Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Lørdag 23. november, 2002

Lukrativ risiko

Lørdag 23. november, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
PRESTIGE: Oljeselskap som satsar på gamle tankskip tener millionar per seilas på å ta sjansen. Går skipet ned, syt forsikringa for endå større gevinst.

Det er store pengar å tena på skip som 26 år gamle Prestige, som knekte i to og gjekk ned utanfor spanskekysten tysdag. Prestige er 12 år eldre enn gjennomsnittet i bransjen og har enkelt skrog, noko som er totalforbode i EU-området frå 2015. Då skal alle tankskip ha dobbelt skrog, som reduserer risikoen for storstilte miljøkatastrofar som den spanske fiskarar no har fått inn over strendene sine.

  Eit nybygd skip av same slag som Prestige (Afromax) kostar 33,5 millionar dollar. Eit 20 år gammalt skip kostar 4,5 millionar.

Dette får Klassekampen opplyst hos hovudkontoret til shippinggiganten Clarksons i London. Eit 26 år gammalt skip som Prestige er endå billegare.

? Det blir openbert ein ganke stor differanse årleg. Kostnadene til mannskap og slikt er dei same, men avskriving og finansieringsutgiftene blir mykje lågare for gamle skip, seier ein representant for Clarksons.

Håvar inn

Selskapa som tek sjansen kan håva inn, både når det går bra og når katastrofen er eit faktum.

  Berre på turen frå Latvia til Singapore, som havarerte, ville den russiskeigde oljeeksportøren Crown Resources ha tent tre millionar kroner (400.000 USD) ved å velja 26 år gamle Prestige framfor eit nyare skip. Dette hevdar europeiske oljemeglarar, skriv Reuters.

  Normalt er oljelasta forsikra til 110 prosent av verdien. Dermed kan Crown tena rundt sju millionar kroner (1 million USD) på at Prestige gjekk ned.

? Crown kan venta seg ei massiv utbetaling, om dei tok normal dekning, seier ein London-basert oljehandlar til Reuters. Ei talskvinne for Crown, som er registrert i Sveits og kontrollert av den russiske Alfa-gruppa, vil ikkje kommentera forsikringsspørsmålet.

Lokalbefolkninga, som har mange tonn oljesøl å stri med, kan ikkje rekna med skadeerstatning frå Crown, med mindre påtalemakta kan prova at selskapet visste Prestige var i dårleg stand.

Leiger gamle skip

Etter tidlegare skandalar som Exxon Valdez og Erika-forliset for tre år sidan, er dei store oljeselskapa opptekne av å ikkje framstå som kyniske risikotakarar med gamle rustholkar i fri flyt på verdshava. I tilfellet Prestige, har British Petroleum (BP) understreka at skipet ikkje passerte selskapet sin kvalitetskontroll i 2000.

Men dei store selskapa som BP, Shell og ExxonMobil leiger framleis svært gamle skip. Med hjelp frå skipsmeglarar i London, dokumenterer The Gurardian at storselskapa vel oljetankarar på grunnlag av pris. Alle dei tre nemnte leiger gamle skip med enkelt skrog, det gjer også ChevronTexaco og russiske Lukoil.

3. november hyra Shell 24 år gamle Enalios for å frakta 80.000 tonn olje fra Baltikum til Singapore. 23. oktober hyra Shell 24 år gamle Aptera M for å få ei tilsvarande last til Singapore. 8. november leigde BP 22 år gamle North Sea for å ta 80.000 tonn olje frå Irak til Middelhavet.

? Noreg er best

? Alderen på skipet er ikkje det same som kvaliteten. Vedlikehald speler også ei viktig rolle, understrekar informasjonssjef Marit Ytreeide i Norsk Rederiforbund. Ho meiner den norske reiarnæringa er av høgaste kvalitet.

? Det går nok ein del skip som ikkje burde vore der ute. Men då snakkar eg ikkje om dei norske, seier Ytreeide.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT