Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Fredag 13. desember, 2002

Til forsvar for hattane

Fredag 13. desember, 2002

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
Vi er så få her til lands. Men det må vi berre leve med.Vi er så få her til lands. Men det må vi berre leve med.

* Litteraturprofessor Hans H. Skei er ein mann med mange verv: instituttstyrar på Blindern, fast kritikar i Aftenposten, leiar av den norske nominasjonskomiteen for Nordisk Råds litteraturpris, styreformann i Dag og Tid, hovudkonsulent i Bokklubbene, utdelar av Riverton-prisen, og så vidare, og så vidare. I laurdagens Klassekamp insinuerte forfattar og redaktør av Forfatteren, Einar O. Rissa, i samband med nominasjonen til Nordisk Råds litteraturpris, at Skei skapar problem for seg sjølv når han takkar ja til alle desse verva: "Om noko viser dette at Skei har særs mange hattar, og ein må vel snart spørje om han ikkje burde byrje å rydde litt i hattehylla." Er ein slik kritikk rettvis?Ja, men umogleg å ta inn over seg om vi vil bevare det kulturelle feltet. For er Hans H. Skei inkompetent? Er det difor han bør rydde i hattehylla? Mogleg. Men det er lite som tyder på det. At han får desse verva tyder nettopp på at han har den type kompetanse ein bør ha i det kulturelle feltet: vilje til å kvalitetsvurdere, ein formell bakgrunn som legitimerer avgjerder. Kva med habilitetsproblematikken? Ja, kva med den? Hadde ikkje Skei teke desse verva, ville ein annan person gått inn og teke dei i staden. Erstattaren ville truleg ha like mange hattar. Rett nok kan det reisast kritikk mot Skei fordi han har lete vere å informere allmenta om alle desse verva, og sikkert fleire til, men i hovudsak bør kritikken rettast mot pressa. Det er vår oppgåve å gjøre allmenta klar over desse tilhøve Det kokar ned til dette banale: Vi er så få her til lands at vi jaggu bør vere nøgde med at det framleis er nokon som er villige til ta på seg verv.   Det skapar likevel problem. For å omskrive Prosa-redaktør Halvor Fosli: "Det er så mange som er slemme privat og snille offentleg". Vi har ikkje eit godt og hardt debattklima her til lands. Tydelegast kjem det fram i julemånaden. Då går ein som kulturjournalist frå eine gratisfylla til den andre. I denne lysløypa treff vi alle hattane, og dei snakkar villig vekk.- Den og den er dum som eit julebrød. Vedkomande har aldri levert ei god analyse, NN kan ikkje å skrive, osv. På kvar ei juletilstelling får eg altså eit utal av potensielle artiklar og debattinnlegg. Men når eg så ringjer desse personane dagen etter, er dei alltid samstemte.- Ja, eg meinte det eg sa. Han er ikkje flink nok, og han burde avslørast. Men eg må få be om å sleppe, for no har eg inn ein stipendsøknad. Det vert alltid det same. Hattane tør ikkje uttale seg om dei andre hattane. Det er her det grunnleggjande problemet ligg. Og med det får vi ikkje den heilt naudsynte kvalitetshevinga av det offentlege norsk debattrom. I angst for at det skal svi på den kulturelle pungen, held dei kjeft, og vi journalistar må ty til dei få høvdingane vi har.  Sjølv har eg intervjua Rune Slagstad eit ukjent tal gonger. Det er kjekt både for han og meg. Han er ein klok fyr, eg ein lærevillig bladfyk. Men Slagstad vert ikkje intervjua fordi han ein er ein av dei få kompetente her til lands (sjølv om ein av og til kan få inntrykk av det), han vert intervjua fordi han er villig til å uttale seg. For to timar sidan ringte eg ein av hattane i Maktutgreiinga, som i siste nummer av Agora har fått sterk kritikk. Vedkomande var ikkje villig til å uttale seg offentleg, men han var svært villig til å fortelje om kva han meinte om kritikarane off the record. Kva må til? Det er enkelt og svært så vanskeleg. Vi må lære oss å tåle kritikk. Vi må la argumentet åleine rå grunnen. Vi må la dei som har relevant kritikk kome til orde, og alle hattane må til ei kvar tid vere så synleg og freiste så godt dei kan å hugse reglane for den herredømefrie samtalen.Kven var det så i Maktutgreiinga som ikkje var villig til å uttale seg. Nei, sjå, det kan eg ikkje uttale meg om. Eg skal då intervjua han ved eit seinare høve.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT