Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120523
Innenriks
Mandag 21. oktober, 2002

Fleire kan bli gjeldsoffer

Mandag 21. oktober, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Forbrukarrådet åtvarar Stortinget mot å opna for at bankane kan selja lån vidare. ? Dette systemet kan føra til eit hardare press mot låntakarar som får betalingsvanskar, seier direktør Per Anders Stalheim.

Som Klassekampen rapporterte laurdag, vil regjeringa innføra «verdipapirisering» i Noreg. Under eit slikt system kan bankane selja mange av låna dei har inngått til «spesialforetak», som finansierer sitt kjøp ved å utsteda obligasjonar til investorar og aksjefond over heile verda. For investorane er dette rekna som ei tryggare investering enn aksjar på børsen.

For låntakaren kan verdipapirisering derimot føra til verre vilkår, fryktar Forbrukarrådet.

? Vi trur dette systemet kan føra til eit hardare press mot låntakarar som får betalingsvanskar, seier direktør i Forbrukarrådet Per Anders Stalheim til Klassekampen.

Etter lovframlegget skal banken framleis vera kundekontakt og driva inn lånet, sjølv om obligasjonseigarane gjennom spesialforetaket er den eigentlege motparten til låntakaren. Både Forbrukarrådet og Forbrukarombodet peikar på at banken i denne situasjonen vil ha mindre interesse av å få til konstruktive løysingar med låntakaren.

Banken har alt fått betalt frå spesialforetaket, og taper ikkje på at gjelda blir drive inn raskt og med tap.

Betalingsproblem

Når banken har interesse av å få inn mest mogleg av lånet, vil den gjerne koma kunden i møte med rentefritak i ein periode eller andre gjeldsordningar. Slik kjem vanskelegstilte kundar seg igjennom problema, utan å selja huset eller andre drastiske tiltak.

? Vi er uroa for kva som skjer med den som får betalingsproblem når banken ikkje lenger har interesse av å halda deg økonomisk i live, seier Stalheim.

Han fryktar at opninga for fleksible løysingar blir redusert når kreditorane er obligasjonseigarar i New York og banken som har kundekontakt ikkje lenger er part i låneavtalen.

Resultatet kan bli at fleire endar opp som gjeldsoffer ved neste nedtur i økonomien.

? Det er sant at bankane i dag har eit økonomisk incitament til å hjelpa kunden. Det er økonomisk vettugt for banken også, seier direktør Stein Sjølie i Finansnæringens hovedorganisasjon (FNH), som ivrar sterkt for å få innført verdipapirisering i Noreg. Sjølie vedgår at banken vil mista denne direkte økonomiske interessa i å finna løysingar når den berre er mellommann for eit lån der andre er kreditor.

? Men føresetnaden når ein bank sel lånemassen til eit spesialforetak, er jo at kunden skal bli handsama som om han er kunde i banken, argumenterer Sjølie.

? Vil reagera

Dersom banken legg om sin praksis etter verdipapirisering, slår til raskt og realiserer pant og så vidare, vil det skada kundane. Det vil samtidig føra til større tap, understrekar FNH-direktøren.

? Men det er jo ikkje banken sine tap ?

? Nei, men spesialforetaket vil ikkje ha tap.

? Kvar er banken si interesse her, gjeldsordningar kostar vel arbeidstid og krefter å få til?

? Jau, men dette ligg inne i kostnadene banken kalkulerer til kundehandsaming i utgangspunktet. Dersom det kjem fram at banken driv forskjellshandsaming, at den ordnar opp for eigne kundar, men gjer kort prosess med spesialforetaket sine, vil jo foretaket og obligasjonseigarane reagera, understrekar Sjølie.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT