Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Torsdag 5. desember, 2002

Nei takk, herr president

Me israelarar sit i klemma med det same gamle problemet: Regjeringa vår er leia av messianistiske nasjonalistar og ein militær elite som krev krig, skriv Lev Grinberg.Me israelarar sit i klemma med det same gamle problemet: Regjeringa vår er leia av messianistiske nasjonalistar og ein militær elite som krev krig, skriv
Lev Grinberg.

Etter krigen i 1967 vedtok den israelske regjeringa å riva grensemarkeringane som skilde Aust - og Vest-Jerusalem, og annektera dei palestinske områda i den austlege delen av byen. Den israelske regjeringa venta seg eit omgåande amerikansk press om tilbaketrekking frå dei erobra territoria, og skunda seg difor å ta kontroll over dei. Presset kom aldri. Forventninga om amerikansk press baserte seg på tidlegare røynsler. I 1956 tvang USA Israel til å trekkja seg attende frå Sinaiørkenen til den internasjonale grensa i løpet av tre månader. I 1967, derimot, kom det overraskande nok ingen slike krav. Snarare tvert i mot. Amerikanarane tillét Israel å byrja å byggja bydelar i Aust-Jerusalem, og busettingar på Vestbreidda, Golanhøgdene og i Sinai. Det mangla ikkje berre press om tilbaketrekking, Israel fekk også ei sjenerøs, årleg økonomisk hjelp på tre milliardar dollar, som hovudsakeleg gjekk til å subsidiera amerikansk våpenindustri.Skilnaden mellom 1956 og 1967 ligg i den politiske konteksten. I 1956 gjekk Israel til åtak på Egypt saman med Storbritannia og Frankrike, som ville grafsa til seg Suezkanalen, som Gamal Abdel-Nasser hadde nasjonalisert to år tidlegare. Sigerherrane frå Fyrste Verdskrig, USA og Sovjetunionen, var interesserte i å stikka kjeppar i hjula for dei to imperia i forfall, Storbritannia og Frankrike. Samstundes oppmuntra dei den post-koloniale verda til å verta sjølvstendig. Israel vart såleis straffa for åtaket sitt i 1956 og tvunge til å gjera retrett. I 1967, derimot, var USA og Sovjetunionen djupt involverte i Den kalde krigen, og samarbeidet mellom Sovjetunionen, Egypt og Syria oppmuntra USA til å støtta og fremja Israel si militære makt.Messiansk truIsraelarane, som kjende seg truga og omringa av fiendar, og som framleis ikkje hadde overvunne holocausttraumaet, var begeistra over støtta frå USA og forblinda av si eiga makt. Somme tok det som eit teikn på guddommeleg påverknad og vende seg mot ei messianistisk tru. Andre såg det utelukkande som uttrykk for rein militær styrke og utvikla ein grunn og gjennomgåande militaristisk innstilling.I praksis vart Israel likevel fanga av USA og har blitt spydodden til det amerikanske nærværet i Midtausten. Prisen er dyr i form av åtak, arroganse og pågåande konflikt. Allereie i 1973 vart det klart at dei amerikanske våpenforsyningane ikkje kunne redda livet til 2700 israelske soldatar. Dei var offer for ein idiotisk politikk som berre baserte seg på militær styrke. Den amerikanske støtta var, med andre ord, ei historisk katastrofe for Israel. Det 35 år lange okkupasjons- og busettingsregimet har gjort Israel moralsk og politisk korrupt. Dei messianistisk-religiøse og militære elitane pregar diskursen i israelsk politikk, og ingen politikk går i mot interessene deira.Med stor fart fører den noverande politikken til president Bush Israel nærmare ein fare som er større enn nokon gong. Dette skjer utan offentleg debatt, fordi den israelske regjeringa er avhengig av USA og difor ikkje kan protestera. Sharon fekk full støtte til å oppheva Oslo-avtalene, knekka Dei palestinske styremaktene, gjenerobra Gazastripa, og gjera dei palestinske byane til store fengsel. Korleis kan han då seia nei til eit åtak på Irak? Den israelske regjeringa er den einaste regjeringa i verda som utan vilkår stør Bush-regjeringa sine planar om å angripa Irak, sjølv om ein reknar med at Israel sine eigne innbyggjarar er dei einaste som vil verta råka av denne krigen. Ariel Sharon har stolt kunngjort at «Israel er den nasjonen i heile verda som er best budd på eit kjemisk eller biologisk åtak» (Yediot Ahronot, 6. september 2002). Det han ikkje la til, var at sivile er dei einaste som verkeleg er truga av kjemiske og biologiske våpen.Kreft?Det finst inga tvil om at det irakiske folket er alvorleg skadelidande på grunn av USA. Fleirtalet av dei arabiske statane vil for det meste sjå på bruken av ukonvensjonelle våpen mot Israel som legitimt. Det er heller inga tvil om at dersom Israel blir angripe av kjemiske eller biologisk rakettar, så vil fleirtalet av israelarane støtta eit kjernefysisk åtak på Irak. Sharon kjem heilt sikkert til å ta sjansen på ein massedeportasjon av palestinarar til Jordan. Det er ei handling som stabssjefen i Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF) nyleg ymta frampå om då han definerte palestinarane som ein «kreft» og tilbydde «amputasjon» som ei mogleg løysing (Haaretz, 31. august 2002). Konsekvensane av eit amerikansk åtak på Irak ville utan tvil verta ein katastrofe for heile Midtausten i det minste.Fanga av USAEinkvar fornuftig israelar må seia nei til ein krig som set både han og familien i fare, og som kan tyda ein katastrofe for framtida til landet hans. Men me sit i klemma med det same 35 år gamle problemet: Regjeringa vår er leia av messianistiske nasjonalistar og ein militær elite som krev krig. Dei får støtte frå og vert oppmuntra av ekstremistiske konservative i Bush-regjeringa. Me er fanga av USA og kan ikkje seia nei. Det finst inga politisk kraft som kan forsvara dei vitale interessene til Staten Israel og borgarane der, fordi USA har investert store summar og mykje prestisje i Israel og no vil ha litt forteneste tilbake. Som uavhengige israelske borgarar må me gå i mot denne krigen. USA gjer oss inga teneste, men set oss i fare på grunn av eigne, aggressive interesser som ei økonomisk og militær supermakt. Me må seia: Nei takk, Herr President.

Etter krigen i 1967 vedtok den israelske regjeringa å riva grensemarkeringane som skilde Aust - og Vest-Jerusalem, og annektera dei palestinske områda i den austlege delen av byen. Den israelske regjeringa venta seg eit omgåande amerikansk press om tilbaketrekking frå dei erobra territoria, og skunda seg difor å ta kontroll over dei. Presset kom aldri. Forventninga om amerikansk press baserte seg på tidlegare røynsler. I 1956 tvang USA Israel til å trekkja seg attende frå Sinaiørkenen til den internasjonale grensa i løpet av tre månader. I 1967, derimot, kom det overraskande nok ingen slike krav. Snarare tvert i mot. Amerikanarane tillét Israel å byrja å byggja bydelar i Aust-Jerusalem, og busettingar på Vestbreidda, Golanhøgdene og i Sinai. Det mangla ikkje berre press om tilbaketrekking, Israel fekk også ei sjenerøs, årleg økonomisk hjelp på tre milliardar dollar, som hovudsakeleg gjekk til å subsidiera amerikansk våpenindustri.Skilnaden mellom 1956 og 1967 ligg i den politiske konteksten. I 1956 gjekk Israel til åtak på Egypt saman med Storbritannia og Frankrike, som ville grafsa til seg Suezkanalen, som Gamal Abdel-Nasser hadde nasjonalisert to år tidlegare. Sigerherrane frå Fyrste Verdskrig, USA og Sovjetunionen, var interesserte i å stikka kjeppar i hjula for dei to imperia i forfall, Storbritannia og Frankrike. Samstundes oppmuntra dei den post-koloniale verda til å verta sjølvstendig. Israel vart såleis straffa for åtaket sitt i 1956 og tvunge til å gjera retrett. I 1967, derimot, var USA og Sovjetunionen djupt involverte i Den kalde krigen, og samarbeidet mellom Sovjetunionen, Egypt og Syria oppmuntra USA til å støtta og fremja Israel si militære makt. Messiansk truIsraelarane, som kjende seg truga og omringa av fiendar, og som framleis ikkje hadde overvunne holocausttraumaet, var begeistra over støtta frå USA og forblinda av si eiga makt. Somme tok det som eit teikn på guddommeleg påverknad og vende seg mot ei messianistisk tru. Andre såg det utelukkande som uttrykk for rein militær styrke og utvikla ein grunn og gjennomgåande militaristisk innstilling.I praksis vart Israel likevel fanga av USA og har blitt spydodden til det amerikanske nærværet i Midtausten. Prisen er dyr i form av åtak, arroganse og pågåande konflikt. Allereie i 1973 vart det klart at dei amerikanske våpenforsyningane ikkje kunne redda livet til 2700 israelske soldatar. Dei var offer for ein idiotisk politikk som berre baserte seg på militær styrke. Den amerikanske støtta var, med andre ord, ei historisk katastrofe for Israel. Det 35 år lange okkupasjons- og busettingsregimet har gjort Israel moralsk og politisk korrupt. Dei messianistisk-religiøse og militære elitane pregar diskursen i israelsk politikk, og ingen politikk går i mot interessene deira.Med stor fart fører den noverande politikken til president Bush Israel nærmare ein fare som er større enn nokon gong. Dette skjer utan offentleg debatt, fordi den israelske regjeringa er avhengig av USA og difor ikkje kan protestera. Sharon fekk full støtte til å oppheva Oslo-avtalene, knekka Dei palestinske styremaktene, gjenerobra Gazastripa, og gjera dei palestinske byane til store fengsel. Korleis kan han då seia nei til eit åtak på Irak? Den israelske regjeringa er den einaste regjeringa i verda som utan vilkår stør Bush-regjeringa sine planar om å angripa Irak, sjølv om ein reknar med at Israel sine eigne innbyggjarar er dei einaste som vil verta råka av denne krigen. Ariel Sharon har stolt kunngjort at «Israel er den nasjonen i heile verda som er best budd på eit kjemisk eller biologisk åtak» (Yediot Ahronot, 6. september 2002). Det han ikkje la til, var at sivile er dei einaste som verkeleg er truga av kjemiske og biologiske våpen. Kreft?Det finst inga tvil om at det irakiske folket er alvorleg skadelidande på grunn av USA. Fleirtalet av dei arabiske statane vil for det meste sjå på bruken av ukonvensjonelle våpen mot Israel som legitimt. Det er heller inga tvil om at dersom Israel blir angripe av kjemiske eller biologisk rakettar, så vil fleirtalet av israelarane støtta eit kjernefysisk åtak på Irak. Sharon kjem heilt sikkert til å ta sjansen på ein massedeportasjon av palestinarar til Jordan. Det er ei handling som stabssjefen i Dei israelske forsvarsstyrkane (IDF) nyleg ymta frampå om då han definerte palestinarane som ein «kreft» og tilbydde «amputasjon» som ei mogleg løysing (Haaretz, 31. august 2002). Konsekvensane av eit amerikansk åtak på Irak ville utan tvil verta ein katastrofe for heile Midtausten i det minste. Fanga av USAEinkvar fornuftig israelar må seia nei til ein krig som set både han og familien i fare, og som kan tyda ein katastrofe for framtida til landet hans. Men me sit i klemma med det same 35 år gamle problemet: Regjeringa vår er leia av messianistiske nasjonalistar og ein militær elite som krev krig. Dei får støtte frå og vert oppmuntra av ekstremistiske konservative i Bush-regjeringa. Me er fanga av USA og kan ikkje seia nei. Det finst inga politisk kraft som kan forsvara dei vitale interessene til Staten Israel og borgarane der, fordi USA har investert store summar og mykje prestisje i Israel og no vil ha litt forteneste tilbake. Som uavhengige israelske borgarar må me gå i mot denne krigen. USA gjer oss inga teneste, men set oss i fare på grunn av eigne, aggressive interesser som ei økonomisk og militær supermakt. Me må seia: Nei takk, Herr President.

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT