Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Kultur & medier
Torsdag 21. november, 2002

Angsten for å vera upatriotisk

Torsdag 21. november, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Ellen Hume er mellom USAs fremste journalistar og mediaanalytikarar. Tysdag var ho i Oslo og teikna eit deprimerande bilete. ? Majoriteten av amerikanske journalistar har slutta å stille dei kritiske spørsmåla. Dei er redde for å misse jobbane sine.

? Det amerikanske systemet og den amerikanske pressa makta ikkje å ta konsekvensen av det som kom fram etter granskingane av presidentvalet i Florida. Skulle vi ha gjort det, måtte vi ha kravd avgangen til George Bush. Det orka vi ikkje, seier Ellen Hume. Og med meir enn 30-års røynsle som reporter og analytikar av amerikanske og internasjonale medium burde ho ha bakgrunn for eigne meiningar.

Vi snakka med den tidlegare Wall Street Journal-journalisten og Harvard-professoren før førelesinga skulle halde for Fritt Ord på tysdag, og bad henne gje oss ei kort oversikt over utviklinga i amerikanske medium dei siste 10-åra.

? Då eg starta som journalist attende i 1969, var vi ei eksotisk rase. Vi fekk låg løn, vi var dårleg utdanna og vi var ikkje særleg respekterte. Slik er det ikkje lenger. No er vi rike og mektige. Det mest vesentlege utviklingstrekket i mi tid som journalist, har vore overføring av makt frå politikarane til media. På grunn av denne endringa, har vi fått ein heilt ny politisk kultur i USA, seier Hume.

Utan standardar

Ein direkte konsekvens av den endra maktbalansen, er at stort sett alt som var av autoritetar, har vorte undergrave.

? Pressa har fjerna nimbusen rundt prestane, statsmennene og akademikarane. Det direkte resultatet ser vi kvar einaste dag. Mange unge meiner i fullt alvor at det dei les på ei tilfeldig heimeside på internett, er meir verkeleg og autorativt enn det dei les i respekterte aviser. Standarane har forvitra, seier ho.

I USA kan mykje at forfallet førast attende til Watergate, som etter Humes syn gjorde amerikanske medium sjukeleg opptekne av skandalar.

? Avdekkinga av Watergate var den flottaste augneblinken i amerikansk journalistikk. Bitt for bitt fylgde Bernstein og Woodward historia, dag for dag avslørte dei meir. Dei gjorde jobben sin. Men heile hendinga var så unik, så fantastisk at alle byrja å sjå etter liknande historier. Men i staden for betre journalistikk fekk vi tåpelege rapportar som frå Whitewater, ryktespreiing om elskarar og elskarinner til Bill og Hillary Clinton.

Hume meiner at amerikanske medium er vortne fartsblinde. Dei er ikkje lenger i stand til å sjå ein verkeleg skandale, ei verkeleg historie. I staden er den jamne amerikanar vorten desillusjonert, trøtt av sex og politikk som underhalding.

Men dette handlar ikkje berre om påverknaden frå Watergate. Det handlar sjølvsagt òg om pengar.

? Tanken har vore at dess meir underhaldning, dess større publikum, dess større reklameinntekter. Vi er der for å tene pengar til eigarane våre.

11. september

Så kom 11. september.

? 11. september endra alt. For fyrste gong opplevde vi eit åtak inne på vårt eige kontinent, og vi forstod ingenting. Vi fekk granatsjokk og vart pasifiserte i lang tid. I ei tid då vi trong kvalifiserte journalistar som mest, hadde vi nær ingen som kunne fortelje oss kva som skjedde, ingen som kunne leggje fakta på bordet og gje svaret på kvifor dei hata oss slik, seier Hume.

Ho hevdar at amerikanske journalistar etter 11. september heilt har mista retningssansen, at dei ikkje forstår kva jobben deira handlar om, og at dei er nevrotisk opptekne av ikkje å støyte publikum frå seg.

? Tanken er at om eg stiller kritiske spørsmål, ville eg verte oppfatta som upatriotisk, og då vil sjåarane og lesarane vil gå ein annan stad. Og eg sit att utan jobb, seier Hume.

Amerikanske journalistar er med andre ord i popularitetsbransjen, på same måten som amerikanske politikarar er. Det er ikkje sakene, men meiningsmålingane som avgjer sakene og korleis dei vert presentert.

? Det amerikanarane får i staden for gode svar på kritiske spørsmål, er ein søt intervjuar som stiller spørsmål til generalane om korleis dei har det i dag og korleis det står til med familien. Verst er det i tv, der forstår dei ikkje lenger kva det vil seie å vere journalistar. Sjå berre korleis dei framstår med sine store amerikanske flagg på jakkeslaget. For meg er dette berre trist.

Florida? Men er den manglande kritiske sansen noko nytt som har kome til etter 11. september? Kvifor har til dømes ikkje avsløringane av kva som gjekk føre seg i Florida fått konsekvensar for dei som var involvert og for George Bush sjølv? ? Dei store tv-kanalane tabba seg ut valnatta. Dei erklærte Bush som vinnar på eit altfor tidleg tidspunkt. Faktisk starta det heile ved at John Ellis, ein tilset i eit tv-selskap og nevø av George Bush, ringde hovudkvarteret sitt og sa at valet var avgjord og at Bush hadde vunne. Dette førte igjen til at alle selskapa sa at valet var avgjort, og at Bush hadde henta heim sigeren, fortel Hume.Ho meiner ikkje at tv-selskapa sa dette fordi det var nevøen til Bush som kom med opplysinga, men heller fordi dei alle ville vere fyrst ut med nyheita.? Men slik byrja tida å arbeide for Bush. Det vart færre og færre som var villig til å kjempe for ei omteljing, og med det for Al Gore. Det høyrer med i historia at Ellis vart sparka, legg Hume til.Ho avviser likevel at media i etterkant av valskandalen ikkje gjorde jobben sin. Dei trekte berre ikkje konklusjonen av det dei fann.? Fordi dette var ei så stor og så infisert sak, gjekk alle dei store nyheitsorganisasjonane inn med massive ressursar for å finne ut kva som verkeleg hadde hendt. Og dei fann faktisk ut kva det var som hadde skjedd, at det var slik at Gore hadde vunne valet. Problemet var berre dette at redaktørane ikkje makta å ta konsekvensen av det dei hadde funne ut.? Skulle dei det ha gjort, måtte dei ha stilt seg det enkle spørsmålet: Kva tyder dette? Det gjorde dei, men svaret var så skremmande at dei ikkje ville fortelje det offentleg. Alle samfunn har ei kolossal investering i å oppretthalde status quo. Dette gjeld spesielt i USA, vi er for store og mektige til at vi kunne ta risken på å gå gjennom ein slik prosess.? Og etter 11. september er det heile vorte uaktuelt, avsluttar Hume.

? Det amerikanske systemet og den amerikanske pressa makta ikkje å ta konsekvensen av det som kom fram etter granskingane av presidentvalet i Florida. Skulle vi ha gjort det, måtte vi ha kravd avgangen til George Bush. Det orka vi ikkje, seier Ellen Hume. Og med meir enn 30-års røynsle som reporter og analytikar av amerikanske og internasjonale medium burde ho ha bakgrunn for eigne meiningar.

Vi snakka med den tidlegare Wall Street Journal-journalisten og Harvard-professoren før førelesinga skulle halde for Fritt Ord på tysdag, og bad henne gje oss ei kort oversikt over utviklinga i amerikanske medium dei siste 10-åra.

? Då eg starta som journalist attende i 1969, var vi ei eksotisk rase. Vi fekk låg løn, vi var dårleg utdanna og vi var ikkje særleg respekterte. Slik er det ikkje lenger. No er vi rike og mektige. Det mest vesentlege utviklingstrekket i mi tid som journalist, har vore overføring av makt frå politikarane til media. På grunn av denne endringa, har vi fått ein heilt ny politisk kultur i USA, seier Hume.

Utan standardar
Ein direkte konsekvens av den endra maktbalansen, er at stort sett alt som var av autoritetar, har vorte undergrave.

? Pressa har fjerna nimbusen rundt prestane, statsmennene og akademikarane. Det direkte resultatet ser vi kvar einaste dag. Mange unge meiner i fullt alvor at det dei les på ei tilfeldig heimeside på internett, er meir verkeleg og autorativt enn det dei les i respekterte aviser. Standarane har forvitra, seier ho.

I USA kan mykje at forfallet førast attende til Watergate, som etter Humes syn gjorde amerikanske medium sjukeleg opptekne av skandalar.

? Avdekkinga av Watergate var den flottaste augneblinken i amerikansk journalistikk. Bitt for bitt fylgde Bernstein og Woodward historia, dag for dag avslørte dei meir. Dei gjorde jobben sin. Men heile hendinga var så unik, så fantastisk at alle byrja å sjå etter liknande historier. Men i staden for betre journalistikk fekk vi tåpelege rapportar som frå Whitewater, ryktespreiing om elskarar og elskarinner til Bill og Hillary Clinton.

Hume meiner at amerikanske medium er vortne fartsblinde. Dei er ikkje lenger i stand til å sjå ein verkeleg skandale, ei verkeleg historie. I staden er den jamne amerikanar vorten desillusjonert, trøtt av sex og politikk som underhalding.

Men dette handlar ikkje berre om påverknaden frå Watergate. Det handlar sjølvsagt òg om pengar.

? Tanken har vore at dess meir underhaldning, dess større publikum, dess større reklameinntekter. Vi er der for å tene pengar til eigarane våre.

11. september
Så kom 11. september.

? 11. september endra alt. For fyrste gong opplevde vi eit åtak inne på vårt eige kontinent, og vi forstod ingenting. Vi fekk granatsjokk og vart pasifiserte i lang tid. I ei tid då vi trong kvalifiserte journalistar som mest, hadde vi nær ingen som kunne fortelje oss kva som skjedde, ingen som kunne leggje fakta på bordet og gje svaret på kvifor dei hata oss slik, seier Hume.

Ho hevdar at amerikanske journalistar etter 11. september heilt har mista retningssansen, at dei ikkje forstår kva jobben deira handlar om, og at dei er nevrotisk opptekne av ikkje å støyte publikum frå seg.

? Tanken er at om eg stiller kritiske spørsmål, ville eg verte oppfatta som upatriotisk, og då vil sjåarane og lesarane vil gå ein annan stad. Og eg sit att utan jobb, seier Hume.

Amerikanske journalistar er med andre ord i popularitetsbransjen, på same måten som amerikanske politikarar er. Det er ikkje sakene, men meiningsmålingane som avgjer sakene og korleis dei vert presentert.

? Det amerikanarane får i staden for gode svar på kritiske spørsmål, er ein søt intervjuar som stiller spørsmål til generalane om korleis dei har det i dag og korleis det står til med familien. Verst er det i tv, der forstår dei ikkje lenger kva det vil seie å vere journalistar. Sjå berre korleis dei framstår med sine store amerikanske flagg på jakkeslaget. For meg er dette berre trist.

Florida ? Men er den manglande kritiske sansen noko nytt som har kome til etter 11. september? Kvifor har til dømes ikkje avsløringane av kva som gjekk føre seg i Florida fått konsekvensar for dei som var involvert og for George Bush sjølv? ? Dei store tv-kanalane tabba seg ut valnatta. Dei erklærte Bush som vinnar på eit altfor tidleg tidspunkt. Faktisk starta det heile ved at John Ellis, ein tilset i eit tv-selskap og nevø av George Bush, ringde hovudkvarteret sitt og sa at valet var avgjord og at Bush hadde vunne. Dette førte igjen til at alle selskapa sa at valet var avgjort, og at Bush hadde henta heim sigeren, fortel Hume.Ho meiner ikkje at tv-selskapa sa dette fordi det var nevøen til Bush som kom med opplysinga, men heller fordi dei alle ville vere fyrst ut med nyheita.? Men slik byrja tida å arbeide for Bush. Det vart færre og færre som var villig til å kjempe for ei omteljing, og med det for Al Gore. Det høyrer med i historia at Ellis vart sparka, legg Hume til.Ho avviser likevel at media i etterkant av valskandalen ikkje gjorde jobben sin. Dei trekte berre ikkje konklusjonen av det dei fann.? Fordi dette var ei så stor og så infisert sak, gjekk alle dei store nyheitsorganisasjonane inn med massive ressursar for å finne ut kva som verkeleg hadde hendt. Og dei fann faktisk ut kva det var som hadde skjedd, at det var slik at Gore hadde vunne valet. Problemet var berre dette at redaktørane ikkje makta å ta konsekvensen av det dei hadde funne ut.? Skulle dei det ha gjort, måtte dei ha stilt seg det enkle spørsmålet: Kva tyder dette? Det gjorde dei, men svaret var så skremmande at dei ikkje ville fortelje det offentleg. Alle samfunn har ei kolossal investering i å oppretthalde status quo. Dette gjeld spesielt i USA, vi er for store og mektige til at vi kunne ta risken på å gå gjennom ein slik prosess.? Og etter 11. september er det heile vorte uaktuelt, avsluttar Hume.

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT