RV-politikar trekte seg frå alle verv
Lørdag 16. november, 2002
Lars Dahle i Molde skreiv historie da han på eit kommunestyremøte sist i oktober forklarte kvifor han ikkje lenger kunne halda fram i politiske verv. Han er den første RV-representanten, truleg også den første kommunestyrerepresentanten i landet, som har trekt seg frå vervet som kommunevald i protest mot dei økonomiske rammene for arbeidet i kommunen. I seinare tid har to kommunestyre, Vardø i år og Lurøy for tre år sia, lagt ned verva sine for kortare periodar.
? For meg personleg toppa det seg i samband med behandlinga av økonomiplanen for dei neste fire år. Det skjer så mykje som eg ikkje kan stå inne for, seier Dahle til Klassekampen.
? Umogelege rammevilkår
? Stikk du no av frå det ansvaret du har tatt på deg som folkevald?? Det kan vera eit rimeleg spørsmål å stilla. Eg meiner ikkje at eg stikk av, men eg konstaterer at vi no står overfor problem som ikkje let seg løysa i kommunestyresalen. Løysinga må liggja i den motstanden som må byggjast opp utanfor dette rommet, seier RV-representanten.
? Med det framlagde statsbudsjettet er vi enda lengre unna ei løysing på kommunen sine økonomiske problem. Innbyggjarane har eit legitimt krav på ei velferd i stil med skattenivået og landet si økonomiske stilling. Avstanden mellom mål og middel, oppgåver og ressursar kan ikkje lenger aksepterast, sa Dahle da han forklarte kommunestyret kvifor han ikkje såg annan utveg enn å trekkja seg frå alle politiske verv.
? Det er ikkje mogeleg å halda fram innafor dei rammevilkåra staten trer nedover oss, og ta arbeidsgivaransvar, økonomisk ansvar og ansvar for velferd, skole og omsorg. Hadde kommunen vore ei privat verksemd, ville den ha vore i skifteretten for lenge sia, seier Dahle.
Han legg vekt på samanhengen mellom dei nasjonale og dei lokale økonomiske rammene.? Når den delen av bruttonasjonalprodukt som går til offentleg sektor, har blitt redusert frå 52 til om lag 42 prosent, inneber det ein reduksjon på 100 milliardar kroner. Verdiskapinga i landet er god, men det gir ikkje utslag i offentleg sektor og det som trengst for å sikra den velferda folk treng og har krav på, seier Dahle.
Ingen påtale
Det vart stille i kommunestyresalen da Dahle hadde gitt si melding om at han trekte seg frå verva. Ordføraren opplyste at dette var brott på kommunelova.? Men påtalen har ikkje komme enno, opplyser RV-representanten.
? Fleire medlemmer i kommunestyret har sagt i ettertid at «vi skulle trekt oss alle», men lojaliteten til spelereglane er vel for sterk, legg han til.
Inntil vidare står RV sin plass tom i Molde kommunestyre, der RV har hatt ein representant storparten av dei siste vel tjue åra, berre med unntak for ein periode da det ikkje vart stilt liste.
30 millionar i underskott
Når Dahle skal forklara den umogelege kommuneøkonomien i Molde, viser han til at det akkumulerte underskottet i Molde kommune frå 1999 og til utgangen av 2002 vil vera 30 millionar kroner. KLP-spekulasjonen påfører kommunen utgifter på 20 millionar meir enn budsjettert. Auka utgifter til å handtera lån vil vera 15 til 20 millionar. Investeringar som trengst for å friskmelda skolane: om lag 400 millionar.? På same tid blir det ført ein bustadpolitikk med aukande eigedomsskatt som vil gjera fleire og fleire til gjeldsoffer, seier RV-representanten, som vil ha ein diskusjon om kor langt dei folkevalde sitt ansvar skal gå.
Lars Dahle i Molde skreiv historie da han på eit kommunestyremøte sist i oktober forklarte kvifor han ikkje lenger kunne halda fram i politiske verv. Han er den første RV-representanten, truleg også den første kommunestyrerepresentanten i landet, som har trekt seg frå vervet som kommunevald i protest mot dei økonomiske rammene for arbeidet i kommunen. I seinare tid har to kommunestyre, Vardø i år og Lurøy for tre år sia, lagt ned verva sine for kortare periodar.
? For meg personleg toppa det seg i samband med behandlinga av økonomiplanen for dei neste fire år. Det skjer så mykje som eg ikkje kan stå inne for, seier Dahle til Klassekampen.
? Umogelege rammevilkår
? Stikk du no av frå det ansvaret du har tatt på deg som folkevald?
? Det kan vera eit rimeleg spørsmål å stilla. Eg meiner ikkje at eg stikk av, men eg konstaterer at vi no står overfor problem som ikkje let seg løysa i kommunestyresalen. Løysinga må liggja i den motstanden som må byggjast opp utanfor dette rommet, seier RV-representanten.
? Med det framlagde statsbudsjettet er vi enda lengre unna ei løysing på kommunen sine økonomiske problem. Innbyggjarane har eit legitimt krav på ei velferd i stil med skattenivået og landet si økonomiske stilling. Avstanden mellom mål og middel, oppgåver og ressursar kan ikkje lenger aksepterast, sa Dahle da han forklarte kommunestyret kvifor han ikkje såg annan utveg enn å trekkja seg frå alle politiske verv.
? Det er ikkje mogeleg å halda fram innafor dei rammevilkåra staten trer nedover oss, og ta arbeidsgivaransvar, økonomisk ansvar og ansvar for velferd, skole og omsorg. Hadde kommunen vore ei privat verksemd, ville den ha vore i skifteretten for lenge sia, seier Dahle.
Han legg vekt på samanhengen mellom dei nasjonale og dei lokale økonomiske rammene.
? Når den delen av bruttonasjonalprodukt som går til offentleg sektor, har blitt redusert frå 52 til om lag 42 prosent, inneber det ein reduksjon på 100 milliardar kroner. Verdiskapinga i landet er god, men det gir ikkje utslag i offentleg sektor og det som trengst for å sikra den velferda folk treng og har krav på, seier Dahle.
Ingen påtale
Det vart stille i kommunestyresalen da Dahle hadde gitt si melding om at han trekte seg frå verva. Ordføraren opplyste at dette var brott på kommunelova.
? Men påtalen har ikkje komme enno, opplyser RV-representanten.
? Fleire medlemmer i kommunestyret har sagt i ettertid at «vi skulle trekt oss alle», men lojaliteten til spelereglane er vel for sterk, legg han til.
Inntil vidare står RV sin plass tom i Molde kommunestyre, der RV har hatt ein representant storparten av dei siste vel tjue åra, berre med unntak for ein periode da det ikkje vart stilt liste.
30 millionar i underskott
Når Dahle skal forklara den umogelege kommuneøkonomien i Molde, viser han til at det akkumulerte underskottet i Molde kommune frå 1999 og til utgangen av 2002 vil vera 30 millionar kroner. KLP-spekulasjonen påfører kommunen utgifter på 20 millionar meir enn budsjettert. Auka utgifter til å handtera lån vil vera 15 til 20 millionar. Investeringar som trengst for å friskmelda skolane: om lag 400 millionar.
? På same tid blir det ført ein bustadpolitikk med aukande eigedomsskatt som vil gjera fleire og fleire til gjeldsoffer, seier RV-representanten, som vil ha ein diskusjon om kor langt dei folkevalde sitt ansvar skal gå.










