Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Onsdag 18. desember, 2002

Dei som bankar på

Onsdag 18. desember, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
:Victor Norman seier vi har trong til arbeidsinnvandring fordi vi er så rike. Kva med å kvitte seg med formuen?:Victor Norman seier vi har trong til arbeidsinnvandring fordi vi er så rike. Kva med å kvitte seg med formuen?

  På veg ut av bustaden på Oslo vest møter eg kvar dag tre-fire karar i arbeidsklede. Dei prøver å unngå blikket mitt. Litt ned i gata står ein sliten Toyota med polske skilt. Truleg er eigaren mellom desse karane eg møter. Etter alt å døme pussar dei opp eit husvære i bygården der eg bur. Det er ikkje noko uvanleg i dette. Då kona og eg pussa opp vår eigen bustad, fekk vi frå ulike hald tilbod om telefonnummer til nokre visstnok uvanleg flinke austeuropeiske handverkarar. Prisen skulle vere 100 kronar timen, under ein femtedel av kva ein norsk handverkar tek. Dei same menneska som tilrådde austeuropearen snakkar også om ei fantastisk flink filippinsk vaskedame. For 400 kroner i månaden kunne ho sørgje for at det vart reint og pent i heimen. La vi til hundre kroner, vaska ho og strauk 10 av skjortene mine. Dette er heilt vanleg i den delen av byen der vi bur, fortalde dei same menneska og spurde kvifor ikkje kona og eg skulle gjere det same.   Underbetalte arbeidarar er ikkje noko nytt fenomen i norsk historie. På 30-talet hadde langt over halvparten av norske lærarar tenestejente, frå bygdene strøymde det billige handverkarar til byane, og på Sunnmøre kunne den ikkje-fagorganiserte møbelindustrien utkonkurrere den austnorske og fagorganiserte industrien. Vi veit kor det gjekk. Det norske prosjektet skapte stadig fleire høgproduktive sektorar som trekte til seg tenestejentene. Samstundes vart fagforeiningane sterkare. Dei både drog opp og utjamna lønsnivået. Påfyllet med lågt utdanna og billig arbeidskraft stogga opp. Det var ikkje fleire att. Vi fekk den norske velferdsstaten. Landet vart for dei fleste godt å bu i, og dei norske lærarane såg ut til å kunne overleve utan tenestejenta. Spørsmålet no er korleis den fyrste forteljinga vil ende. Kva konsekvensar vil den etterkvart massive arbeidsimporten til Noreg og for den del, Vest-Europa få? Kven tener og kven taper?   Vinnarane vert verdsøkonomien, overklassa og den høgare mellomklassa i arbeidskraftimportlanda. Taparane vert landa som eksporterer arbeidskraft, og arbeiderklassa og dei arbeidsledige i mottakarlanda. Dei vert utkonkurrerte. Påstandane er ikkje mine. Dei kjem frå det liberalistiske tidsskriftet The Economist. Der munna ein studie ut i desse konklusjonane. Tilrådinga frå The Economist var klar: Auk arbeidskraftimporten til den vestlege verda fordi økonomiane våre vil tene på det.Korleis skal så vi nordmenn stille oss til dette? Kan vi rekne med at det norske prosjektet gjentek seg, om enn på ein større skala? Dersom lesarane til Klassekampen tenkjer som The Economist, treng dei ikkje å uroe seg. Sidan dei fleste som les denne spalta, er høgt utdanna, vil dei etter alt å døme tene på arbeidsimporten. For mellom vinnarane i den nye økonomien vil dei som meistrar majoritetsspråket best vere.Dei fleste lesarane av Klassekampen tenkjer truleg ikkje slik, og godt er det. Men problematikken bør dei fleste av oss tenkje gjennom. Skal vi akseptere den stadig aukande arbeidskraftimporten? Denne journalisten meiner nei, sjølv om han førebels tener langt mindre enn store delar av den norske arbeiderklassa. Det er for mange som tapar under det nye regimet som er i ferd med å utvikle seg. Eg kan vanskeleg sjå med kva rett vi importerer ei ny underklasse til erstatning for den vi kvitta oss med.  Dette reiser sjølvsagt det moralske dilemmaet: Kva skal vi gjere for dei svoltne og fattige som bankar på? Noreg er eit rikt land, altfor rikt. Takka vere oljeformuen er renta urimeleg høg, eksportindustrien i store problem og dei offentlege budsjetta utarma. Er det ikkje på tide at vi kvittar oss med pengane? Eit land med nær 1000 milliardar på bok har råd til å gjere noko for verdas fattige.Høyrer du Victor?

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT