Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522

Darwin og kvinnene

Darwin og kvinnene

Onsdag 13. november, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut

Macho-Kurt står tiltalt for grov valdtekt. I motsetnad til dei fleste menn som på dette tidspunktet vil hevda at kvinna vart med på akta frivillig, seier han at han angrar. Ja, han valdtok, men han kunne ikkje noko for det.

«Alle menn er frå naturen si side styrt at eit genprogram for hasardiøs risikotaking, aggressivitet og ekstrem seksualdrift, alt for høgast mogleg reproduksjon. I tillegg har eg høgt testosteron-nivå. Difor bør eg frifinnast. Det var, diverre!, i min natur», seier han med bøygd nakke og nedslegne auge.

Dette er sjølvsagt eit tankeeksperiment, jamvel om eg ikkje er trygg på at liknande tilfelle ikkje dukkar opp i amerikanske rettssalar snart.

Dømet illustrerer kvifor moderne feministar flest avviser biologisk forsking på kjønnsskilnader som reaksjonært og farleg: Om åtferd skal kunne forklårast genetisk kan det legitimera kvinneundertrykking, blir det hevda. Dessutan: Biologien risikerer å stadfesta det han sjølv forskar på. I samfunnet er det store ulikskapar mellom kjønna; dette kan leia biologar til å «sjå» dei same ulikskapane i naturen.

Kjønnsforskaren Linda M. Rustad fortalde i Klassekampen sist fredag at mange feministar har eit svært negativt syn på biologien og vedgår at det har vore ein generell trend å liggja unna biologi.

Det er lett å skjøna at feministane er uroa. I genets århundre får ein somtid kjensla av at «alt» kan forklårast via dei minste byggjesteinane våre.

Likevel: Det er ikkje sikkert den beste strategien for kvinnefrigjering er å avvisa biologien og halda seg til tradisjonelle og trygge human- og samfunnsvitskapar.

For det første opprettheld ein såleis det kjønnssegmenterte skiljet mellom «mjuke» humanistfag og «harde» naturvitskapsfag. Feministar blir svært gode til litteraturvitskapleg dekonstruksjon, men dårlegare til fagleg kritikk av til dømes evolusjonsbiologi.

Viktigare er det at avvisinga av biologien skapar eit farleg spel med det feministiske prosjektet: Ein gjer seg negativt avhengig av at biologane tar feil.

Eit svært forenkla sosiobiologisk resonnement rundt kjønnsskilje kan gå slik: I naturen er det ei seksuell kjensgjerning at ved kjønna formeiring er den eine parten (ho) oppteken med reproduksjon større eller mindre delar av tida. Dermed vert reproduksjon eit knappheitsgode for den andre parten (hannen). Hoer gjev nær «sikker avkasting» for gena til foreldra, og dei har med andre ord lite att genetisk for å investera mykje ekstra i avkomet. For hannar er tilgangen på reproduksjon avgrensa og eit objekt for tevling. For å auka vinnarsjansen til «loddet» (hannen) kan foreldre investera ekstra i det mannlege avkomet.

Dersom ein godtek argumentasjonen ovanfor som relevant for menneske, får ein ny forståing for kvifor gutar har vorte betre handsama av foreldre (barnebarnslodd for foreldra) enn jenter, dessutan kvifor mange menn ter seg utstudert idiotisk og hasardiøst (som «lodd» i sin eigen livskamp for å få avkom).

Eg veit ikkje om dette poenget stemmer, og biologane er som andre fagfolk usamde seg i mellom. Men kor lurt er det å gjera kvinnefrigjeringa avhengig av at gen ikkje kan forklåra åtferd?

Om resonnementet stemmer er det ingen ting som seier at vi skal orsaka Macho-Kurt si valdtekt. Det sosiobiologiske poenget forklårer dessutan berre eventuelt litt meir av sanninga om Kurt. Og ingen vil finna på å slutta frå «er» til «bør»: Mennesket er det einaste dyret som har evna til å gjera opprør mot gena sine, seier zoologen Richard Dawkins i Det egoistiske genet.

Å halda fram boikotten av biologiske innsikter vil vera å gjera seg sjølve ei bjørneteneste. Spriket mellom kva biologane og feministane hevdar risikerer å bli så stort at det kan gå ut over truverdet til sjølve det feministiske frigjeringsprosjektet. Det treng ikkje vera slik. Kanskje tida er inne for noko vi kan kalla marxistisk feminisme med biologisk innsyn?

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT