Ein varsam mann står fram
Tirsdag 31. desember, 2002
I ein kvar avisredaksjon diskuterer ein i romjula kven og kva det var som har prega året som gjekk. Kven skal ein skrive om, og kvifor? Innan kultur bør avgjerda vere lett: Ein kjem ikkje utanom Samtiden og redaktør Knut Olav Åmås. Eit kvart internet-søk gjev over tusen treff på desse storleikane. Som vonde tunger vil ha det til: Der to eller tre kulturjournalistar er samla er Samtiden alltid til stades mellom dei.
Så er spørsmålet, er suksessen medveten eller tilfeldig? Vil om få år den same debatten som har gått mellom Gerhardsen-kjennarane, også gå mellom Åmås-kjennarane? Var Åmås tilfeldigvis til stades då eit vakuum måtte fyllast, eller ligg det ein møysommeleg oppbygd strategi bak prosjektet?
Knut Olav Åmås liker ikkje tankegangen der vi møter han på Bristol.
? Er dette fruktbart då? spør han.
? Det meiner eg.
? Ja, ja, når du fyrst reiser spørsmålet, det er nok båe delar. Både fylle eit rom som fanst og som finst, mellom dagsavisene og fagtidsskrifta, men òg skape eit nytt rom ved å opne dei lukka miljøa som både forvaltning, kulturliv, forsking og media er prega av.
Kor konkret var så denne strategien? Hadde redaksjonen ein slagplan for eit ukjent tal nummer framover? Skulle det kome kritikk av norsk kultur- og utanriksjournalistikk, norsk venstreside og innavl i Forskingsrådet?? Vi ? redaktør og redaksjonsråd ? tenkjer to-tre år framover, samstundes som vi konsentrerer oss om kvart einskild nummer. Svaret her er både og, svarer Åmås.
Han er ein varsam mann, den 34-årige Odda-filosofen, svaret er både ja, ja og nei, nei.
? Vi har ein todelt funksjon, både å setje dagsorden og å kome med artiklane som verkar over eit lengre tidsrom, artiklar som dannar, som vert lesne i det stille. Det er flest av dei siste.
Kva for artikkel er så Åmås mest nøgd med så langt i sin periode i Samtiden, etter seks nummer av bladet? Det vil han nødig svare på.
? Alle artiklane som har stått på trykk har vore særs gode. Det er difor vi publiserer dei, svarar han.
? Noko må du trekkje fram, elles vert intervjuet vanskeleg.
Åmås nøler og viser mishag.
? Marianne Brandsæter om seksuelt misbruk av born som kulturelt forklarleg, var særs viktig, likeins Cathrine Holst om sosialismens store problem med individet. Eg vart òg noko forundra over kor sterk debatt Maktutgreiings-artikkelen til Espen Søbye skapte.
? Men hadde ikkje du tinga artikkelen nett med debattsiktemålet for auga?
? Ordskifte er ikkje noko ein kan tinge.
? Men det er det inntrykket ein del sit att med, at du med din journalist- og forlagsbakgrunn kjenner mekanismane og veit kva knappar du skal trykkje på?
? Skribentane sine saker er viktige. Så enkel er forklaringa på at Samtiden-artiklar får lys på seg. Eg visste ikkje kva konklusjonar Søbye ville lande på. Det kunne ha vorte heilt andre enn dei han kom fram til. Eg skriv ikkje artiklane til skribentane vi set på prent.
Kraftige reaksjonar
Dette tyder likevel ikkje at han på førehand har gjort seg tankar om korleis ulike skriftstykke vil verte mottekne.? Det eg prøver å få fram, er at artiklar eg trudde vil vekkje debatt stundom ikkje gjer det, medan andre som eg venta skulle ha mindre sprengkraft der og då, får stor merksemd.
? Er du ikkje redd for at skribentar vil vike unna å publisere i Samtiden når dei ser kor stor merksemd artiklane der ofte får?
? På ingen måte. Dei fleste skriv for å få merksemd om det dei brenn for, artiklar i Samtiden skal kommunisere, vi kan ikkje vike unna for det.
Karl Popper
Åmås er utdanna filosof og idehistorikar og har mellom anna skrive fleire bøker om kulturfilosofen Ludwig Wittgenstein. Men det er korkje han eller for den del, nokon norske filosofar, som har inspirert Åmås mest i hans virke som redaktør. ? Eg tykkjer det er påfallande kor lite synlege, verksame og offensive norske filosofar er i det større offentlege rom, kor lite villige dei er til å ta del i den pågåande debatten.Åmås ser utover.
? Om eg skal trekkje fram ein spesiell filosof som tidleg har inspirert meg, så må eg ut av Noreg og svare Karl Popper: Idear og hypotesar må hardt kritiserast og diskuterast i det offentlege rom, som han seier. Eit diskuterande demokrati føreset nettopp at vi drep tankar, ikkje menneske. Det offentlege rom må vere strengt. Dit skal vi bere sleppe til dei skarpt tenkte og gjennomarbeidde idear. Bort med det middelmåtige og halvferdige. Vi må vere harde i sak.
? Og med det bidreg du til den offentlege forfallsforteljinga?
? Nei, nei, dette er det motsette av kulturpessimisme og forfallstenking. Det er rasjonell og nøktern, konstruktiv optimisme å korrigere og prøve å forbetre både institusjonar og idear.
? Men manifesterer ikkje idear seg nett i personar?
? Det er heilt naudsynt å skilje mellom personar og idear, det går an, det må gå an. Vi treng ei større forståing for dette at å virke i det offentlege rom er å agere og ta på seg ei rustning. Eit tidsskrift er ein institusjon, å vere skribent ei rolle. Samtiden er eit langsiktig prosjekt. Vi har svært god tid til å nå dei måla vi har sett oss.
? Eg er redaktør nummer ni på 112 år, avsluttar han med eit skeivt flir og ber om ein bar dobbel whisky.
Stilla senkjer seg over Hotel Bristol.
I ein kvar avisredaksjon diskuterer ein i romjula kven og kva det var som har prega året som gjekk. Kven skal ein skrive om, og kvifor? Innan kultur bør avgjerda vere lett: Ein kjem ikkje utanom Samtiden og redaktør Knut Olav Åmås. Eit kvart internet-søk gjev over tusen treff på desse storleikane. Som vonde tunger vil ha det til: Der to eller tre kulturjournalistar er samla er Samtiden alltid til stades mellom dei.
Så er spørsmålet, er suksessen medveten eller tilfeldig? Vil om få år den same debatten som har gått mellom Gerhardsen-kjennarane, også gå mellom Åmås-kjennarane? Var Åmås tilfeldigvis til stades då eit vakuum måtte fyllast, eller ligg det ein møysommeleg oppbygd strategi bak prosjektet?
Knut Olav Åmås liker ikkje tankegangen der vi møter han på Bristol.
? Er dette fruktbart då? spør han.
? Det meiner eg.
? Ja, ja, når du fyrst reiser spørsmålet, det er nok båe delar. Både fylle eit rom som fanst og som finst, mellom dagsavisene og fagtidsskrifta, men òg skape eit nytt rom ved å opne dei lukka miljøa som både forvaltning, kulturliv, forsking og media er prega av.
Kor konkret var så denne strategien? Hadde redaksjonen ein slagplan for eit ukjent tal nummer framover? Skulle det kome kritikk av norsk kultur- og utanriksjournalistikk, norsk venstreside og innavl i Forskingsrådet?
? Vi ? redaktør og redaksjonsråd ? tenkjer to-tre år framover, samstundes som vi konsentrerer oss om kvart einskild nummer. Svaret her er både og, svarer Åmås.
Han er ein varsam mann, den 34-årige Odda-filosofen, svaret er både ja, ja og nei, nei.
? Vi har ein todelt funksjon, både å setje dagsorden og å kome med artiklane som verkar over eit lengre tidsrom, artiklar som dannar, som vert lesne i det stille. Det er flest av dei siste.
Kva for artikkel er så Åmås mest nøgd med så langt i sin periode i Samtiden, etter seks nummer av bladet? Det vil han nødig svare på.
? Alle artiklane som har stått på trykk har vore særs gode. Det er difor vi publiserer dei, svarar han.
? Noko må du trekkje fram, elles vert intervjuet vanskeleg.
Åmås nøler og viser mishag.
? Marianne Brandsæter om seksuelt misbruk av born som kulturelt forklarleg, var særs viktig, likeins Cathrine Holst om sosialismens store problem med individet. Eg vart òg noko forundra over kor sterk debatt Maktutgreiings-artikkelen til Espen Søbye skapte.
? Men hadde ikkje du tinga artikkelen nett med debattsiktemålet for auga?
? Ordskifte er ikkje noko ein kan tinge.
? Men det er det inntrykket ein del sit att med, at du med din journalist- og forlagsbakgrunn kjenner mekanismane og veit kva knappar du skal trykkje på?
? Skribentane sine saker er viktige. Så enkel er forklaringa på at Samtiden-artiklar får lys på seg. Eg visste ikkje kva konklusjonar Søbye ville lande på. Det kunne ha vorte heilt andre enn dei han kom fram til. Eg skriv ikkje artiklane til skribentane vi set på prent.
Kraftige reaksjonar
Dette tyder likevel ikkje at han på førehand har gjort seg tankar om korleis ulike skriftstykke vil verte mottekne.
? Det eg prøver å få fram, er at artiklar eg trudde vil vekkje debatt stundom ikkje gjer det, medan andre som eg venta skulle ha mindre sprengkraft der og då, får stor merksemd.
? Er du ikkje redd for at skribentar vil vike unna å publisere i Samtiden når dei ser kor stor merksemd artiklane der ofte får?
? På ingen måte. Dei fleste skriv for å få merksemd om det dei brenn for, artiklar i Samtiden skal kommunisere, vi kan ikkje vike unna for det.
Karl Popper
Åmås er utdanna filosof og idehistorikar og har mellom anna skrive fleire bøker om kulturfilosofen Ludwig Wittgenstein. Men det er korkje han eller for den del, nokon norske filosofar, som har inspirert Åmås mest i hans virke som redaktør.
? Eg tykkjer det er påfallande kor lite synlege, verksame og offensive norske filosofar er i det større offentlege rom, kor lite villige dei er til å ta del i den pågåande debatten.
Åmås ser utover.