Toppen av kransekaka
Fredag 20. desember, 2002
Dei skal representera folket. Dei vedtek lovene våre. Dei tener det dobbelte av gjennomsnittleg årslønn i Noreg. Slik har våre 165 fremste folkevalde plassert seg sjølv på lønnsstatistikken.
Representantane får 545.000 kroner i året. I tillegg kjem «dagpengar»: 51.000 kroner i året for dei som bur meir enn fire mil unna, 25.000 for dei andre.
Til saman blir brutto lønn for dei fleste representantane 596.000 kroner i året.
? Det som i tillegg kan framstå som litt suspekt med dagpengane, er at nivået er lagt akkurat på grensa for kva det er mogleg å få skattefritt, kommenterer stortingsrepresentant Siri Hall Arnøy frå SV.
I den samla inntektsstatistikken frå 2000 er det berre 5,4 prosent som har over 500.000 i årsinntekt. Stortinget er trygt plassert i dei øvste fem prosent av befolkninga. Då er også næringsinntekt og kapitalinntekt rekna med.
Andre bollar
Siri Hall Arnøy er glad for at media har sett kraftig fokus på dei lukrative pensjonsordningane til Stortinget. Men knapt halve problemet med privilegier for dei folkevalde er kome til syne. Få har snakka om kor mykje dei faktisk tener kvart år som stortingsrepresentant.? Vi treng ein gjennomgang både av alle tilleggsordningar og av lønna. Fyrst når alt er på bordet, og vi veit kva folk faktisk får utbetalt, kan det bli ein god diskusjon om kva som bør vera inntektsnivået for representantane, seier Arnøy. Om ho får ta over lønnspolitikken for dei 165 på Løvebakken, blir det andre bollar på bordet.
? Eit reknestykke for rimeleg stortingslønn må ta utgangspunkt i normal lønn i vårt samfunn. Og så må det vera tillegg og kompensasjonar for det som er rimeleg. Slik kan vi finna eit tal, men den jobben har ikkje eg gjort, seier ho.
Gjennomsnittleg årslønn i dette landet ligg rundt 300.000 kroner. Gjennomsnittleg industriarbeidarlønn rundt 270.000. Det er langt ned dit frå 596.000.
Blankofullmakt
Stortingsrepresentantar har det ikkje vondt. Medan resten av samfunnet nyleg fekk si femte ferieveke, har Stortinget møtefri i 13 veker, frå siste fredag i juni til fyrste kvardag i oktober. Likevel tikkar «dagpengane»inn, 11 månader i året. Og dei reiser gratis med fly. I gjennomsnitt går det med 116.000 kroner i året per representant til komitéreiser og oppdrag for Stortinget. I tillegg går det med over 22 millionar til flyreiser, hotellopphald og diett. Dette er representantane sine eigne reiser.Kvar representant bruker i gjennomsnitt 137.500 kroner årleg, til reiser som kan gå kvar som helst innanfor landet.
Etter reglane skal reisene vera i teneste. Men representantane dokumenterer ingenting.
? Dette er nærast ei blankofullmakt. Men kravet heilt klart er at det skal vera tenestelege reiser, presiserer rekneskapssjef ved Stortinget Arvid Ihla.
Krev lønnskutt
Siri Hall Arnøy får støtte frå partikollega Audun Lysbakken.? Det trengst eit betydelege lønnskutt for stortingsrepresentantane, det er det ikkje tvil om, seier Lysbakken til Klassekampen.
Både han og Arnøy betaler delar av lønna si tilbake til SV og Sosialistisk Ungdom. Dei argumenterer med at dei folkevalde ikkje kan leva for ulikt folk flest.
? Det er klart den økonomiske kvardagen vil påverka ståstaden din. Forstår ein med stortingslønn kor stor skilnad 500 kroner i månaden kan gjera for ein minstepensjonist? spør Arnøy.
SV har gått inn for reform av dei spesielle pensjonsordningane og røysta mot lønnsaukane, men ikkje levert forslag om å setja ned lønna for dei folkevalde på Løvebakken.
Dei skal representera folket. Dei vedtek lovene våre. Dei tener det dobbelte av gjennomsnittleg årslønn i Noreg. Slik har våre 165 fremste folkevalde plassert seg sjølv på lønnsstatistikken.
Representantane får 545.000 kroner i året. I tillegg kjem «dagpengar»: 51.000 kroner i året for dei som bur meir enn fire mil unna, 25.000 for dei andre.
Til saman blir brutto lønn for dei fleste representantane 596.000 kroner i året.
? Det som i tillegg kan framstå som litt suspekt med dagpengane, er at nivået er lagt akkurat på grensa for kva det er mogleg å få skattefritt, kommenterer stortingsrepresentant Siri Hall Arnøy frå SV.
I den samla inntektsstatistikken frå 2000 er det berre 5,4 prosent som har over 500.000 i årsinntekt. Stortinget er trygt plassert i dei øvste fem prosent av befolkninga. Då er også næringsinntekt og kapitalinntekt rekna med.
Andre bollar
Siri Hall Arnøy er glad for at media har sett kraftig fokus på dei lukrative pensjonsordningane til Stortinget. Men knapt halve problemet med privilegier for dei folkevalde er kome til syne. Få har snakka om kor mykje dei faktisk tener kvart år som stortingsrepresentant.
? Vi treng ein gjennomgang både av alle tilleggsordningar og av lønna. Fyrst når alt er på bordet, og vi veit kva folk faktisk får utbetalt, kan det bli ein god diskusjon om kva som bør vera inntektsnivået for representantane, seier Arnøy. Om ho får ta over lønnspolitikken for dei 165 på Løvebakken, blir det andre bollar på bordet.
? Eit reknestykke for rimeleg stortingslønn må ta utgangspunkt i normal lønn i vårt samfunn. Og så må det vera tillegg og kompensasjonar for det som er rimeleg. Slik kan vi finna eit tal, men den jobben har ikkje eg gjort, seier ho.
Gjennomsnittleg årslønn i dette landet ligg rundt 300.000 kroner. Gjennomsnittleg industriarbeidarlønn rundt 270.000. Det er langt ned dit frå 596.000.
Blankofullmakt
Stortingsrepresentantar har det ikkje vondt. Medan resten av samfunnet nyleg fekk si femte ferieveke, har Stortinget møtefri i 13 veker, frå siste fredag i juni til fyrste kvardag i oktober. Likevel tikkar «dagpengane»inn, 11 månader i året. Og dei reiser gratis med fly. I gjennomsnitt går det med 116.000 kroner i året per representant til komitéreiser og oppdrag for Stortinget. I tillegg går det med over 22 millionar til flyreiser, hotellopphald og diett. Dette er representantane sine eigne reiser.
Kvar representant bruker i gjennomsnitt 137.500 kroner årleg, til reiser som kan gå kvar som helst innanfor landet.
Etter reglane skal reisene vera i teneste. Men representantane dokumenterer ingenting.
? Dette er nærast ei blankofullmakt. Men kravet heilt klart er at det skal vera tenestelege reiser, presiserer rekneskapssjef ved Stortinget Arvid Ihla.
Krev lønnskutt
Siri Hall Arnøy får støtte frå partikollega Audun Lysbakken.
? Det trengst eit betydelege lønnskutt for stortingsrepresentantane, det er det ikkje tvil om, seier Lysbakken til Klassekampen.