«Mjølkevegen» til vår tid
Tirsdag 26. november, 2002
Norske samfunnsforskarar og humanistar manglar grunnleggjande forståing for Darwin sine klassiske innsikter og for dei mange nye darwinistisk inspirerte, tverrfaglege forskingsfelta som er i rivande utvikling internasjonalt. Det hevdar sosialantropologen Tone Bleie. Ho er forskingsleiar ved Christian Michelsens Institutt i Bergen og førsteamanuensis 2 ved Kvinnforsk ? Universitetet i Tromsø sitt senter for kjønnsforsking og kvinner i forsking.
? Det at dei fleste norske samfunnsforskarar har gått igjennom høgare utdanning utan å ha tileigna seg dei mest grunnleggjande innsikter i darwinistiske tenkjemåtar, skaper sjølvsagt barrierar for reell fagleg dialog og samarbeid mellom «dei to kulturane», seier ho.
Sjølv avsluttar Bleie i år eit forskingsrådsstøtta prosjekt kalla The Mind-Brain Continuum ? Towards A Naturalistic Feminist Theory of Embodiment and Culture. Bleie fortel at prosjektet har gjeve ho eit kjærkome høve til å setja seg inn i nokre av dei mange evolusjonært orienterte forskingsfelta som har konsekvensar både for feministiske teoriar om tilhøvet mellom språk, kropp og kjønnsidentitet og for det overordna politiske feministiske prosjektet.
Rydda i nivåa
Bleie har 20 års røynsle med kjønnsrelatert forsking, utgreiing og bistandsarbeid i Asia, særleg i Bangladesh, Nepal og India.? Trass kommunikasjonsproblem har eg eit stykke på veg makta å forstå ulike ikkje-vestlege idé- og livsverder. Men kvifor og korleis er kryss-kulturell kommunikasjon og forståing i det heile tatt mogeleg? Gjennom studiet av kjønnssosialisering i ulike typar sørasiatiske samfunn har eg ikkje berre blitt slått av kulturelle og sosiale skilnader, men òg av viktige likskapar i den kognitive utviklinga hjå born. Difor ville eg studera dei nyaste innsiktane i borns kognitive utvikling innafor ulike forskingstradisjonar.
Desse tradisjonane er samde om at det er samanhengar mellom særmenneskelege kognitive eigenskapar og utviklingshistoria vår, men dei er usamde om korleis samanhengane best kan forståast. Bleie har blant anna sett på ein del bidrag som studerer korleis ei naturhistorisk tilnærming til kjønn, foreldreskap og kultur kan bidra til å forklare kognitive kjønnsskilje og likskapar mellom kjønna i ulike samtidige samfunn.
For å forstå mennesket si kognitive utvikling må vi ha tre ulike tidsperspektiv, forklarar Bleie. Fyrst har ein fylogenetisk (artshistorisk) tid: det vil seia dei millionar av år som utgjer evolusjonær tid, heilt frå primitive «menneske»-aper fram til det moderne mennesket. Tida då våre formødrer og -fedrar blant anna utvikla sosial intelligens. Dei nære banda mellom mødrer og avkom spela truleg ei avgjerande rolle i utviklinga av sosial intelligens, språk og dei tidlegaste kulturelle uttrykka.
Det andre tidsperspektivet er historisk tid, det vil seia tida etter at det moderne mennesket hadde utvikla seg og den kulturelle utviklinga skaut fart. Denne perioden har vore merkt av overlevering og nydanning gjennom munnlege tradisjonar og materiell kultur. Eksternt minne gjennom skriftspråk, trykk og data har hovudsakleg utvikla seg berre dei seinaste tusen åra.
Det tredje viktige tidsperspektivet er ontogenetisk (individhistorisk) tid, tida det tek å bli til eit menneske og utviklinga i eit livsløpsperspektiv både biologisk, sosialt og kulturelt.
Mor og born
Ei som har kombinert desse tre tidsperspektiva i sine modellar for menneskeleg utvikling, er antropologen og sosiobiologen Sarah Blaffer Hrdy. Hrdy vart vidkjent på 1970-talet for si oppsiktsvekkjande forsking på årsakene til valdelege kjønnskonfliktar hjå langurar, ein apekattart. Hrdy har seinare forska på foreldre-born-relasjonar i både evolusjonær, historisk og ontogenetisk tid. Det er altså fleire ti-års forsking som ligg bak boka Mother Nature ? A History Of Mothers Infants, And Natural Selection (1999), som fleire har referert til i denne intervjuserien.? Samfunnsforskarar «arresterer» ofte biologar som samanliknar mennesket med andre primatar. Men Hrdy dreg ikkje konklusjonar direkte frå medfødde eigenskapar på gennivå til morskapet. Tvert om ser Hrdy på morskap som eit komplekst bio-sosialt og kulturelt fenomen. Ho har tilstrekkeleg tverrfagleg innsyn til å levera eit seriøst innspel i debatten omkring «dei store spørsmåla» om menneskeleg utvikling, meiner Bleie.
Ho meiner også at Hrdy har rett i at visse biologiske prosessar er automatiske, som til dømes hormonelle endringar under graviditet og at endorfin blir pumpa ut i kroppen under fødsel og gjer at vear kan opplevast som meir ekstatiske enn vonde.
? Dette er innsikter som ikkje bør vera problematiske for feministar. Samstundes er Hrdy fullt innforstått med at barnestell hjå mennesket er sterkt forma av dei evolusjonært sett nyaste delane av hjerneborken, neokorteks. Kortikal planlegging er påverka av kulturelle førestellingar om ære/skam, sosiale kjønnspreferansar, ambisjonar om sosial status og det gode liv i framtida, og andre komplekse tankar.
Bleie meiner ei av dei viktigaste innsiktene er kor viktig «mjølkevegen» ? det at berre kvinner ammar ? har vore for banda mellom mødre-fedre-born opp gjennom utviklingshistoria og i det moderne mennesket si historie.
? Vi veit eigentleg lite om tilhøvet mellom hannar og hoer i evolusjonær tid. Det vi til dømes veit, er at for om lag ein million år sidan nærma kjønnsskiljet i kroppsvekt og hjernestorleik seg nivået til det moderne mennesket. Dette kan tyda på at kjønna utvikla eit visst samarbeid om å pleia avkomet. Men denne og andre typar indikatorar er ikkje robuste, hevdar Bleie.
Det er også mogleg at dei tidlege omvandrande «gruppene» hadde ein stabil kjerne av mødrer, born og kanskje bestemødrer. Menn sin status som «biologiske» fedrar kan vi berre spekulera om. Hrdy argumenterer for at kvinner aldri har vore passive, og at kvinner sine ambisjonar i yrkeslivet og strev etter sosial status ikkje er noko moderne fenomen. Kvinner har truleg alltid konkurrert om sosial status, fordi det har vore vesentleg for at borna skulle overleva.
? I Mother Nature argumenterer Hrdy godt for korleis mor-born-relasjonen var ei sterk drivkraft i evolusjonen av menneskeleg intelligens og kulturelle uttrykksformer. Her kjem stendig nye forskarar på banen med viktige bidrag, fortel Bleie.
Natur i kjønnskampen?
Biologar hevdar at den grunnleggjande kjønnskonflikten kjem av kvinner og menn si ulike «investering» som foreldre. For ei kvinne følgjer større kostnader med å bli biologisk mor enn for ein mann å bli biologisk far.? Hrdy har teke til orde for at denne interessekonflikten gav grunnlag for kjønnshierarki alt i fylogenetisk tid. Her tykkjer eg Hrdy er for bastant, i lys av det eg har nemnt om kva for usikre prov vi har om kjønnstilhøva for så lenge sidan. Men Hrdy og andre feministiske nydarwinistar kan ha eit poeng når dei hevdar at teorien om ulik foreldreinvestering også kan vera med og forklara menns vald imot kvinner i dag, jamfør òg den til dels valdelege mobiliseringa i abortkampen. Vi bør vera merksame på kor unik ? i både eit evolusjonært og historisk perspektiv ? kvinner sine reproduktive rettar er i Skandinavia i dag. Det vi har oppnådd er eineståande, og ein skøyr politisk siger som vi alltid må vera budde på å kjempa for, seier Bleie.
Norske samfunnsforskarar og humanistar manglar grunnleggjande forståing for Darwin sine klassiske innsikter og for dei mange nye darwinistisk inspirerte, tverrfaglege forskingsfelta som er i rivande utvikling internasjonalt. Det hevdar sosialantropologen Tone Bleie. Ho er forskingsleiar ved Christian Michelsens Institutt i Bergen og førsteamanuensis 2 ved Kvinnforsk ? Universitetet i Tromsø sitt senter for kjønnsforsking og kvinner i forsking.
? Det at dei fleste norske samfunnsforskarar har gått igjennom høgare utdanning utan å ha tileigna seg dei mest grunnleggjande innsikter i darwinistiske tenkjemåtar, skaper sjølvsagt barrierar for reell fagleg dialog og samarbeid mellom «dei to kulturane», seier ho.
Sjølv avsluttar Bleie i år eit forskingsrådsstøtta prosjekt kalla The Mind-Brain Continuum ? Towards A Naturalistic Feminist Theory of Embodiment and Culture. Bleie fortel at prosjektet har gjeve ho eit kjærkome høve til å setja seg inn i nokre av dei mange evolusjonært orienterte forskingsfelta som har konsekvensar både for feministiske teoriar om tilhøvet mellom språk, kropp og kjønnsidentitet og for det overordna politiske feministiske prosjektet.
Rydda i nivåa
Bleie har 20 års røynsle med kjønnsrelatert forsking, utgreiing og bistandsarbeid i Asia, særleg i Bangladesh, Nepal og India.
? Trass kommunikasjonsproblem har eg eit stykke på veg makta å forstå ulike ikkje-vestlege idé- og livsverder. Men kvifor og korleis er kryss-kulturell kommunikasjon og forståing i det heile tatt mogeleg? Gjennom studiet av kjønnssosialisering i ulike typar sørasiatiske samfunn har eg ikkje berre blitt slått av kulturelle og sosiale skilnader, men òg av viktige likskapar i den kognitive utviklinga hjå born. Difor ville eg studera dei nyaste innsiktane i borns kognitive utvikling innafor ulike forskingstradisjonar.
Desse tradisjonane er samde om at det er samanhengar mellom særmenneskelege kognitive eigenskapar og utviklingshistoria vår, men dei er usamde om korleis samanhengane best kan forståast. Bleie har blant anna sett på ein del bidrag som studerer korleis ei naturhistorisk tilnærming til kjønn, foreldreskap og kultur kan bidra til å forklare kognitive kjønnsskilje og likskapar mellom kjønna i ulike samtidige samfunn.
For å forstå mennesket si kognitive utvikling må vi ha tre ulike tidsperspektiv, forklarar Bleie. Fyrst har ein fylogenetisk (artshistorisk) tid: det vil seia dei millionar av år som utgjer evolusjonær tid, heilt frå primitive «menneske»-aper fram til det moderne mennesket. Tida då våre formødrer og -fedrar blant anna utvikla sosial intelligens. Dei nære banda mellom mødrer og avkom spela truleg ei avgjerande rolle i utviklinga av sosial intelligens, språk og dei tidlegaste kulturelle uttrykka.
Det andre tidsperspektivet er historisk tid, det vil seia tida etter at det moderne mennesket hadde utvikla seg og den kulturelle utviklinga skaut fart. Denne perioden har vore merkt av overlevering og nydanning gjennom munnlege tradisjonar og materiell kultur. Eksternt minne gjennom skriftspråk, trykk og data har hovudsakleg utvikla seg berre dei seinaste tusen åra.
Det tredje viktige tidsperspektivet er ontogenetisk (individhistorisk) tid, tida det tek å bli til eit menneske og utviklinga i eit livsløpsperspektiv både biologisk, sosialt og kulturelt.
Mor og born
Ei som har kombinert desse tre tidsperspektiva i sine modellar for menneskeleg utvikling, er antropologen og sosiobiologen Sarah Blaffer Hrdy. Hrdy vart vidkjent på 1970-talet for si oppsiktsvekkjande forsking på årsakene til valdelege kjønnskonfliktar hjå langurar, ein apekattart. Hrdy har seinare forska på foreldre-born-relasjonar i både evolusjonær, historisk og ontogenetisk tid. Det er altså fleire ti-års forsking som ligg bak boka
Mother Nature ? A History Of Mothers Infants, And Natural Selection (1999), som fleire har referert til i denne intervjuserien.
? Samfunnsforskarar «arresterer» ofte biologar som samanliknar mennesket med andre primatar. Men Hrdy dreg ikkje konklusjonar direkte frå medfødde eigenskapar på gennivå til morskapet. Tvert om ser Hrdy på morskap som eit komplekst bio-sosialt og kulturelt fenomen. Ho har tilstrekkeleg tverrfagleg innsyn til å levera eit seriøst innspel i debatten omkring «dei store spørsmåla» om menneskeleg utvikling, meiner Bleie.
Ho meiner også at Hrdy har rett i at visse biologiske prosessar er automatiske, som til dømes hormonelle endringar under graviditet og at endorfin blir pumpa ut i kroppen under fødsel og gjer at vear kan opplevast som meir ekstatiske enn vonde.
? Dette er innsikter som ikkje bør vera problematiske for feministar. Samstundes er Hrdy fullt innforstått med at barnestell hjå mennesket er sterkt forma av dei evolusjonært sett nyaste delane av hjerneborken, neokorteks. Kortikal planlegging er påverka av kulturelle førestellingar om ære/skam, sosiale kjønnspreferansar, ambisjonar om sosial status og det gode liv i framtida, og andre komplekse tankar.
Bleie meiner ei av dei viktigaste innsiktene er kor viktig «mjølkevegen» ? det at berre kvinner ammar ? har vore for banda mellom mødre-fedre-born opp gjennom utviklingshistoria og i det moderne mennesket si historie.
? Vi veit eigentleg lite om tilhøvet mellom hannar og hoer i evolusjonær tid. Det vi til dømes veit, er at for om lag ein million år sidan nærma kjønnsskiljet i kroppsvekt og hjernestorleik seg nivået til det moderne mennesket. Dette kan tyda på at kjønna utvikla eit visst samarbeid om å pleia avkomet. Men denne og andre typar indikatorar er ikkje robuste, hevdar Bleie.
Det er også mogleg at dei tidlege omvandrande «gruppene» hadde ein stabil kjerne av mødrer, born og kanskje bestemødrer. Menn sin status som «biologiske» fedrar kan vi berre spekulera om. Hrdy argumenterer for at kvinner aldri har vore passive, og at kvinner sine ambisjonar i yrkeslivet og strev etter sosial status ikkje er noko moderne fenomen. Kvinner har truleg alltid konkurrert om sosial status, fordi det har vore vesentleg for at borna skulle overleva.
? I Mother Nature argumenterer Hrdy godt for korleis mor-born-relasjonen var ei sterk drivkraft i evolusjonen av menneskeleg intelligens og kulturelle uttrykksformer. Her kjem stendig nye forskarar på banen med viktige bidrag, fortel Bleie.
Natur i kjønnskampen?
Biologar hevdar at den grunnleggjande kjønnskonflikten kjem av kvinner og menn si ulike «investering» som foreldre. For ei kvinne følgjer større kostnader med å bli biologisk mor enn for ein mann å bli biologisk far.
? Hrdy har teke til orde for at denne interessekonflikten gav grunnlag for kjønnshierarki alt i fylogenetisk tid. Her tykkjer eg Hrdy er for bastant, i lys av det eg har nemnt om kva for usikre prov vi har om kjønnstilhøva for så lenge sidan. Men Hrdy og andre feministiske nydarwinistar kan ha eit poeng når dei hevdar at teorien om ulik foreldreinvestering også kan vera med og forklara menns vald imot kvinner i dag, jamfør òg den til dels valdelege mobiliseringa i abortkampen. Vi bør vera merksame på kor unik ? i både eit evolusjonært og historisk perspektiv ? kvinner sine reproduktive rettar er i Skandinavia i dag. Det vi har oppnådd er eineståande, og ein skøyr politisk siger som vi alltid må vera budde på å kjempa for, seier Bleie.










