Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522

Norsk historie X

Norsk historie X

Torsdag 14. november, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

Ankesaka til Joe Erling Jahr og Ole Nicolai Kvisler i Borgarting lagmannsrett får mykje merksemd. Få ting har opprørt så mange som det fyrste rasistiske mordet i Noreg i etterkrigstida. Det utløyste også den største demonstrasjonen etter krigen. Rettsaka gjev eit blikk inn i eit av få enno levande tabu i vestleg kultur: nazisme. I tillegg har ho ein eigen dramaturgi, med den nye splittinga mellom dei to tiltalte. Joe Erling Jahr freistar no å framstå som ein langt på veg rehabilitert samfunnsborgar med ryggen mot fortida.

Vendinga starta i portrettprogrammet med Jahr på NRKs Brennpunkt 5. november. Frå å vera demonisert av media under politijakta etter drapet, til å bli stakkarsleggjort av dei same under rettssaka i byretten, stod Jahr sist veke fram på fjernsyn som ein relativt oppegåande og sympatisk gut, som greidde å sjå sine eigne handlingar i eit visst analytisk perspektiv. Dette kunne ikkje berre vera resultat av advokatdrilling. Vi hadde nær gløymt kvifor vi kjende namnet til Jahr, før programleiaren heilt på tampen, med sakleg røyst, las opp dei groteske detaljane frå mordnatta 26. januar 2001.

Å få repetert korleis Jahr og Kvisler forfølgde Benjamin Hermansen, for så å knivstikka han til døde, var ein vekkar. Det minte om filmen American History X, som fortel korleis ein sympatisk, omsorgsfull amerikansk ungdom blir nazistisk rasistmordar. NRK-programmet viste oss mennesket bak vondskapen. Monsteret var berre ein gutunge. I staden for å unnskulda han av den grunn, eller å bli redde eller fortvilte fordi mordaren er ein vanleg gut, burde det faktum gje von om at liknande hendingar kan førebyggjast.

Portrettet styrkte forskarar sine påstandar om kven (mange av) nynazistane er: Ungdommar som ikkje får oppfylt grunnleggjande omsorgsbehov, som gjennom nynazismen får tilbod om eit sosialt miljø, der dei føler trygt samhald og venelojalitet, medan den ideologiske kunnskapen eller bindinga ikkje er særskilt sterk. Det antifascistiske organet Monitor hevdar også at drapet på Hermansen har detronisert nynazistmiljøa i Noreg.

Utan å bli for mekanisk, burde det med denne kunnskapen om rekrutteringsgrunnlaget for nazismen la seg gjera å ta førebyggjande politiske grep for å minimera rekrutteringsbasen ? ikkje berre til nynasisme, men også til kriminelle gjengar med ein ikkje-norsk etnisk samnemnar. To grupper som også finn si legitimering i kvarandre. Felles for mange av dei som har hamna i desse polariserte miljøa er gettoisering og utanforskap.

Joe Erling Jahr uttrykte haldningsendring til innvandrarar etter å ha møtt albanarar med krigsrøynsler i fengselet. Kva kunne vel han stilla opp med mot slike historier? Men er det noko Jahr ikkje burde unnskulda seg for, er det at han i tenåra budde åleine i ei leilighet på Bøler utan at nokon reagerte på det.

Det er nifst når politikarar i eit ekstremt vellukka-fokusert samfunn ikkje tar sosial utstøyting på alvor. Populistisk panikkslegne lar dei folkevalde heller eit kriminelt mindretal gjera kriminalitetsførebyggjande tiltak til plattform for integrasjonspolitikken. Det har like dårleg ? eller kontraproduktiv ? effekt som haldningskampanjer og fakkeltog har mot rasisme, om den økonomiske og sosiale polariseringa får halda fram og om offentleg sektor blir redusert til eit minimum, med dei følgjene det får for til dømes sosialsektoren og skulen.

Når fattigdom blant kvite aukar, samstundes som stereotypiserande fordommar har vorte politisk legitime tiltaksframlegg, slik Hadia Tajik påpeikte på NRKs Standpunkt tysdag kveld, skulle det vera ein velkjent samfunnsdestruktiv miks.

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT