Avviser sosiobiologien
Onsdag 27. november, 2002
Ho er feminist, sosialist og biolog. Inger Nordal kallar seg 100 prosent darwinist, men er svært tvilande til den delen av nydarwinismen som kallast sosiobiologi. Men meir om det seinare.
I Klassekampens serie om nydarwinismen har temperaturen tildels vore høg. Biologar, humanistar og samfunnsvitarar har kome til orde med lovprisingar og innvendingar til den nye biologien. Feministar har vi funne både mellom ivrige tilhengjarar og motstandarar av nydarwinismen.
Har debatten ført humanistar, samfunnsvitarar og biologar nærare kvarandre? Og kva er biologane sjølv framleis usamde om? Vi bad Inger Nordal lesa gjennom serien og gav ho privilegiumet å kommentera og oppsummera debatten.
Kjønnsstereotypiar
? Eg tykkjer debatten har vore svært interessant. Men motsetningane mellom «dei to kulturane» [human- og samfunnsvitskapane vs. naturvitskapane, journ. merknad] har vore mest framtredande. Det er viktig å få fram at også vi biologar er usamde.I debatten meiner Nordal at Bjørn Grinde ved Folkehelseinstituttet har vore «mest ekstrem» mellom biologane. Grinde hevda mellom anna at Richard Dawkins og andre evolusjonsbiologar sin påstand om at evolusjonen baserer seg på at det er gena våre og ikkje vi som art som skal overleva, ikkje er kontroversiell lengre.
? Dét er alt for enkelt. Biologar som Stephen Jay Gould og Steven Rose er til dømes svært usamde med Dawkins, dei vil til dømes seia at evolusjon også føregår på organismenivå, ikkje berre på gennivå.
Men det er biologien sitt tilhøve til kjønnsskilnader som opptek Nordal aller mest. Også i Klassekampens debatt har kjønnsdimensjonen vore viktig. Kjønnsforskaren Linda M. Rustad kritiserte til dømes evolusjonsbiologen Iver Mysterud for å koma med meiningslause påstandar om at mennesket har kroppen til ein jegar, men lever i eit datasamfunn. Rustad er svært skeptisk til den nye biologien, og meiner mange biologar tar med seg kjønnsbrillene inn i eiga forsking. Inger Nordal er langt på veg samd med Rustad i skepsisen hennar.
? Eg er samd i mykje av Rustads kritikk av korleis biologar ofte har tatt med seg kjønnsstereotypiar inn i eiga forsking. Sjølv om eg tykkjer ho går for langt i å avvisa det evolusjonære perspektivet på kroppane våre.
Mysterud meiner evolusjonsbiologien kan gje oss nye innsikter i samanhengen mellom kosthald og agressivitet. Nordal utelukkar ikkje at det kan ha noko for seg. Men ho tykkjer generelt at han går for langt i å seia at gena styrer åtferda vår.
Sosiobiologiske fordommar
Og då er vi tilbake ved Nordal sin kritikk av sosiobiologien. For det er først og fremst der ho er usamd med mange av kollegane sine.Tolv år etter at Darwin gav ut On the Origin of Species (1859) gav han ut boka The Descent of Man, and Selection in Relation to Sex (1871). Der skreiv han mellom anna «Kvinners spesielle egenskaper, intuisjon, persepsjon og imitasjon, er karakteristiske for de lavere raser og derfor for et forgangent og primitivt sivilisasjons-stadium».
Evolusjonsbiologien kom skeivt ut frå starten, både når det galdt synet på rase og på kvinne, meiner Nordal. Ho tykkjer sosiobiologien dreg med seg nokre av dei gamle biologiske fordommane som prega den tidlege biologien.
Zoologen Anne Kristiansen, som har forska på menneska sine partnarval, hevda til Klassekampen at kvinner ser etter ein forsørgjar, menn ser etter fruktbare kvinner. Dét tykkjer Inger Nordal er eit typisk utrykk for sosiobiologisk forenkling av røyndomen.
? Massevis av empiri motseier slike påstandar! Om du ser på skilsmissestatistikken er det flest kvinner som tar ut skilsmål. Kvifor skulle dei gjera det om dei var ute etter ein forsørgjar, som gjev stabilitet og tryggleik?
Sosiobiologien kan rett og slett ikkje seia noko om menneska si åtferd. Hypotesane som blir framsett kan ikkje provast empirisk og då tel det heller ikkje som vitskap, meiner ho.
? Det kan vera at menn har noko betre tredimensjonalt syn enn kvinner og dermed noko betre romkjensle. Sosiobiologar vil hevda at dette er noko som har evolvert fordi menn var ute på jakt og måtte sjå over lange avstandar, medan kvinnene ikkje trong slikt syn. Korleis skal du prova denne hypotesen? Ein kan like gjerne hevda at synsskilnaden har oppstådd i tidleg barndom fordi gutar og jenter får ulike leiker.
Audmjuk
Biologar bør i det heile vera meir audmjuke andsynes andre fagdisiplinar, hevdar Inger Nordal.? Kvar gong biologane har freista seia noko om mennesket har det vorte katastrofalt. Eg er samd med Rustad i at biologien treng meir refleksjon over sine eigne grenser.
Kva med humanistane og samfunnsvitarane? Har ikkje dei «mjuke faga» noko å læra av dei «harde»? lurer vi.
? Jo, definitivt. Særleg når det gjeld dei naturvitskaplege metodane med hypotesetesting. Men eg er rett og slett uviss på om biologien kan læra andre fag noko særleg om oss menneske.
? Eg har lagt merke til at folk som definerer seg på den politiske venstresida veldig ofte les Stephen Jay Gould, er svært skeptiske til sosiobiologi og folk som Richard Dawkins. Er det ikkje ein fare for at delar av nydarwinismen kan bli avvist av rein politisk ønskjetenking?
? Eg ser at hjå meg sjølv er det nok eit samanfall mellom det eg ønskjer politisk og det eg trur er sant i biologien. Det er ikkje uproblematisk, eg ser det.
Genteknologi
Nordal innrømmer at ho byrjar å bli trøytt av debatten med sosiobiologane no. Nordal sitt i bio-teknologinemnda, høyringsinstansen for norske styremakter i høve saker som vedkjem moderne bioteknologi, og meiner det er andre debattar som blir viktigare å ta framover.? Genteknologi! Dér kjem dei store debattane. Ny reproduksjonsteknologi opnar for enorme endringar og store etiske dilemma. Teknisk kan du i dag ta ei eggcelle frå ei kvinne, sædcelle frå ein mann, ta ut einskildceller frå mini-embryoet og sjå disposisjonar og sjukdommar og så, om ein ønskjer det, setja inn egget i ei livmor. Kva skal vi meina i slike dilemma? Dér kjem dei verkeleg avgjerande debattane til å stå framover!
Klassekampen avsluttar med dette intervjuserien om Nydarwinismen, men held framleis debattsidene opne for vidare ordskifte.
Ho er feminist, sosialist og biolog. Inger Nordal kallar seg 100 prosent darwinist, men er svært tvilande til den delen av nydarwinismen som kallast sosiobiologi. Men meir om det seinare.
I Klassekampens serie om nydarwinismen har temperaturen tildels vore høg. Biologar, humanistar og samfunnsvitarar har kome til orde med lovprisingar og innvendingar til den nye biologien. Feministar har vi funne både mellom ivrige tilhengjarar og motstandarar av nydarwinismen.
Har debatten ført humanistar, samfunnsvitarar og biologar nærare kvarandre? Og kva er biologane sjølv framleis usamde om? Vi bad Inger Nordal lesa gjennom serien og gav ho privilegiumet å kommentera og oppsummera debatten.
Kjønnsstereotypiar
? Eg tykkjer debatten har vore svært interessant. Men motsetningane mellom «dei to kulturane» [human- og samfunnsvitskapane vs. naturvitskapane, journ. merknad] har vore mest framtredande. Det er viktig å få fram at også vi biologar er usamde.
I debatten meiner Nordal at Bjørn Grinde ved Folkehelseinstituttet har vore «mest ekstrem» mellom biologane. Grinde hevda mellom anna at Richard Dawkins og andre evolusjonsbiologar sin påstand om at evolusjonen baserer seg på at det er gena våre og ikkje vi som art som skal overleva, ikkje er kontroversiell lengre.
? Dét er alt for enkelt. Biologar som Stephen Jay Gould og Steven Rose er til dømes svært usamde med Dawkins, dei vil til dømes seia at evolusjon også føregår på organismenivå, ikkje berre på gennivå.
Men det er biologien sitt tilhøve til kjønnsskilnader som opptek Nordal aller mest. Også i Klassekampens debatt har kjønnsdimensjonen vore viktig. Kjønnsforskaren Linda M. Rustad kritiserte til dømes evolusjonsbiologen Iver Mysterud for å koma med meiningslause påstandar om at mennesket har kroppen til ein jegar, men lever i eit datasamfunn. Rustad er svært skeptisk til den nye biologien, og meiner mange biologar tar med seg kjønnsbrillene inn i eiga forsking. Inger Nordal er langt på veg samd med Rustad i skepsisen hennar.
? Eg er samd i mykje av Rustads kritikk av korleis biologar ofte har tatt med seg kjønnsstereotypiar inn i eiga forsking. Sjølv om eg tykkjer ho går for langt i å avvisa det evolusjonære perspektivet på kroppane våre.
Mysterud meiner evolusjonsbiologien kan gje oss nye innsikter i samanhengen mellom kosthald og agressivitet. Nordal utelukkar ikkje at det kan ha noko for seg. Men ho tykkjer generelt at han går for langt i å seia at gena styrer åtferda vår.
Sosiobiologiske fordommar
Og då er vi tilbake ved Nordal sin kritikk av sosiobiologien. For det er først og fremst der ho er usamd med mange av kollegane sine.
Tolv år etter at Darwin gav ut On the Origin of Species (1859) gav han ut boka The Descent of Man, and Selection in Relation to Sex (1871). Der skreiv han mellom anna «Kvinners spesielle egenskaper, intuisjon, persepsjon og imitasjon, er karakteristiske for de lavere raser og derfor for et forgangent og primitivt sivilisasjons-stadium».
Evolusjonsbiologien kom skeivt ut frå starten, både når det galdt synet på rase og på kvinne, meiner Nordal. Ho tykkjer sosiobiologien dreg med seg nokre av dei gamle biologiske fordommane som prega den tidlege biologien.
Zoologen Anne Kristiansen, som har forska på menneska sine partnarval, hevda til Klassekampen at kvinner ser etter ein forsørgjar, menn ser etter fruktbare kvinner. Dét tykkjer Inger Nordal er eit typisk utrykk for sosiobiologisk forenkling av røyndomen.
? Massevis av empiri motseier slike påstandar! Om du ser på skilsmissestatistikken er det flest kvinner som tar ut skilsmål. Kvifor skulle dei gjera det om dei var ute etter ein forsørgjar, som gjev stabilitet og tryggleik?
Sosiobiologien kan rett og slett ikkje seia noko om menneska si åtferd. Hypotesane som blir framsett kan ikkje provast empirisk og då tel det heller ikkje som vitskap, meiner ho.
? Det kan vera at menn har noko betre tredimensjonalt syn enn kvinner og dermed noko betre romkjensle. Sosiobiologar vil hevda at dette er noko som har evolvert fordi menn var ute på jakt og måtte sjå over lange avstandar, medan kvinnene ikkje trong slikt syn. Korleis skal du prova denne hypotesen? Ein kan like gjerne hevda at synsskilnaden har oppstådd i tidleg barndom fordi gutar og jenter får ulike leiker.
Audmjuk
Biologar bør i det heile vera meir audmjuke andsynes andre fagdisiplinar, hevdar Inger Nordal.
? Kvar gong biologane har freista seia noko om mennesket har det vorte katastrofalt. Eg er samd med Rustad i at biologien treng meir refleksjon over sine eigne grenser.
Kva med humanistane og samfunnsvitarane? Har ikkje dei «mjuke faga» noko å læra av dei «harde»? lurer vi.
? Jo, definitivt. Særleg når det gjeld dei naturvitskaplege metodane med hypotesetesting. Men eg er rett og slett uviss på om biologien kan læra andre fag noko særleg om oss menneske.
? Eg har lagt merke til at folk som definerer seg på den politiske venstresida veldig ofte les Stephen Jay Gould, er svært skeptiske til sosiobiologi og folk som Richard Dawkins. Er det ikkje ein fare for at delar av nydarwinismen kan bli avvist av rein politisk ønskjetenking?
? Eg ser at hjå meg sjølv er det nok eit samanfall mellom det eg ønskjer politisk og det eg trur er sant i biologien. Det er ikkje uproblematisk, eg ser det.
Genteknologi
Nordal innrømmer at ho byrjar å bli trøytt av debatten med sosiobiologane no. Nordal sitt i bio-teknologinemnda, høyringsinstansen for norske styremakter i høve saker som vedkjem moderne bioteknologi, og meiner det er andre debattar som blir viktigare å ta framover.
? Genteknologi! Dér kjem dei store debattane. Ny reproduksjonsteknologi opnar for enorme endringar og store etiske dilemma. Teknisk kan du i dag ta ei eggcelle frå ei kvinne, sædcelle frå ein mann, ta ut einskildceller frå mini-embryoet og sjå disposisjonar og sjukdommar og så, om ein ønskjer det, setja inn egget i ei livmor. Kva skal vi meina i slike dilemma? Dér kjem dei verkeleg avgjerande debattane til å stå framover!