Sakajev ute av spel
Torsdag 12. desember, 2002
Det er inga stor overrasking at Akhmed Sakajev er sett fri. Dei russiske myndigheitene hadde få bevis å sende til Danmark, og det verkar som om dei hadde små forventingar til nokon gong å få han utlevert.
Russiske tenestemenn skulda først den tsjetsjenske politikaren for å vere ein «terrorist», men seinare endra dei skuldingane til deltaking i «væpna opprør» og i ei «ikkje-autorisert væpna gruppering» (som den russiske regjeringa no kallar dei militære styrkane i den tsjetsjenske republikken). Problemet er at kvar tsjetsjenar som forsvarar heimlandet sitt etter at føderale styrkar invaderte i 1994 kan verte skulda for opprør.
Faktisk var det ikkje noko opprør som fann stad i den perioden: Republikken var i røynda uavhengig frå 1991 til 1994, og då føderale styrkar invaderte territoriet, hadde det allereie sine eigne militær styrkar, politi og til og med eit kulturdepartement som var leia av Sakajev.
Eigne kriteria
Om ikkje det er nok: Dumaen vedtok eit amnesti i mars 1997 der dei ettergir straff for stridande på begge sider i den tsjetsjenske krigen (1994-96). Dette var meir eit middel for å forhindre rettsforfølging av krigsforbrytarar blant russiske generalar enn det var ein gest frå dei føderale myndigheitene.Men etter 1999 gløymde dei føderale myndigheitene på ein eller annan måte forpliktingane sine og tok til å sende folk som kom under amnestiet i fengsel. Og naturlegvis utvikla dei russiske generalane sine eigne kriteria: Dei bestemte at kvar tsjetsjensk mann eldre enn 12 år var ein potensiell terrorist. Det er den offisielle politikken til den øvste leiinga i den føderale hæren, og han har aldri vorte fordømd eller kritisert av føderale tenestemenn. Frå denne ståstaden kan Sakajev klart verte rekna for terrorist.
Men dette hindra han ikkje i å ha eit møte med presidenten sin utsending Viktor Kasantsev i Moskva i fjor, då president Vladimir Putin undersøkte om det var mogleg å få til ei politisk løysing.
Som forventa
I alle fall var det klart frå byrjinga av at det som var godt nok for den russiske statsadvokaten ikkje var tilstrekkeleg for ein dansk rett. Etter frigjevinga av Sakajev retta mange politikarar i Moskva sin kritikk mot statsadvokaten for handsaminga av saka. Men statsadvokaten gjorde så godt han kunne. Det verkar som om dei mottok ordren om å etterforske Sakajev etter at han var arrestert. Og det er særs vanskeleg å samle prov som ikkje finst og å etterforske kriminelle handlingar som aldri fann stad. Dette må ha vore ganske klart frå byrjinga av både for statsadvokaten og for dei i Kreml som sette i gong kampanjen mot Sakajev.Det er symptomatisk at den offisielle reaksjonen i Moskva var mykje mildare enn den som kunne ha vore forventa etter lurvelevenet kring Danmark si avvising av å forby den tsjetsjenske verdskongressen i København i oktober. Det er ganske klart at det som hendte var akkurat det som var forventa. Men kvifor var det då naudsynt å gå til sak? Der er så klart alltid gode grunnar for å mistenkje at nokre byråkratar ganske enkelt ville glede sjefane sine og gikk litt for langt ? der hovudsaka var å vise innsats og entusiasme, ikkje å oppnå resultat.
Men der finst ei anna forklaring, som går ut på at myndigheitene ikkje hadde nokon intensjon om stille Sakajev for retten. Det dei ville var å sverte han som ein potensiell partnar i fredsprosessen og å gjere det umogleg for russiske politikarar og byråkratar å etablere kontakt med han i overskodeleg framtid.
Bortkasta tid
Dersom det er tilfellet, lukkast politikken: Den siste politiske aktør som var rekna for å vere ein akseptabel forhandlingspartnar i Moskva har no vorte sett ut av spel.Det seier sitt at statsadvokaten rett etter frigjevinga av Sakajev informerte pressa om at han i nærmaste framtid ikkje kom til å legge fram noko klage for den europeiske menneskerettsdomstol på avgjerda til dei danske myndigheitene om å avvise utleveringa av han. Statsadvokaten veit svært godt at det ville ha vore bortkasta tid ? og meir audmjuking er ikkje kva dei treng.
På same vis, når det gjeld forsøka på å få Sakajev utvist frå Storbritannia, har det vore ein del sinte utspel frå russiske tenestemenn, men ikkje meir enn det.
Det reelle politiske målet har allereie vorte nådd. Og, som ofte før, internasjonal politikk har vorte underordna innanlandske omsyn. Og når det gjeld statsadvokaten, så tok han støyten for avgjerder som var tekne andre stader.
Boris Kagarlitskij er direktør ved Institute of Globalization Studies i Moskva
Omsett av Stig B. Dørmænen
Det er inga stor overrasking at Akhmed Sakajev er sett fri. Dei russiske myndigheitene hadde få bevis å sende til Danmark, og det verkar som om dei hadde små forventingar til nokon gong å få han utlevert.
Russiske tenestemenn skulda først den tsjetsjenske politikaren for å vere ein «terrorist», men seinare endra dei skuldingane til deltaking i «væpna opprør» og i ei «ikkje-autorisert væpna gruppering» (som den russiske regjeringa no kallar dei militære styrkane i den tsjetsjenske republikken). Problemet er at kvar tsjetsjenar som forsvarar heimlandet sitt etter at føderale styrkar invaderte i 1994 kan verte skulda for opprør.
Faktisk var det ikkje noko opprør som fann stad i den perioden: Republikken var i røynda uavhengig frå 1991 til 1994, og då føderale styrkar invaderte territoriet, hadde det allereie sine eigne militær styrkar, politi og til og med eit kulturdepartement som var leia av Sakajev.
Eigne kriteria
Om ikkje det er nok: Dumaen vedtok eit amnesti i mars 1997 der dei ettergir straff for stridande på begge sider i den tsjetsjenske krigen (1994-96). Dette var meir eit middel for å forhindre rettsforfølging av krigsforbrytarar blant russiske generalar enn det var ein gest frå dei føderale myndigheitene.
Men etter 1999 gløymde dei føderale myndigheitene på ein eller annan måte forpliktingane sine og tok til å sende folk som kom under amnestiet i fengsel. Og naturlegvis utvikla dei russiske generalane sine eigne kriteria: Dei bestemte at kvar tsjetsjensk mann eldre enn 12 år var ein potensiell terrorist. Det er den offisielle politikken til den øvste leiinga i den føderale hæren, og han har aldri vorte fordømd eller kritisert av føderale tenestemenn. Frå denne ståstaden kan Sakajev klart verte rekna for terrorist.
Men dette hindra han ikkje i å ha eit møte med presidenten sin utsending Viktor Kasantsev i Moskva i fjor, då president Vladimir Putin undersøkte om det var mogleg å få til ei politisk løysing.
Som forventa
I alle fall var det klart frå byrjinga av at det som var godt nok for den russiske statsadvokaten ikkje var tilstrekkeleg for ein dansk rett. Etter frigjevinga av Sakajev retta mange politikarar i Moskva sin kritikk mot statsadvokaten for handsaminga av saka. Men statsadvokaten gjorde så godt han kunne. Det verkar som om dei mottok ordren om å etterforske Sakajev etter at han var arrestert. Og det er særs vanskeleg å samle prov som ikkje finst og å etterforske kriminelle handlingar som aldri fann stad. Dette må ha vore ganske klart frå byrjinga av både for statsadvokaten og for dei i Kreml som sette i gong kampanjen mot Sakajev.
Det er symptomatisk at den offisielle reaksjonen i Moskva var mykje mildare enn den som kunne ha vore forventa etter lurvelevenet kring Danmark si avvising av å forby den tsjetsjenske verdskongressen i København i oktober. Det er ganske klart at det som hendte var akkurat det som var forventa. Men kvifor var det då naudsynt å gå til sak? Der er så klart alltid gode grunnar for å mistenkje at nokre byråkratar ganske enkelt ville glede sjefane sine og gikk litt for langt ? der hovudsaka var å vise innsats og entusiasme, ikkje å oppnå resultat.
Men der finst ei anna forklaring, som går ut på at myndigheitene ikkje hadde nokon intensjon om stille Sakajev for retten. Det dei ville var å sverte han som ein potensiell partnar i fredsprosessen og å gjere det umogleg for russiske politikarar og byråkratar å etablere kontakt med han i overskodeleg framtid.
Bortkasta tid
Dersom det er tilfellet, lukkast politikken: Den siste politiske aktør som var rekna for å vere ein akseptabel forhandlingspartnar i Moskva har no vorte sett ut av spel.
Det seier sitt at statsadvokaten rett etter frigjevinga av Sakajev informerte pressa om at han i nærmaste framtid ikkje kom til å legge fram noko klage for den europeiske menneskerettsdomstol på avgjerda til dei danske myndigheitene om å avvise utleveringa av han. Statsadvokaten veit svært godt at det ville ha vore bortkasta tid ? og meir audmjuking er ikkje kva dei treng.