Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Lørdag 4. januar, 2003

– Dette er dramatisk

Lørdag 4. januar, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
? Regjeringa er i gang med ei dramatisk kursendring i utdanningspolitikken som eg trur dei færraste aner rekkjevidda av, hevdar Trond Giske (Ap). Han ber Stortinget vurdera å trekkja tilbake liberaliseringa Noreg har gått med på i WTO.

Tidlegare utdanningsminister Trond Giske (Ap) tek fram den politiske kanonen etter at Klassekampen i går fortalte korleis den nye privatskulelova regjeringa går inn for kan gje utanlandske aksjeselskap rett til å driva barneskular i Noreg. Dei kan driva med økonomisk profitt og framleis ha rett på statsstøtte.

? Det regjeringa gjer er veldig alvorleg. Dei er i gang med ei dramatisk kursendring i skule- og utdanningspolitikken som eg trur dei færraste aner rekkjevidda av, seier Giske til Klassekampen.

Det er reglane for handel med tenester i Verdas handelsorganisasjon (WTO) som kan gje utanlandske, kommersielle aktørar fritt fram i Noreg. Stortinget kan minimalt om dette regelverket. Giske trur ikkje regjeringspartia heng med i svingane. ? Eg tvilar litt på at Høgre har skjønt kva som skjer. Det har i alle fall ikkje Venstre og KrF, seier han.

Det Giske meiner regjeringspartia ikkje har sett, er at når Noreg opnar skulesektoren for privatisering, går den frå kategorien «offentleg teneste» til ei kommersiell teneste med konkurranse.

? Frå den augneblinken er ikkje området lenger regulert av Noreg åleine, men også av WTO og EØS. Når vi likestiller private og offentlege skular i Noreg, må vi også likestilla norske og utanlandske. Då har du slept det heilt fritt, seier Giske. Eit slikt frislepp åtvarar den tidlegare utdanningsministeren sterk imot. Han fryktar prinsippet om lik rett til utdanning for alle barn og unge står for fall.

? I eit kommersielt utdanningssystem med konkurranse mellom skulane, vil du raskt få klasseskilje i utdanningstilbodet. Dei mest populære kan bli eliteskular. Etter ei tid vil betalingsevna styra tilbodet, det er eg sikker på, seier Giske.

Avgjerande endring

Det finst privat drift i grunnskulen frå før. Lovverket i dag opnar for privat etablering berre når skulen utgjer eit religiøst, etisk eller fagleg-pedagogisk alternativ til den offentlege grunnskulen. Det nye med lovframlegget regjeringa vedtok fredag før jul, er at også skular med eit opplæringstilbod tilsvarande den offentlege skulen skal få godkjenning og statsstøtte.

Trond Giske trur denne endringa er avgjerande i WTO-samanheng. Med dagens lovverk, kan Noreg seia nei til utanlandske aktørar, meiner han.

? Det var slik vi vurderte dette då eg var statsråd. Når vi har opna for private skuler på livssynsgrunnlag, kan kanskje Livets ord i Stockholm krevja retten til å etablera seg i Noreg, med statsstøtte. Men det er eit marginalt problem samanlikna med det vi står andsynes om regjeringa får igjennom den nye privatskulelova.

Vil ha svar

Den tidlegare Ap-statsråden trur ikkje det er fleirtal på Løvebakken for å la private aksjeselskap sleppa inn i grunnskulen. Derfor må Stortinget setja foten ned for den nye privatskulelova, meiner han. Alternativt må dei folkevalde bruka dei pågåande Gats-forhandlingane til å trekkja tilbake liberaliseringa av utdanningssektoren. I så fall kan andre WTO-land krevja økonomisk kompensasjon frå Noreg.

No vil Giske ha på bordet informasjon om kva som blir konsekvensane dersom Noreg går tilbake på liberaliseringa av utdanningssektoren.

? Når regjeringa ikkje legg fram informasjon om dette i proposisjonen, må Stortinget stilla spørsmåla. Dette må vi få svar på, seier han.

Det var Giskes partifelle og tidlegare utdanningsminister Gudmund Hernes som førte opp utdanning på Noreg si liste over liberaliserte tenester under Gats-forhandlingane i 1993. Likevel er det mot sentrum Giske rettar det politiske skytset, fordi KrF og Venstre stiller seg bak privatskulelova til Kristin Clemet.

? For meg er det ein tragedie at folk som Jon Lilletun, Einar Steensnæs og Odd Einar Dørum, som alle er skulepolitikarar, har snudd 180 grader i spørsmålet om utdanning skal vera ei vare. Dei har lagt seg flate for Høgre sin skulepolitikk.

Dette er Gats

  Gats står for General Agreement on Trade in Services. Avtalen vart underskriven i 1994, og er ein berebjelke i Verdas handelsorganisasjon (WTO). WTO vart oppretta i 1995, har 144 medlemsland og representerer over 90 prosent av verdshandelen.

  Lobbygruppene til tenesteytande storselskap i USA og EU har verka sterkt inn på Gats. Dei har prioritert desse områda for liberalisering: helse, heimehjelp, barnehagar, eldreomsorg, utdanning (alle nivå), museum, bibliotek, energi, vassforsyning, forsikring, postvesen, transport, kringkasting, med fleire.

  Noreg forplikta seg under Gats-forhandlingane i 1993 til å opna for utanlandsk etablering i heile utdanningsverket, frå barneskule til høgare utdanning og vaksenopplæring. Få land har gått så langt som Noreg på dette området.

  Artikkel XVI i Gats hindrar Noreg i å regulera selskapstypen til tenesteleverandøren, til dømes ved krav om non-profit-selskap. Artikkel XVII krev likebehandling av utanlandske aktørar, som dermed får rett til statsstøtte på lik line med norske.

Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT