Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Tirsdag 19. november, 2002

Dei harde fakta om Frp

Tirsdag 19. november, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Klassekampen har gått gjennom det alternative statsbudsjettet Frp la fram fredag. Hundrevis av småkommunar og næringslivet i distrikta kan bli fyrste offer.

Dersom det desidert største partiet på alle meiningsmålingar blir størst også i stortingsval, står Noreg framfor storstilte endringar. Det er ikkje mindre enn ein liten revolusjon i den økonomiske politikken Siv Jensen, Carl I. Hagen & co legg opp til. Hundrevis av småkommunar og næringslivet i distrikta kan bli fyrste offer for Frps omlegging av det økonomiske Noreg.

  Frp vil kutta over tre milliardar i dei frie inntektene kommunesektoren neste år og endra fordelinga av inntektene i favør av større kommunar.

? Desse endringane legg opp til distriktsnedbygging. Frp vil ha ei klar forverring av det sterke sentraliseringspresset som er etablert gjennom 1990-talet, kommenterer regionalforskar Paul Olav Berg ved Handelshøgskolen i Bodø/Nordlandsforsking.

  Frp vil kutta 5,2 milliardar i landbruksstøtta, det vil seia 40 prosent av utgiftene til sektoren.

? Dette er ei oppskrift på nedlegging, fråflytting og dermed sterkare press på bustad, skule og andre tenester i sentrale strok, hevdar professor Reidar Almås ved Senter for bygdeforsking. Han trur eit kutt på fem milliardar over eitt år er alt for drastisk til at Frp i regjering vil gjennomføra det.

  Frp vil ha vekk Råfisklova og Deltakarlova, som regulerer råfiskprisar og kven som kan eiga fiskefarty.

? Dette vil gje større, meir kapitalsterke einingar, og dei små fiskarane må oftare stå med lua i handa i møtet med kjøparane. Konsekvensen vil bli auka sentralisering og fråflytting, meiner avdelingssjef Svein Ove Haugland i Noregs Råfisklag. Deltakarlova krev at eigarar av fiskefarty er aktive fiskarar, ei deregulering vil opna næringa for norske og utanlandske kapitalinteresser utan nærleik til lokalsamfunna langs kysten.

Kontroversielt

Frps alternative statsbudsjett er spekka med kontroversielle framlegg om alt frå private fengsel til 72 prosent kutt i u-hjelp til Afrika og halvering av pressestøtta (sjå oversikt annan stad på sida). Frp overgår regjeringa i skattelette, og vil sleppa laus 9,8 milliardar meir gjennom denne kanalen enn det framlagde statsbudsjettet legg opp til. Den overordna profilen i det alternative budsjettet ber preg av at Frp ynskjer sterkare økonomisk vekst, færre småkommunar, meir privatisering og langt færre reguleringar av marknadskreftene.

Regionalforskar Paul Olav Berg er ikkje i tvil om at Frp legg opp til ei kraftig forsterking av sentraliseringa, gjennom ei rekkje framlegg som vil gå ut over dei små kommunane.

Frp vil:

? Redusera rammetilskotet med over tre milliardar kroner.

? Kutta Nord-Noreg-tilskottet med 250 millionar.

? Kutta innbyggjartilskottet med 893,7 millionar.

? Kutta skjønnstilskottet med ein milliard.

? Endra kostnadsnøkkelen ved å halvera vekta til basistilskottet.

? Spara inn store summar ved privatisering og konkurranseutsetting.

? Auka skattedelen i kommuneinntektene og redusera rammetilskotet.

? Alt dette vil gå hardt ut over dei mindre kommunane, kommenterer Berg. Han viser til at vi er midt inne i den «Rattsø-prosessen», som er ei omlegging av fordelinga av inntektene kommunane i mellom. Rattsø-endringane vart vedtekne i 1996, men endringane i favør av større kommunar var så sterke at dei vart utsett med fem år. Det såkalla skjønnstilskottet som Frp vil kutta hardt i, er del av ei overgangsordning som kompenserer litt av tapet for dei minste kommunane. Den gradvise innføringa av Rattsø-modellen går fram til 2007.

? Frp går inn for ei forsering av denne prosessen, som er dramatisk nok frå før, seier Berg.

Kommunesamanslåing

Forskaren har studert Rattsø-verknadene i Nordland fylke, og funne at 30 av 45 kommunar tapar på omlegginga. Når Frp vil auka skatteinntektene sin del av total inntekt til kommunane, går også dette ut over dei mindre plassane.

? Bodø har to tredelar av inntekta frå skatt. Vevelstad, med under 1000 innbyggjarar, har rundt 20 prosent. Det er dei skatteveike kommunane som treng rammeoverføringa mest, og desse går framlegga til Frp direkte laus på, understrekar Berg.

Frp skriv i sitt alternative budsjett at partiet vil leggja til rette for samanslåing av kommunar. Berg er skeptisk til framgangsmåten.

? Kvifor skal dei skapa samanslåing ved å tyna skuler og eldreomsorg? Det ville vore meir reinhårig om Stortinget brukte makta si til å innføra ein ny kommunestruktur, så slapp vi seigpininga, meiner Berg.

Dersom det desidert største partiet på alle meiningsmålingar blir størst også i stortingsval, står Noreg framfor storstilte endringar. Det er ikkje mindre enn ein liten revolusjon i den økonomiske politikken Siv Jensen, Carl I. Hagen co legg opp til. Hundrevis av småkommunar og næringslivet i distrikta kan bli fyrste offer for Frps omlegging av det økonomiske Noreg.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT