Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522

Kvifor kanon?

Kvifor kanon?

Onsdag 20. november, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

Skal vi respektere innholdet i Kvalitetsreformen, må vi prøve å lage et system tilpasset studentenes ønsker og behov.» Det er fyrsteamanuensis Nils Axel Nissen ved Institutt for britiske og amerikanske studier (IBA) ved Universitet i Oslo som taler. Vi køyrer setninga på nytt, men med eitt ord endra:«Skal vi respektere innholdet i Kvalitetsreformen, må vi prøve å lage et system tilpasset markedets ønsker og behov.»Sånn, då veit vi kva vi snakkar om. Vi kan byrje.Her i avisa kom det i går fram at det er nye tider på IBA i Oslo. Den 28. oktober vedtok instituttstyret at det ikkje skal vere eit krav at studentane må ha fordjupingskurs i eldre engelsk litteratur for å kome inn på masterstudiet. Eller sagt på ein annan måte: Komande lektorar treng ikkje å fordjupe seg i Shakespeare for å oppnå undervisningskompetanse.«Kvalitetsreformen legger opp til at studentene skal få bestemme over sin egen hverdag i så høy grad som mulig. (?) Jeg lot meg overbevise av Nissen og studentrepresentantene som argumenterte for at et slikt krav [om eldre britisk litteratur] ikke ville være å respektere studentenes frie valg», som Nissens medamanuensis Erik Kielland-Lund seier det.Studentenes frie valg ? Kva ligg i eit slikt syn? Jau, det er overraskande enkelt: Ikkje institusjonen, ikkje nokon overordna autoritet, ikkje nokon felles standard skal avgjere kva studentane skal kunne. Dei skal sjølve bestemme. Marknaden må rå.? I dag tek eg ein BigMac med Ally McBeal eller kanskje ein McFeast med Tarantino? I name it. You provide it. Det er mogleg at eg er ei reaksjonær attergløyme, men eg kan ikkje forstå at dette skal vere eit framsteg. Er vi tente med at ein heil generasjon skal få privatisere si eiga kunnskapstileigning? Er Noreg tent med at nepotismen igjen skal få rå, at utdanning ikkje lenger er ein garanti for ei kjerne av garantert og felles kunnskap? Og eg som levde i den villfaringa at det var nett det motsette moderniseringa av Noreg handla om: Dette at nasjonen skulle verte eit meriteringssamfunn, at det var talentet og arbeidsviljen til kvart einskild individ som skulle avgjere kor langt det skulle kome, i staden for at familiebakgrunn og privat kunnskapstileigning skulle vere avgjerande? Og difor tvingar altså det ubehagelege spørsmålet seg fram: Er det ein fordel for arbeidarklasseungdom at dei sjølve skal kunne avgjere korleis dei skal setje saman sine eigne språk-, historie- og realfagstudium? Nei, det er ikkje det. Vi veit alle kva som skjer under slike system. Borgarskapets diskrete sjarm og kulturelle kapital vert veksla inn i økonomisk kapital og vitnemål frå internasjonale institusjonar som garanterer for grunnleggjande og felles kunnskap. Det er i eit slikt perspektiv Kvalitetsreforma generelt og vedtaket på IBA spesielt må fortolkast ? punktum.Kva kan så studentane ta i staden for den engelske renessansen, Shakespeare og Austen oppe på Blindern? På heimesida til IBA ligg alternativa ute: «Homotexuality: Gay and Lesbian Litteratur», «Race and Racism in the United States,» «Film and the Tragic Sense of (American) Life», og så vidare.Er dette noko negativt, då? Er det ikkje bra at slikt vert teke opp i kanonen? Tja, det er kanskje det? Men nokre banale spørsmål dukkar likevel opp. I kva tradisjon skreiv desse filmmakarane og homofile forfattarane? Kunne ikkje dei sin kanon? Kan ein lese ein splendid bugger som Oscar Wilde med meining utan å kjenne Shakespeare? Tydelegvis.Eller eit spørsmål til modernismeforkjemparar. Har de lese Ulysses og The Waste Land? Har de oppdaga at båe verka er kollasjar av Shakespeare og andre kanonforfattarar? Korleis kan ein i det heile teke tilby litteraturstudium utan å forhalda seg til «The Western Canon»? Ikkje veit eg.Eg er deprimert.

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT