– Dette er horribelt
Fredag 6. desember, 2002
Finn Lied var med på opprettinga av Statoil, som industriminister i Bratteli-regjeringa (1971-72). Han var styreleiar for Statoil heile det fyrste tiåret, frå 1974-84. Finn Lied er framleis sterkt engasjert i norsk energipolitikk, og no ber han regjeringa tenkja seg om ein gong til. Lovframlegget som kom fredag i førre veke gjer Ap-veteranen opprørt.
? Dette er ei ekstremt viktig sak. Regjeringa legg opp til å la disposisjonsretten over kraftressursane gå til utanlandske selskap. Det er horribelt, for å seia det rett ut, seier Lied til Klassekampen.
Det omstridde framlegget er laga av ei arbeidsgruppe sett saman utelukkande med representantar frå departementa. Striden står om dei historiske konsesjonslovene, og den viktigaste endringa er å påleggja kommunale kraftverk «heimfall». Dette tyder at staten skal ta over kraftverka om 75 år, ei endring Lied meiner vil gje ein kraftig impuls til utsal av offentlege kraftverk (sjå faktaboks).
? Når Statkraft ikkje får kjøpa meir i Noreg og det ikkje finst annan kapital her, kjem desse heilt fundamentale ressursane til å hamna hos utanlandske selskap, meiner Lied.
Tysk gigant
Han meiner maktspørsmålet er fundamentalt.? Det har ei veldig betydning. Den som eig avgjer kvar krafta skal gå, seier Lied. Han viser til at gigantselskap som tyske E.ON alt er inne i den norske energimarknaden, og kan bli ein dominerande eigar om regjeringa får det som ho vil.
? Om eit kjernekraftverk ryk på kontinentet, skal ingen få meg til å tru at E.ON vil la tysk industri betala prisen for ei energikrise, seier han.
Stortinget sikra norsk eigarskap til vasskrafta i perioden frå 1906 til 1917. Då vart konsesjonslovene vedtekne. Dette er truleg det viktigaste industripolitiske tiltaket nokon gong i dette landet. Med kontroll over krafta kunne den unike naturressursen nyttast til å byggja industri og lokalsamfunn i Noreg, med meir langsiktig perspektiv enn rask profitt på kraftsalet.Debatten om konsesjonslovene gjekk år etter år i Stortinget, og den fyller hundrevis av sider i stortingsreferata. Då departementet sette ned den fyrste komiteen på spørsmålet, Bredal-komiteen i 1906-07, vart både ein professor i juss, ein skogeigar, ein gardbrukar, ein grosserar og ein elektroingeniør engasjert i arbeidet. Debatten om makt over kraftressursane engasjerte også den breie ålmenta gjennom dei største avisene.
No er det annleis. Lovframlegget som kom frå departementsgruppa sist fredag har tre månader høyringsfrist.
? Offentleg utval
Så blir det proposisjon og vedtak i Stortinget, har regjeringa tenkt. Finn Lied meiner tempoet er fullstendig uakseptabelt.? Saka er alt for dårleg utgreidd etter tre månader høyring. Notatet frå regjeringa vurderer ikkje konsekvensane av det dei vil innføra, seier han. Lied ber styresmaktene sleppa til ein grundigare debatt.
? Det bør oppnemnast eit offentleg utval. Utgangspunktet må vera at vi skal finna ordningar som tilfredsstiller krava frå EU, utan at vi fører makta over ressursane ut av landet.
Det Lied refererer til, er krav frå ESA, som overvaker EØS-avtalen. ESA aksepterer ikkje at Noreg har innført heimfall for private og utanlandske kraftselskap, men ikkje for dei offentlege. Denne diskrimineringa forsvinn med regjeringa sitt framlegg om å innføra heimfall også for dei offentleg eigde verka.
Sentrum-venstre
Finn Lied trur råderetten over vasskrafta må sikrast av ein allianse mellom sentrum og venstre i politikken. Det kan bli vanskeleg, når det er KrFs statsråd Einar Steensnæs som står bak lovutkastet Lied vil nedkjempa.? Dei som er ute etter ei sak som kan samla sentrum og venstre, må sjå til å vakna. Også mange verdikonservative kan støtta oss i dette, meiner Finn Lied, som er overtydd om at eit fleirtal i befolkninga vil ha nasjonal kontroll over vasskrafta.
? Vasskraftressursane er unike for Noreg og styringa må liggja her i landet. Den bør heller ikkje overlatast til marknaden, det ser vi konsekvensen av no med dei ekstreme prisane, seier Finn Lied.
Finn Lied var med på opprettinga av Statoil, som industriminister i Bratteli-regjeringa (1971-72). Han var styreleiar for Statoil heile det fyrste tiåret, frå 1974-84. Finn Lied er framleis sterkt engasjert i norsk energipolitikk, og no ber han regjeringa tenkja seg om ein gong til. Lovframlegget som kom fredag i førre veke gjer Ap-veteranen opprørt.
? Dette er ei ekstremt viktig sak. Regjeringa legg opp til å la disposisjonsretten over kraftressursane gå til utanlandske selskap. Det er horribelt, for å seia det rett ut, seier Lied til Klassekampen.
Det omstridde framlegget er laga av ei arbeidsgruppe sett saman utelukkande med representantar frå departementa. Striden står om dei historiske konsesjonslovene, og den viktigaste endringa er å påleggja kommunale kraftverk «heimfall». Dette tyder at staten skal ta over kraftverka om 75 år, ei endring Lied meiner vil gje ein kraftig impuls til utsal av offentlege kraftverk (sjå faktaboks).
? Når Statkraft ikkje får kjøpa meir i Noreg og det ikkje finst annan kapital her, kjem desse heilt fundamentale ressursane til å hamna hos utanlandske selskap, meiner Lied.
Tysk gigant
Han meiner maktspørsmålet er fundamentalt.
? Det har ei veldig betydning. Den som eig avgjer kvar krafta skal gå, seier Lied. Han viser til at gigantselskap som tyske E.ON alt er inne i den norske energimarknaden, og kan bli ein dominerande eigar om regjeringa får det som ho vil.
? Om eit kjernekraftverk ryk på kontinentet, skal ingen få meg til å tru at E.ON vil la tysk industri betala prisen for ei energikrise, seier han.
Stortinget sikra norsk eigarskap til vasskrafta i perioden frå 1906 til 1917. Då vart konsesjonslovene vedtekne. Dette er truleg det viktigaste industripolitiske tiltaket nokon gong i dette landet. Med kontroll over krafta kunne den unike naturressursen nyttast til å byggja industri og lokalsamfunn i Noreg, med meir langsiktig perspektiv enn rask profitt på kraftsalet.
Debatten om konsesjonslovene gjekk år etter år i Stortinget, og den fyller hundrevis av sider i stortingsreferata. Då departementet sette ned den fyrste komiteen på spørsmålet, Bredal-komiteen i 1906-07, vart både ein professor i juss, ein skogeigar, ein gardbrukar, ein grosserar og ein elektroingeniør engasjert i arbeidet. Debatten om makt over kraftressursane engasjerte også den breie ålmenta gjennom dei største avisene.
No er det annleis. Lovframlegget som kom frå departementsgruppa sist fredag har tre månader høyringsfrist.
? Offentleg utval
Så blir det proposisjon og vedtak i Stortinget, har regjeringa tenkt. Finn Lied meiner tempoet er fullstendig uakseptabelt.
? Saka er alt for dårleg utgreidd etter tre månader høyring. Notatet frå regjeringa vurderer ikkje konsekvensane av det dei vil innføra, seier han. Lied ber styresmaktene sleppa til ein grundigare debatt.
? Det bør oppnemnast eit offentleg utval. Utgangspunktet må vera at vi skal finna ordningar som tilfredsstiller krava frå EU, utan at vi fører makta over ressursane ut av landet.
Det Lied refererer til, er krav frå ESA, som overvaker EØS-avtalen. ESA aksepterer ikkje at Noreg har innført heimfall for private og utanlandske kraftselskap, men ikkje for dei offentlege. Denne diskrimineringa forsvinn med regjeringa sitt framlegg om å innføra heimfall også for dei offentleg eigde verka.
Sentrum-venstre
Finn Lied trur råderetten over vasskrafta må sikrast av ein allianse mellom sentrum og venstre i politikken. Det kan bli vanskeleg, når det er KrFs statsråd Einar Steensnæs som står bak lovutkastet Lied vil nedkjempa.
? Dei som er ute etter ei sak som kan samla sentrum og venstre, må sjå til å vakna. Også mange verdikonservative kan støtta oss i dette, meiner Finn Lied, som er overtydd om at eit fleirtal i befolkninga vil ha nasjonal kontroll over vasskrafta.
? Vasskraftressursane er unike for Noreg og styringa må liggja her i landet. Den bør heller ikkje overlatast til marknaden, det ser vi konsekvensen av no med dei ekstreme prisane, seier Finn Lied.










