Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Torsdag 21. november, 2002

Stoler ikkje på miljømerking

Torsdag 21. november, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
TROPISK TØMMER: Miljømerking av tropisk trevirke er ikkje til å stole på. Det slår Regnskogsfondet fast i ein ny rapport.

Korrupsjon, ulovleg hogst og hogst i viktige område for utryddingstrua dyr, samt alvorlege menneskerettsbrot er mellom døma ein fersk rapport frå Regnskogsfondet trekk fram om FSC-merka tømmer. FSC (Forest Stewardship Council) vart oppretta i 1993 for å stø miljømessig og sosialt forsvarleg skogdrift. Greenpeace, Friends of the Earth og Verdas Naturfond (WWF) stør organisasjonen. Regnskogsfondet har tidlegare stødd FSC, men åtvarar no offentleg mot merkinga.

? Dersom du kjøper varer med FSC-merking, kan du ikkje vere heilt sikker på at dette er forsvarleg hogd, seier kampanjeansvarleg i Regnskogfondet, Nils Hermann Ranum.

? Vi ber folk unngå alt tropisk tømmer.

Økonomisk interesse av merking

Når eit produkt ber FSC-merket, garanterer FSC at «produktet kjem frå ein skog som er handsama i tråd med internasjonalt godkjende sosiale og miljømessige prinsipp og kriterium». Regnskogfondet avdekkjer grove brot på denne lovnaden.

? Eit døme er eit naturskogområde i Indonesia, der hogsten skjer i strid med urfolket sine ønskje, og øydelegg tilhadsstader for den utryddingstruga Sumatra-tigaren, fortel Ranum. Han meiner at problemet ikkje ligg i retningslinene for organisasjonen, men i korleis dei vert praktisert.

? Hovudproblemet til FSC er at dei som sertifiserer tømmeret for hogst, har økonomisk interesse av å godkjenne mest mogleg, fortset Ranum. FSC godkjenner sertifisørar som skal sjekke kvart skogbruk opp mot sitt regelverk, men skogeigarane kontaktar sertifisørane sjølve, og kan slik velje dei som tek lettast på reglane. Difor får dei flest oppdrag og tener mest pengar. Det er store forskjellar i kor stor grad FSC sitt regelverk vert følgd, held han fram.

Miljørørsla står bak merkinga

Forest Stewardship Council er styrt av tre ulike kammer - miljø, sosialt og næringsliv. Organisasjonen er aktivt stødd av mellom anna Greenpeace, Friends of the Earth og Verdas Naturfond (WWF), dei sistnemnde óg økonomisk. Greenpeace New Zealand sit i det internasjonale styret for FSC. Greenpeace Noreg vil ikkje kommentere saka til Klassekampen før dei har sett seg meir inn i ho.

Regnskogsfondet meiner det framleis er mogleg å få FSC til å følgje sine eigne reglar.

? Ingen av dei andre merkeordningane som finst er i nærleiken av å gi tilfredsstillande miljømessige og sosiale kriterium for skogsdrifta. Difor er det så viktig for oss at FSC praktiserar sitt eige regelverk, seier Lars Løvold, leiar i Regnskogfondet. Han er no i Mexico på FSCs generalforsamling, og ynskjer å reformere organisasjonen:

? Målet er å redde FSC, slik at vi kan stole på at FSC-merka produkt berre kjem frå miljømessig og sosialt forbruk, seier Løvold.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT