Rase eller ikkje rase
Mandag 25. november, 2002
Kva er menneskerase? Finst noko slikt? Germanisten Torgeir Skorgen ved Universitet i Bergen har skrive boka Rasens oppfinnelse, der han hevdar at raseomgrepet er ein kulturell og uvitskapleg konstruksjon som bør utraderast frå språket. Kort sagt: Det reinaste tøv.
? Kvifor kan vi ikkje bruke raseomgrepet, Skorgen? Vi ser jo alle at det er skilnader på folk frå ulike område.
? Det er fleire grunnar til at vi bør halde oss for god til brukte raseomgrepet. Særleg farleg er omgrepet fordi det er mytologisk forførande. Rase pretenderer å vere noko naturleg, sjølvsagt og urgammalt, men i røynda er det ein to-trehundre år gamal konstruksjon, som knyter seg til inngangen til det moderne, og særleg dei store oppdagingane. Desse gjorde at det europeiske mennesket fekk trong til å redefinere seg sjølve, fortel Skorgen.
Eg, ein orangutang?
Gjennom reiselitteratur frå dei nye kontinenta vart europearane konfrontert med menneske som både likna og ikkje likna dei sjølve. Spørsmålet opplysningsfilosofane som til dømes Emanuel Kant og Baron de Montisque då byrja å stille seg, var om desse menneska er menneske på same måten som europearane er det.? Ein av dei store debattane var om orangutangen var menneske eller ikkje. Debatten oppstod grunna den svenske botanikaren Carl von Linnés noko uheldig påstand om at denne store apa høyrde heime under menneskearten.
? Viser ikkje dette nettopp at mennesket har trong til å kategorisere ulike fenomen? Dei såg at desse andre hadde ei ulikt utsjåande frå dei sjølve, og dei prøvde å forklare dette så best dei kunne. Frå ein biologisk ståstad er vel dette forståeleg? Både då og no?
? Det som skil raseomgrepet frå ein seriøs diskusjon om biologiske forskjellar, er at det i raseomgrepet eksisterer ei insistering på at det finnast eit sett av ytre fysiske eigenskapar som er kopla saman, svart hudfarge til krusa hår, flate nasar, tjukke lepper osv. Det eksisterer ingen slik samanheng, seier Skorgen.
Ingen samanheng
Han meiner at det heller ikkje finnast mentale og fysiske eigenskapar som kan koplast saman.? Slike påstandar høyrer heime i den verkeleg klassiske rasismen. Den same Linné som hevda at orangutangen var menneske, hevda at negrane var late, lumske og sutlause, påstandar som igjen bidrog til legitimere kolonialismen.
? Og no kjem du med det moderne blikket og fordømmer alt dette?
? Det ville vere eit dårleg prosjekt berre å fordømme. Mitt prosjekt er å la desse rasetenkjarane kome til orde, for på den måten å få fram alle dei logiske kortslutningane, blandinga av pretendert vitskap og kulturelle stereotypiar, metafysikk og rein overtru.
Peer Gynt
Ein annan humanist som òg gjorde narr av rasetenkinga, og som Skorgen kjenner slektskap med, var Henrik Ibsen. I Peer Gynt er det lange harselasar både med norsk nasjonalisme, rasetenking og europeisk imperialisme.? I ei passasje sit Peer i ørkenen og drøymer om å opprette kolonien Gyntiania, ? der i mitt hav på en fet oase, vil jeg forplante den norske rase, som han skriv. Der ser du at Ibsen skriv i ein kontekst der rase alt er kopla til nasjonalitet. Ibsen viser til ein trend i raseforskinga på 1800-talet som freista å få dei påståtte rasegrensene til å falle saman med nasjonsgrensene. På den måten kunne rasismen òg støtte opp om nasjonsbygginga, fortel Skorgen.
På grunn av det harde klimaet skulle nordmennene vere spesielt hardføre og fridomselskande, men også ærlege og meir nøkterne. Skorgen meiner det er i denne samanhengen vi må forstå at raseforskinga på slutten av 1800-talet dreier seg inn mot nasjonen.
? Hjå oss oppstår to-raseteorien som hevdar at det opphavleg var to raser i Noreg: Ei herskarrase, som stod for modernisering og framsteg, medan den andre var slavefolk som streva mot endring. Liknande inndelingar ser vi vel og i dagens norske samfunn, men med ein litt annan retorikk.
? Du ser altså tendensar til raseforklaringar i dagens samfunn?
? Biologisme er avgjort på veg attende, som ein slags verdsforklarande modell, eit heilskapleg kunnskapsregime, om du vil. Eigentleg har vi to ulike diskusjonar, det eine går på intelligenstestar. I USA på 90-talet freista ein å på nytt å knyte rase saman med intelligens, mest kjent er vel boka The Bell Curve der to psykologar ufrivillig avslørte alle dei feilkjeldene intelligenstestar lir av. Til dømes vart svarte utset for intelligenstestar som var tenkt til unge forretningsfolk, eit kvart klasseperspektiv var fråverande i denne boka. Dei korrigerte heller ikkje for kulturell kapital. Difor vart resultatet som det måtte verte, dei svarte kom på sisteplass.
Genetikk
Den andre diskusjonen er den som går på genetikk. Dei fleste nordmenn trur at genetikarane har svaret på rase og raseinndeling, men her tek vi feil, fortel Skorgen? Genetikarane har heilt frå mellomkrigstida avvist ei kvar raseinndeling. Det dei seier, er at det finnast 40.000 menneskelege gen, eit tredjedel av desse er klarlagt med tanke på funksjon, men likevel er det høgst usikkert kva slags samanheng det er mellom ytre fysiske utrykk og indre genkode. Genetikarane seier at visst finnast det arveleg mangfald, visst finst det eigenskapar som er meir hyppige i visse geografiske område, men desse ulike eigenskapane er ikkje hekta saman. Til dømes er det ikkje ein samanheng mellom høg lekamshøgde og mørkt krølla hår, eller lyst glatt hår, slik som mange påstår, seier Skorgen.
Dei arvelege eigenskapane eksisterer altså ikkje i sett, korkje allment eller i avgrensa geografiske område. Det er med andre ord ingen naturvitskapleg heimel for å kunne snakke om rase. Rase er kulturelt skapt, etter Skorgens syn.
Kva er menneskerase? Finst noko slikt? Germanisten Torgeir Skorgen ved Universitet i Bergen har skrive boka Rasens oppfinnelse, der han hevdar at raseomgrepet er ein kulturell og uvitskapleg konstruksjon som bør utraderast frå språket. Kort sagt: Det reinaste tøv.
? Kvifor kan vi ikkje bruke raseomgrepet, Skorgen? Vi ser jo alle at det er skilnader på folk frå ulike område.
? Det er fleire grunnar til at vi bør halde oss for god til brukte raseomgrepet. Særleg farleg er omgrepet fordi det er mytologisk forførande. Rase pretenderer å vere noko naturleg, sjølvsagt og urgammalt, men i røynda er det ein to-trehundre år gamal konstruksjon, som knyter seg til inngangen til det moderne, og særleg dei store oppdagingane. Desse gjorde at det europeiske mennesket fekk trong til å redefinere seg sjølve, fortel Skorgen.
Eg, ein orangutang?
Gjennom reiselitteratur frå dei nye kontinenta vart europearane konfrontert med menneske som både likna og ikkje likna dei sjølve. Spørsmålet opplysningsfilosofane som til dømes Emanuel Kant og Baron de Montisque då byrja å stille seg, var om desse menneska er menneske på same måten som europearane er det.
? Ein av dei store debattane var om orangutangen var menneske eller ikkje. Debatten oppstod grunna den svenske botanikaren Carl von Linnés noko uheldig påstand om at denne store apa høyrde heime under menneskearten.
? Viser ikkje dette nettopp at mennesket har trong til å kategorisere ulike fenomen? Dei såg at desse andre hadde ei ulikt utsjåande frå dei sjølve, og dei prøvde å forklare dette så best dei kunne. Frå ein biologisk ståstad er vel dette forståeleg? Både då og no?
? Det som skil raseomgrepet frå ein seriøs diskusjon om biologiske forskjellar, er at det i raseomgrepet eksisterer ei insistering på at det finnast eit sett av ytre fysiske eigenskapar som er kopla saman, svart hudfarge til krusa hår, flate nasar, tjukke lepper osv. Det eksisterer ingen slik samanheng, seier Skorgen.
Ingen samanheng
Han meiner at det heller ikkje finnast mentale og fysiske eigenskapar som kan koplast saman.
? Slike påstandar høyrer heime i den verkeleg klassiske rasismen. Den same Linné som hevda at orangutangen var menneske, hevda at negrane var late, lumske og sutlause, påstandar som igjen bidrog til legitimere kolonialismen.
? Og no kjem du med det moderne blikket og fordømmer alt dette?
? Det ville vere eit dårleg prosjekt berre å fordømme. Mitt prosjekt er å la desse rasetenkjarane kome til orde, for på den måten å få fram alle dei logiske kortslutningane, blandinga av pretendert vitskap og kulturelle stereotypiar, metafysikk og rein overtru.
Peer Gynt
Ein annan humanist som òg gjorde narr av rasetenkinga, og som Skorgen kjenner slektskap med, var Henrik Ibsen. I Peer Gynt er det lange harselasar både med norsk nasjonalisme, rasetenking og europeisk imperialisme.
? I ei passasje sit Peer i ørkenen og drøymer om å opprette kolonien Gyntiania, ? der i mitt hav på en fet oase, vil jeg forplante den norske rase, som han skriv. Der ser du at Ibsen skriv i ein kontekst der rase alt er kopla til nasjonalitet. Ibsen viser til ein trend i raseforskinga på 1800-talet som freista å få dei påståtte rasegrensene til å falle saman med nasjonsgrensene. På den måten kunne rasismen òg støtte opp om nasjonsbygginga, fortel Skorgen.
På grunn av det harde klimaet skulle nordmennene vere spesielt hardføre og fridomselskande, men også ærlege og meir nøkterne. Skorgen meiner det er i denne samanhengen vi må forstå at raseforskinga på slutten av 1800-talet dreier seg inn mot nasjonen.
? Hjå oss oppstår to-raseteorien som hevdar at det opphavleg var to raser i Noreg: Ei herskarrase, som stod for modernisering og framsteg, medan den andre var slavefolk som streva mot endring. Liknande inndelingar ser vi vel og i dagens norske samfunn, men med ein litt annan retorikk.
? Du ser altså tendensar til raseforklaringar i dagens samfunn?
? Biologisme er avgjort på veg attende, som ein slags verdsforklarande modell, eit heilskapleg kunnskapsregime, om du vil. Eigentleg har vi to ulike diskusjonar, det eine går på intelligenstestar. I USA på 90-talet freista ein å på nytt å knyte rase saman med intelligens, mest kjent er vel boka The Bell Curve der to psykologar ufrivillig avslørte alle dei feilkjeldene intelligenstestar lir av. Til dømes vart svarte utset for intelligenstestar som var tenkt til unge forretningsfolk, eit kvart klasseperspektiv var fråverande i denne boka. Dei korrigerte heller ikkje for kulturell kapital. Difor vart resultatet som det måtte verte, dei svarte kom på sisteplass.
Genetikk
Den andre diskusjonen er den som går på genetikk. Dei fleste nordmenn trur at genetikarane har svaret på rase og raseinndeling, men her tek vi feil, fortel Skorgen
? Genetikarane har heilt frå mellomkrigstida avvist ei kvar raseinndeling. Det dei seier, er at det finnast 40.000 menneskelege gen, eit tredjedel av desse er klarlagt med tanke på funksjon, men likevel er det høgst usikkert kva slags samanheng det er mellom ytre fysiske utrykk og indre genkode. Genetikarane seier at visst finnast det arveleg mangfald, visst finst det eigenskapar som er meir hyppige i visse geografiske område, men desse ulike eigenskapane er ikkje hekta saman. Til dømes er det ikkje ein samanheng mellom høg lekamshøgde og mørkt krølla hår, eller lyst glatt hår, slik som mange påstår, seier Skorgen.