Utanlandske selskap kan oppretta norske skular
Fredag 3. januar, 2003
20. desember fekk selskapet Vittra Utbildning godkjenning for 15 nye privatskular i Sverige. Vittra er frå før størst i Sverige, med 22 skular, 5000 elevar og ein omsetnad på 350 millionar i året. Vittra er styrt av Bure Equity, ein kapitalkjempe som forvaltar rundt fire milliardar svenske kroner. Vittra har som målsetnad at aksjonærane skal «få en rimlig avkastning på sina satsade pengar». Selskapet er i kraftig vekst.
Her i landet har utdanningsminister Kristin Clemet (H) skapt ein proteststorm med framlegget til ny friskulelov. Det kom som proposisjon frå statsråd fredag før jul. Til no har privatskular trengt eit religiøst/etisk særgrunnlag. Regjeringa vil opna for alle som driv undervisning etter norsk lov.
Regjeringa vil berre opna for statsstøtte til selskap som ikkje driv for profitt. Dette er i strid med reglane i avtalen om handel med tenester i Verdas handelsorganisasjon (WTO).
WTO-reglane krev at Noreg lar selskap som Bure Equity eiga og driva skular, heilt ned til fyrste klasse i grunnskolen. Bure vil ha krav på statsstøtte. Og bure kan driva skulane som aksjeselskap, med profitt.
Statsstøtte og profitt
Dei oppsiktsvekkjande konklusjonane går fram av Klassekampens gjennomgang av regelverket i Generalavtalen om handel med tenester, Gats.Selskap frå alle WTO-land kan tilby all slags utdanning i Noreg. Dette går fram av Noreg si «bindingsliste» under Gats, der vi i 1993 førte opp utdanningssektoren.
Alle godkjende skular skal ha samme rett til statsstøtte. Dette går fram av artikkel XVII i Gats, som set grenser for nasjonal forskjellsbehandling. Det står eksplisitt i retningslinene for bindingslister at «Artikkel XVII gjeld for subsidie på same måte som den gjeld for alle andre tiltak».
Alle selskap som fyller krava i lova skal ha godkjenning, også dei utanlandske. Retten til godkjenning går fram av regjeringa sitt forslag til ny friskulelov (paragraf 2.1:«Frittståande grunnskolar som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til godkjenning og offentlege tilskot»). Forbodet mot forskjellsbehandling av utanlandske selskap går fram av Gats artikkel XVII.
Noreg kan ikkje krevja at godkjende selskap skal driva non-profit. Dette går fram av Gats artikkel XVI (marknadstilgang). Den forbyr eksplisitt regulering av selskapstypen («type of legal entity») til tenesteleverandøren.
Med WTO-regelverket i ryggen kan Bure etablera sine private skular i Noreg. Dei vil ha krav på statsstøtte. Og dei kan hausta profitt til aksjonærane.
Offentlege tenester
Det finst eit unnatak i Gats-regelverket for «offentlege tenester». Dette kunne vore gjort gjeldande for å halde utanlandske aksjeselskap ute av norsk grunnutdanning. Men unnataket gjeld utelukkande tenester som korkje blir utført på kommersielt grunnlag eller i konkurranse med andre aktørar.Med den nye friskulelova vil denne paragrafen definitivt vera utan verknad for norsk utdanning. Det er konkurranse mellom ulike skoleeigarar i Noreg, og med den nye privatskulelova blir dette endå sterkare etablert.
Med det nye lovframlegget slepp regjeringa Bondevik private aktørar laus i skuleverket. Dermed ligg vegen open også for utanlandske, profittsøkjande selskap. Det norske forbodet mot statsstøtte til profittsøkjande skolar kan når som helst bli trekt inn for ein domsinstans i WTO.
20. desember fekk selskapet Vittra Utbildning godkjenning for 15 nye privatskular i Sverige. Vittra er frå før størst i Sverige, med 22 skular, 5000 elevar og ein omsetnad på 350 millionar i året. Vittra er styrt av Bure Equity, ein kapitalkjempe som forvaltar rundt fire milliardar svenske kroner. Vittra har som målsetnad at aksjonærane skal «få en rimlig avkastning på sina satsade pengar». Selskapet er i kraftig vekst.
Her i landet har utdanningsminister Kristin Clemet (H) skapt ein proteststorm med framlegget til ny friskulelov. Det kom som proposisjon frå statsråd fredag før jul. Til no har privatskular trengt eit religiøst/etisk særgrunnlag. Regjeringa vil opna for alle som driv undervisning etter norsk lov.
Regjeringa vil berre opna for statsstøtte til selskap som ikkje driv for profitt. Dette er i strid med reglane i avtalen om handel med tenester i Verdas handelsorganisasjon (WTO).
WTO-reglane krev at Noreg lar selskap som Bure Equity eiga og driva skular, heilt ned til fyrste klasse i grunnskolen. Bure vil ha krav på statsstøtte. Og bure kan driva skulane som aksjeselskap, med profitt.
Statsstøtte og profitt
Dei oppsiktsvekkjande konklusjonane går fram av Klassekampens gjennomgang av regelverket i Generalavtalen om handel med tenester, Gats.
Selskap frå alle WTO-land kan tilby all slags utdanning i Noreg. Dette går fram av Noreg si «bindingsliste» under Gats, der vi i 1993 førte opp utdanningssektoren.
Alle godkjende skular skal ha samme rett til statsstøtte. Dette går fram av artikkel XVII i Gats, som set grenser for nasjonal forskjellsbehandling. Det står eksplisitt i retningslinene for bindingslister at «Artikkel XVII gjeld for subsidie på same måte som den gjeld for alle andre tiltak».
Alle selskap som fyller krava i lova skal ha godkjenning, også dei utanlandske. Retten til godkjenning går fram av regjeringa sitt forslag til ny friskulelov (paragraf 2.1:«Frittståande grunnskolar som oppfyller dei krava som følgjer av lova, har rett til godkjenning og offentlege tilskot»). Forbodet mot forskjellsbehandling av utanlandske selskap går fram av Gats artikkel XVII.
Noreg kan ikkje krevja at godkjende selskap skal driva non-profit. Dette går fram av Gats artikkel XVI (marknadstilgang). Den forbyr eksplisitt regulering av selskapstypen («type of legal entity») til tenesteleverandøren.
Med WTO-regelverket i ryggen kan Bure etablera sine private skular i Noreg. Dei vil ha krav på statsstøtte. Og dei kan hausta profitt til aksjonærane.
Offentlege tenester
Det finst eit unnatak i Gats-regelverket for «offentlege tenester». Dette kunne vore gjort gjeldande for å halde utanlandske aksjeselskap ute av norsk grunnutdanning. Men unnataket gjeld utelukkande tenester som
korkje blir utført på kommersielt grunnlag
eller i konkurranse med andre aktørar.
Med den nye friskulelova vil denne paragrafen definitivt vera utan verknad for norsk utdanning. Det er konkurranse mellom ulike skoleeigarar i Noreg, og med den nye privatskulelova blir dette endå sterkare etablert.