Ingen moderasjon i sikte
Lørdag 12. oktober, 2002
Skattelistene taler sitt tydelege språk om toppane i norsk fagrørsle: Dei er rike. Her ser du 16 topptillitsvalde som plasserer seg aller øvst på kransekaka, mellom dei 5,4 prosent i Noreg som tener over ein halv million i året. Her finn vi LO-leiar Gerd Liv Valla, med 768.900 i skattbar inntekt. Nestleiar Finn Erik Thoresen slår til med 633.100. Det er gode pengar, men lite mot forgjengar Jan Balstad, som hadde ei skattbar inntekt på heile 989.000 i fjor.
? Eg er den einaste forbundsleiaren som er mot moderasjonslina, men samtidig fylgjer ho sjølv, kneggar Per Østvold.
Leiaren for Transportarbeidarforbundet er med sine 385.000 i brutto inntekt ein lønnstapar mellom forbundsleiarane i LO. Like fullt nærmar han seg dei 10,1 prosent øvste i statistikken for 2000, dei som tente over 400.000.
? Eg har 443.000 frå forbundet, opplyser Oddrun Remvik, leiar i Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar (FO). For eit par år sidan hadde ho 390.000 kroner i året. Leiarlønnene stig, i fagrørsla også.
? Dette nivået er heilt greitt ut i frå det som er rimeleg å samanlikna seg med, seier Remvik. Gjennomsnittet mellom medlemmane hennar låg i 2000 på 255.000 brutto, no er det litt høgare.
? Det er vanskeleg å samanlikna seg med gjennomsnittet for medlemmane. Det er ikkje aktuelt for meg med 20 til 25 års erfaring å gå ned på grunnplanet igjen, seier Remvik.
Ho vil heller samanlikna forbundstoppen med helse- og sosialsjefar i kommunane.
Forskjells-Noreg
Lønnsutviklinga dei siste fem åra har eintydig gjeve meir til dei rike enn til dei fattige. Teknisk beregningsutvalg har samanlikna dei ti prosent øvste og ti prosent nedste i perioden 1997 til 2001. Den tidelen som tener minst har gått opp med 31.700 kroner, ein auke på 19,9 prosent.Dei ti prosentane på toppen har fått heva snittlønna med nær 120.000, til 571.500 kroner. Det er ein vekst på 26,4 prosent. Det er en vekst på 26,4 prosent.
Denne statistikken gjeld 1,3 millionar heiltidsarbeidande.
? Dette er Forskjells-Noreg. Leiarlønningane tek av, også i fagrørsla. Det eine dreg det andre med seg, kommenterer Per Østvold.
? Bortsett frå at ingen dreg dei lågtlønte med seg ?
? Ja, det er problemet. Leiarane dreg ifrå, og det gjer dei over heile lina, seier Østvold.
Ikkje minst i fagrørsla.
Ingen kritikk
Når vi skal plassera forbundstoppane i høve til folk flest, må vi ta omsyn til at skattelistene på internett gjev ikkje den fulle sanninga om kva folk tener. Dei viser skattbar inntekt, etter frådrag. Alle har eit minstefrådrag på 31.800, så det kan du straks leggja til for Valla, Balstad og alle andre. I gjennomsnitt trakk skatteytarane frå 56.100 kroner i fjor. Gruppa som tener 500.000 til 750.000 trakk i gjennomsnitt frå 107.000 kroner.Om vi legg til 50.000 på den skattbare inntekta, plasserer mange av dei faglege toppane vi har sjekka seg høgt oppe i dei øvste 5 prosent av inntektsstatistikken.
Folk som Gerd Liv Valla, Sjukepleiarforbundets Bente Slaatten og Nopefs Leif Sande plasserer seg i den eksklusive sfæren av 1,8 prosent som tener over 750.000 brutto.
Både Østvold og Remvik har kritisert den kraftige auken i leiarlønner. Men dei vil ikkje kritisera kollegane i LO.
? Altså, eg ynskjer ikkje å uttala meg om andre forbund, seier Remvik, som er oppført med heile 494.000 i skattelista, fordi ho selde eit husvære i fjor.
Opp og opp
? Det bør vera litt samsvar mellom kva medlemmene har og det vi pampane tener, seier Østvold.? Men eg kritiserer ikkje at andre forbundsleiarar tener meir enn meg. Dette er jo store forbund, og det må vera ein viss kompensasjon for ansvar.
? Så statsministeren bør tena ?
? Nei, så langt vil eg ikkje gå.
? Kva med dette argumentet: «Direktørar kan tena kva dei vil, men fagleg tillitsvalde skal representera folk med låg lønn og bør derfor ha ei viss innsikt i ein normal økonomisk livssituasjon»?
? Det blir litt for moralistisk for meg. Du skal ha noko att for å ha ei leiarstilling, og jobba 70 timar i veka, svarer Østvold.
? Så opp mot 800.000 er greitt?
? Eg seier ikkje at det er greitt. Eg vil ikkje kritisera forbundsleiarene, men trenden er ikkje bra. Vi tek sakte, men sikkert etter resten av samfunnet, der leiarlønnene går opp og opp.
Skattelistene taler sitt tydelege språk om toppane i norsk fagrørsle: Dei er rike. Her ser du 16 topptillitsvalde som plasserer seg aller øvst på kransekaka, mellom dei 5,4 prosent i Noreg som tener over ein halv million i året. Her finn vi LO-leiar Gerd Liv Valla, med 768.900 i skattbar inntekt. Nestleiar Finn Erik Thoresen slår til med 633.100. Det er gode pengar, men lite mot forgjengar Jan Balstad, som hadde ei skattbar inntekt på heile 989.000 i fjor.
? Eg er den einaste forbundsleiaren som er mot moderasjonslina, men samtidig fylgjer ho sjølv, kneggar Per Østvold.
Leiaren for Transportarbeidarforbundet er med sine 385.000 i brutto inntekt ein lønnstapar mellom forbundsleiarane i LO. Like fullt nærmar han seg dei 10,1 prosent øvste i statistikken for 2000, dei som tente over 400.000.
? Eg har 443.000 frå forbundet, opplyser Oddrun Remvik, leiar i Fellesorganisasjonen for barnevernpedagogar, sosionomar og vernepleiarar (FO). For eit par år sidan hadde ho 390.000 kroner i året. Leiarlønnene stig, i fagrørsla også.
? Dette nivået er heilt greitt ut i frå det som er rimeleg å samanlikna seg med, seier Remvik. Gjennomsnittet mellom medlemmane hennar låg i 2000 på 255.000 brutto, no er det litt høgare.
? Det er vanskeleg å samanlikna seg med gjennomsnittet for medlemmane. Det er ikkje aktuelt for meg med 20 til 25 års erfaring å gå ned på grunnplanet igjen, seier Remvik.
Ho vil heller samanlikna forbundstoppen med helse- og sosialsjefar i kommunane.
Forskjells-Noreg
Lønnsutviklinga dei siste fem åra har eintydig gjeve meir til dei rike enn til dei fattige. Teknisk beregningsutvalg har samanlikna dei ti prosent øvste og ti prosent nedste i perioden 1997 til 2001. Den tidelen som tener minst har gått opp med 31.700 kroner, ein auke på 19,9 prosent.
Dei ti prosentane på toppen har fått heva snittlønna med nær 120.000, til 571.500 kroner. Det er ein vekst på 26,4 prosent. Det er en vekst på 26,4 prosent.
Denne statistikken gjeld 1,3 millionar heiltidsarbeidande.
? Dette er Forskjells-Noreg. Leiarlønningane tek av, også i fagrørsla. Det eine dreg det andre med seg, kommenterer Per Østvold.
? Bortsett frå at ingen dreg dei lågtlønte med seg ?
? Ja, det er problemet. Leiarane dreg ifrå, og det gjer dei over heile lina, seier Østvold.
Ikkje minst i fagrørsla.
Ingen kritikk
Når vi skal plassera forbundstoppane i høve til folk flest, må vi ta omsyn til at skattelistene på internett gjev ikkje den fulle sanninga om kva folk tener. Dei viser skattbar inntekt, etter frådrag. Alle har eit minstefrådrag på 31.800, så det kan du straks leggja til for Valla, Balstad og alle andre. I gjennomsnitt trakk skatteytarane frå 56.100 kroner i fjor. Gruppa som tener 500.000 til 750.000 trakk i gjennomsnitt frå 107.000 kroner.
Om vi legg til 50.000 på den skattbare inntekta, plasserer mange av dei faglege toppane vi har sjekka seg høgt oppe i dei øvste 5 prosent av inntektsstatistikken.
Folk som Gerd Liv Valla, Sjukepleiarforbundets Bente Slaatten og Nopefs Leif Sande plasserer seg i den eksklusive sfæren av 1,8 prosent som tener over 750.000 brutto.
Både Østvold og Remvik har kritisert den kraftige auken i leiarlønner. Men dei vil ikkje kritisera kollegane i LO.
? Altså, eg ynskjer ikkje å uttala meg om andre forbund, seier Remvik, som er oppført med heile 494.000 i skattelista, fordi ho selde eit husvære i fjor.
Opp og opp
? Det bør vera litt samsvar mellom kva medlemmene har og det vi pampane tener, seier Østvold.
? Men eg kritiserer ikkje at andre forbundsleiarar tener meir enn meg. Dette er jo store forbund, og det må vera ein viss kompensasjon for ansvar.