Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Fredag 11. oktober, 2002

Har tapt 83 milliardar

Fredag 11. oktober, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Så langt i dette tiåret har oljefondet tapt 83 milliardar kroner på å velja aksjar framfor obligasjonar. ? Graden av risiko i forvaltinga av oljefondet ei svært viktig politisk avgjerd, seier Knut N. Kjær i Norges Bank.

Då vår kristne statsminister presenterte budsjett for 2003 førre veke, stod det skrive 666 i store bokstavar på veggen. Så mange milliardar skal oljefondet vera på ved utgangen av 2002, meiner finansdepartementet. Og under presentasjonen av budsjettfakta på storskjerm, lyste 666 som ein glorie over statsministeren.

Då oljefondet rann ut i den globale finansverda frå 1997 var det full fart på børsen. 40 prosent av formuen skal stå i aksjar, sa regjeringa. Stortinget nikka. Formuen vokste.

1999 var eit kjempeår: Aksjedelen av oljefondet hadde ei avkasting på fantastiske 35 prosent. Noreg pumpa milliard etter milliard ut på børsane. 60 prosent i trygge obligasjonar, 40 prosent i aksjar. I Den nye økonomien gjekk børsen berre opp og opp.

Så kom fallet. Og eit til. Og endå eitt. Det nye millenniet har gjeve oss eit børskrakk i sakte kino, og folkets oljemilliardar er med på nedturen. Klassekampen har rekna på tapet.

Vi har samanlikna avkastinga for aksjane og obligasjonane kvartal for kvartal sidan 1. januar 2002. Kor mykje har oljefondet tapt på at 40 prosent av milliardane er på børsen, samanlikna med om alt var i obligasjonar?

Svaret er 83 milliardar kroner.

Så langt i dette hundreåret kunne Noreg tent 83 milliardar ved å satsa meir på tryggleik framfor aksjar. Og Bondevik ville unngått 666.

Berg-og-dal-bane

? I alle råd frå Norges Bank om å gå i aksjar, er risikoen understreka. Risikoen er skildra konkret og nøye, hevdar Knut N. Kjær, leiar for Norges Banks kapitalforvalting. Det er dei som forvaltar oljefondet på vegner av Noreg. Og det skal ikkje vera tvil om at det ikkje er Norges Bank, men styresmaktene, som har ansvaret for at 40 prosent av fondet køyrer berg-og-dal-bane på børsen.

? Etter vår oppfatning er graden av risiko i forvaltinga av oljefondet ei svært viktig politisk avgjerd. Norges Bank si oppgåve som rådgjevar er å gje eit best mogleg grunnlag for avgjerda, understrekar Kjær.

Det finst gode argument for å satsa på aksjar. Kjær sender oss ein oversikt over 15 OECD-land. Den viser ei utrekning for heile 1900-talet, kapitalismens gullalder. I alle land har aksjar, historisk, gjeve høgare avkasting i gjennomsnitt enn obligasjonar.

? Det vil alltid koma negative år og periodar, kommenterer Kjær.

? Finst det faglege innvendingar mot å plassera alt i obligasjonar?

? Ja, ein bør halda ein portefølje som er diversifisert. Aksjar og obligasjonar har litt motsette eigenskapar, så når det går dårleg på den eine kanten, kan det gå betre på den andre.

Når det er høg risiko i aksjemarknaden går ein del investorar til statsobligasjonar, som er det tryggaste verdipapiret, opplyser mannen frå Norges Bank.

På budsjettet

Satsinga på 40 prosent aksjar blir omtalt i Nasjonalbudsjettet kvar haust. Det er Stortinget sin sjanse til å gripa inn. Og Frps leiar for finanskomiteen, Siv Jensen, ser ikkje heilt bort frå at det kan skje.

? Så langt har det vore brei oppslutnad om retningslinene. Men ikkje minst i ljos av i år, trur eg det vil koma fram ein del synspunkt når vi handsamar budsjettet for neste år, seier Jensen til Klassekampen.

? Til no i dette tiåret har de spelt vekk 83 milliardar ved å velja aksjar framfor det tryggare alternativet ?

? Ja, nettopp. Og derfor vil Frp vurdera dette no. Når vi er klare med budsjettarbeidet, vil vi presentera våre standpunkt, svarer Jensen.

Ei endring kan få fylgjer også på kort sikt. Handlingsregelen for bruk av oljepengar let Stortinget bruka avkastinga frå fondet i Noreg. I den grad styresmaktene bryr seg om sin eigen regel, har tapet på 83 milliardar direkte konsekvensar for skatt og velferd på statsbudsjettet.

Lang sikt

Norges Bank vil vi skal tenkja meir langsiktig.

? Det er berre når ein har ein lang horisont for investeringa at ein bør gå i aksjemarknaden med så store og breie investeringar som Noreg gjer gjennom oljefondet, seier Knut N. Kjær. Og fallet er mindre drastisk, om vi reknar meir langsiktig.

Reknar vi avkastinga frå opprettinga av fondet og ut 2001, får vi med det store børsoppgangen i 1999. Obligasjonane hadde i perioden 1998-2001 ei avkasting på 5,36 prosent, aksjane 5,18 (Rundt 3,7 prosent korrigert for prisstiging). Med andre ord er dei tryggare obligasjonane så langt berre litt betre bisniss enn børsen.

Spørsmålet er kva som skjer i framtida.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT