2,5 prosent.Gjedrem viser til at Noreg har for høg lønnsvekst, når han argumenterer for at norske renter er dobbelt så høge som EU-renter. Det er omsynet til konkurranseutsett industri som ligg til grunn for høgrentepolitikken, hevdar Gjedrem, samtidig som renta fører til ein skyhøg kronekurs som går ut over eksportindustrien.
? Eg vil påstå at dette er tøvprat. Eller det er sterkt ord, men det er ei mistyding å setja renta så høgt for å styrkja industrien, seier Brevik.
Han er med på at norsk næringsliv ikkje skal ha mykje større lønnsvekst enn konkurrentlanda over lang tid.
? Men samanlikna med valutaproblemet tyder lønnskostnadene ingenting. Dei tek livet av oss på kort sikt med eit verkemiddel som kanskje vil fungera på lang sikt.
Brått og brutalt
Brevik opplyser at lønn og personalkostnader utgjer 10 til 15 prosent i Fesils bransje.? Så om vi har ein lønnsvekst på 3,5 i staden for 2,5 eit år eller to, er det på ingen måte det som knekk nakken på oss. Effekten av kronekursen, derimot, kjem brått og brutalt, utan tid til omstilling, seier han.
? Verkar det truverdig at rentepolitikken er styrt av omsyn til arbeidsplassane i eksportindustrien?
? Det er veldig vanskeleg å tru det når vi sit midt oppe i det og ser resultatet av kva som skjer, svarer Brevik. Han ber Gjedrem og styret i Norges Bank sjå på totaliteten i verknadene av den høge renta.
? For dette er ikkje ei hjelp for oss. Det er tvert imot det største trugsmålet for oss i dag.
Minst fem gonger det siste tiåret har det vore planar om å leggja ned Lilleby Metall smelteverk i Trondheim. Kvar gong har dei tilsette klart å redda fabrikken, men denne gongen er det kroken på døra. Den altfor sterke kronekursen var det som skulle til for å ta livet av dei 60 arbeidsplassane.
? Det var kanskje Svein Gjedrem som klarte å leggja ned Lilleby. Han har i alle fall levert eit kraftig bidrag, seier administrerande direktør i Fesil ASA Sigbjørn Brevik til Klassekampen.
Berre kursoppgangen sidan nyttår fører til eit tap på 75 millionar kroner for Fesil-konsernet. Krona har styrkt seg med rundt 10 prosent, og når heile omsetnaden på 1,5 milliardar går til eksport, gjev det 150 millionar i tap. Rundt helvta av dette blir tent inn igjen fordi Fesil importerer råvarer frå utlandet, og dei blir billegare ved høg kronekurs.
? Med årsresultat mellom 25 og 40 millionar dei siste åra, er eit valutatap på 75 millionar nok til at det er over og ut for Lilleby, konstaterer Brevik.
Børsnoterte Fesil eig Lilleby Metall, Holla Metall og Rana Metall. Fyrste halvår i 2002 rapporterte konsernet eit negativt resultat på 30 millionar kroner.
? Tøvprat
Stortinget har etter framlegg frå regjeringa Stoltenberg gjeve sentralbanksjef Svein Gjedrem i oppdrag å halda inflasjonen på 2,5 prosent.
Gjedrem viser til at Noreg har for høg lønnsvekst, når han argumenterer for at norske renter er dobbelt så høge som EU-renter. Det er omsynet til konkurranseutsett industri som ligg til grunn for høgrentepolitikken, hevdar Gjedrem, samtidig som renta fører til ein skyhøg kronekurs som går ut over eksportindustrien.
? Eg vil påstå at dette er tøvprat. Eller det er sterkt ord, men det er ei mistyding å setja renta så høgt for å styrkja industrien, seier Brevik.
Han er med på at norsk næringsliv ikkje skal ha mykje større lønnsvekst enn konkurrentlanda over lang tid.
? Men samanlikna med valutaproblemet tyder lønnskostnadene ingenting. Dei tek livet av oss på kort sikt med eit verkemiddel som kanskje vil fungera på lang sikt.
Brått og brutalt
Brevik opplyser at lønn og personalkostnader utgjer 10 til 15 prosent i Fesils bransje.
? Så om vi har ein lønnsvekst på 3,5 i staden for 2,5 eit år eller to, er det på ingen måte det som knekk nakken på oss. Effekten av kronekursen, derimot, kjem brått og brutalt, utan tid til omstilling, seier han.