Tror på ei ny venstreside
Torsdag 2. januar, 2003
Eit år er gått, eit nytt er i emning. Klassekampen har utfordra aktørar på venstresida til å oppsummera året som gjekk og peika på utfordringar i det nye.
Vi spør: Kva er stoda for den sosialistiske venstresida? Blir det mest Frp og høgrepolitikk neste år også? Og kva skjer i fronten mot den økonomiske globaliseringa, Attac? Dessutan: Blir det krig?
Ingrid Fiskaa, leiar i Sosialistisk Ungdom, er ikkje i tvil om kva som var mest positivt i 2002. Manifest02, den store sosialismekonferansen som samla over 1000 ungdommar på tvers av venstresidas gamle partiskilje, var ein milepæl for venstresida, meiner ho.
? Fordi konferansen vart så stor, fordi tusen ungdommar lot seg begeistra av forteljinga om at eit sosialistisk folkestyre er mogleg. Alle må innrømma at det er lenge sidan venstresida fekk til noko slikt.
To leirar
Dei siste tjue åra har bore preg av ei omfattande avideologisering i den sosialistiske leiren, ifølgje Fiskaa. Ho ser Manifest02 som ein freistnad på å gjenskapa ei ideologisk venstreside.? Den etablerte venstresida gav, etter massivt ideologisk press, delvis opp å vera venstreside! No ser vi, ikkje berre i Noreg men andre stader også, at det utanfor den etablerte venstresida oppstår nye miljø med meir offensive utgangspunkt. Som snakkar om sosialisme igjen.
SU-leiaren deler venstresida inn i to leirar: «Sosialistisk folkestyre-leiren», er ideologisk og snakkar mykje om sosialisme. Der ser ein kampen for sosialismen som eit liberalt, demokratisk prosjekt ? for eit utvida økonomisk demokrati. På den andre sida finn ein dei som legg vekta på «brødpolitikk», som vil ha gjennomslag her og no.
? Veikskapen til den andre leiren er at dei ikkje ser dei krava sine i samanheng med den ideologiske debatten. Når ein blir pressa ideologisk på defensiven går det også ut over dei politiske resultata. Det er i denne fella dei som ønskjer regjeringssamarbeid med Ap går i. I det ein gjev opp målet om sosialisme gjev ein jo òg opp fleire og fleire delmål.
? Dette skiljet er eit resultat av den nyliberale offensiven. Utfordringa framover blir å minska avstanden mellom desse to leirane. Framvoksteren av den folkelege globaliseringsrørsla som Attac har opna eit rom for dette.
Mot toppmøteturismen
? Om du skal freista skildra stoda i den globaliseringskritiske rørsla, kva er viktigast å oppsummera frå året som har gått?? Det viktigaste er at den internasjonale rørsla mot nyliberalismen og fredsrørsla har smelta saman. Det skjedde symbolsk i Verdas sosiale forum i Porto Alegre, der globaliseringsmotstandarane gjorde spådommane om ei splitta rørsle etter 11. september til skamme. I Porto Alegre vart det sagt tydeleg at kampen mot nyliberalismen og kampen mot krig er same sak, det var viktig.
Ingrid Fiskaa trur den viktigaste utfordringa for organisasjonar som Attac blir å tona ned det ho kallar «toppmøteturismen». Attac bør leggja mindre vekt på internasjonale demonstrasjonar og meir på dei lokale kampane i Noreg.
? Attac tenkjer i desse banane sjølv. Til dømes skal Attac ha ein kampanje mot Gats [General Agreement on Trade in Services, red anm.] denne våren, som jo bør bli eit brennheitt spørsmål i norsk politikk. Dessutan trur eg det blir viktig for Attac Noreg å delta med full styrke i arbeidet mot ein mogleg krig mot Irak.
2003 eit fredsår?
Dét er Aslak Sira Myhre samd i. Det verste som skjedde i 2002 var norsk deltaking i krigen i Afghanistan, og at ein mogleg krig mot Irak kom så nær. 2003 kjem til å bli eit krigsår, eit år der alle gode krefter bør finna saman mot USAs verdsherredømme, meiner den avtroppande RV-leiaren.? Den militære imperialismen har gått inn i ein ny fase. Vi i Noreg er ikkje lengre tilskodarar, vi er deltakarar. Min påstand er at vi er på veg inn i ein ny periode med kolonikrigar, som kan samanliknast med 1800-talet. USA fører no ein annekterings- og okkupasjonspolitikk i Afghanistan og i Irak. Ein slost om, men ikkje på, territorium.
RV-leiaren meiner den økonomiske og politiske globaliseringa er i ferd med å få ein militær overbygnad med USAs «krig mot terror».
? Dette handlar om at USA ønskjer fullstendig hegemoni, og nyttar no politiske såvel som militære middel for å oppnå dette. Dette kjem til å prega dei neste tiåra fullstendig. Korleis vi møter ein slik fare er den største utfordringa av alle i det nye året.
Aukande opinion
? Vi har sett organisasjonar som Attac, Aksjon for Velferdsstaten, Finnmarks- og Nordlandsopprør, koma til dei siste åra. Kan vi kalla dette ein front mot nyliberalismen?? Vi ser i alle fall ein byrjande front. Det paradoksale er at Frp får stadig fleire røyster samstundes som opinionen mot konsekvensane av den nyliberale politikken aukar. Den politiske motstanden freistar no finna eit organisatorisk utrykk. Eg trur berre det er bra at den har tatt så mange ulike former til no.
Aslak Sira Myhre meiner hovudutfordringa for den globaliseringskritiske rørsla vil vera å «forbli globaliseringskritisk».
? Eg trur ikkje ein skal uroa seg for mykje for «steinkastarane» ved store internasjonale demonstrasjonar, på sikt får ein bukt med slikt. Det er verre med dei som etterkvart vil ønskja å reformera dei globale handelsorganisasjonane innanfrå. Faren for den gryande Attac-rørsla er Joscha Fisharane, dei som vil reformera utan å ta utgangspunkt i masseaktivitet nedanfrå.
Nyskaping
Tilliks med Ingrid Fiskaa meiner Aslak Sira Myhre det meste positive i fjoråret var Manifest02, i tillegg til den store demonstrasjonen mot Verdsbanken i Oslo i sumar.? På Manifest02 opplevde eg ein diskusjon som faktisk handla om sosialisme, sjølv om den var famlande og forenkla. Det er nye menneske som diskuterer no, ikkje dei vanlege 50-åringane som har ført dei same ordskifta i tjue år. Dette vil eg takka Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom for! Vi har faktisk kome eit steg vidare i året som gjekk.
? Når dette er sagt vil eg leggja til at utgangspunktet for sosialistar diverre er dårlegare enn på veldig lenge i Noreg: Det finst berre tre organisasjonar som driv studie i marxisme, SU, RU og RV så vidt eg skjønar. SV driv vel knapt studiearbeid og AKP, Internasjonale Sosialistar og andre venstregrupper er for småe til å spela noka rolle. Den som er 15 år i dag og kanskje vil bli sosialist må nåast av ein av desse tre relativt små organisasjonane. For 40 år sidan røysta over halvparten av folket på parti som var erklært sosialistiske, i dag er desse knapt sosialistar i namnet, avsluttar den avtroppande RV-leiaren.
Eit år er gått, eit nytt er i emning. Klassekampen har utfordra aktørar på venstresida til å oppsummera året som gjekk og peika på utfordringar i det nye.
Vi spør: Kva er stoda for den sosialistiske venstresida? Blir det mest Frp og høgrepolitikk neste år også? Og kva skjer i fronten mot den økonomiske globaliseringa, Attac? Dessutan: Blir det krig?
Ingrid Fiskaa, leiar i Sosialistisk Ungdom, er ikkje i tvil om kva som var mest positivt i 2002. Manifest02, den store sosialismekonferansen som samla over 1000 ungdommar på tvers av venstresidas gamle partiskilje, var ein milepæl for venstresida, meiner ho.
? Fordi konferansen vart så stor, fordi tusen ungdommar lot seg begeistra av forteljinga om at eit sosialistisk folkestyre er mogleg. Alle må innrømma at det er lenge sidan venstresida fekk til noko slikt.
To leirar
Dei siste tjue åra har bore preg av ei omfattande
avideologisering i den sosialistiske leiren, ifølgje Fiskaa. Ho ser Manifest02 som ein freistnad på å gjenskapa ei ideologisk venstreside.
? Den etablerte venstresida gav, etter massivt ideologisk press, delvis opp å vera venstreside! No ser vi, ikkje berre i Noreg men andre stader også, at det utanfor den etablerte venstresida oppstår nye miljø med meir offensive utgangspunkt. Som snakkar om sosialisme igjen.
SU-leiaren deler venstresida inn i to leirar: «Sosialistisk folkestyre-leiren», er ideologisk og snakkar mykje om sosialisme. Der ser ein kampen for sosialismen som eit liberalt, demokratisk prosjekt ? for eit utvida økonomisk demokrati. På den andre sida finn ein dei som legg vekta på «brødpolitikk», som vil ha gjennomslag her og no.
? Veikskapen til den andre leiren er at dei ikkje ser dei krava sine i samanheng med den ideologiske debatten. Når ein blir pressa ideologisk på defensiven går det også ut over dei politiske resultata. Det er i denne fella dei som ønskjer regjeringssamarbeid med Ap går i. I det ein gjev opp målet om sosialisme gjev ein jo òg opp fleire og fleire delmål.
? Dette skiljet er eit resultat av den nyliberale offensiven. Utfordringa framover blir å minska avstanden mellom desse to leirane. Framvoksteren av den folkelege globaliseringsrørsla som Attac har opna eit rom for dette.
Mot toppmøteturismen
? Om du skal freista skildra stoda i den globaliseringskritiske rørsla, kva er viktigast å oppsummera frå året som har gått?
? Det viktigaste er at den internasjonale rørsla mot nyliberalismen og fredsrørsla har smelta saman. Det skjedde symbolsk i Verdas sosiale forum i Porto Alegre, der globaliseringsmotstandarane gjorde spådommane om ei splitta rørsle etter 11. september til skamme. I Porto Alegre vart det sagt tydeleg at kampen mot nyliberalismen og kampen mot krig er same sak, det var viktig.
Ingrid Fiskaa trur den viktigaste utfordringa for organisasjonar som Attac blir å tona ned det ho kallar «toppmøteturismen». Attac bør leggja mindre vekt på internasjonale demonstrasjonar og meir på dei lokale kampane i Noreg.
? Attac tenkjer i desse banane sjølv. Til dømes skal Attac ha ein kampanje mot Gats [General Agreement on Trade in Services, red anm.] denne våren, som jo bør bli eit brennheitt spørsmål i norsk politikk. Dessutan trur eg det blir viktig for Attac Noreg å delta med full styrke i arbeidet mot ein mogleg krig mot Irak.
2003 eit fredsår?
Dét er Aslak Sira Myhre samd i. Det verste som skjedde i 2002 var norsk deltaking i krigen i Afghanistan, og at ein mogleg krig mot Irak kom så nær. 2003 kjem til å bli eit krigsår, eit år der alle gode krefter bør finna saman mot USAs verdsherredømme, meiner den avtroppande RV-leiaren.
? Den militære imperialismen har gått inn i ein ny fase. Vi i Noreg er ikkje lengre tilskodarar, vi er deltakarar. Min påstand er at vi er på veg inn i ein ny periode med kolonikrigar, som kan samanliknast med 1800-talet. USA fører no ein annekterings- og okkupasjonspolitikk i Afghanistan og i Irak. Ein slost om, men ikkje på, territorium.
RV-leiaren meiner den økonomiske og politiske globaliseringa er i ferd med å få ein militær overbygnad med USAs «krig mot terror».
? Dette handlar om at USA ønskjer fullstendig hegemoni, og nyttar no politiske såvel som militære middel for å oppnå dette. Dette kjem til å prega dei neste tiåra fullstendig. Korleis vi møter ein slik fare er den største utfordringa av alle i det nye året.
Aukande opinion
? Vi har sett organisasjonar som Attac, Aksjon for Velferdsstaten, Finnmarks- og Nordlandsopprør, koma til dei siste åra. Kan vi kalla dette ein front mot nyliberalismen?
? Vi ser i alle fall ein byrjande front. Det paradoksale er at Frp får stadig fleire røyster samstundes som opinionen mot konsekvensane av den nyliberale politikken aukar. Den politiske motstanden freistar no finna eit organisatorisk utrykk. Eg trur berre det er bra at den har tatt så mange ulike former til no.
Aslak Sira Myhre meiner hovudutfordringa for den globaliseringskritiske rørsla vil vera å «forbli globaliseringskritisk».
? Eg trur ikkje ein skal uroa seg for mykje for «steinkastarane» ved store internasjonale demonstrasjonar, på sikt får ein bukt med slikt. Det er verre med dei som etterkvart vil ønskja å reformera dei globale handelsorganisasjonane innanfrå. Faren for den gryande Attac-rørsla er Joscha Fisharane, dei som vil reformera utan å ta utgangspunkt i masseaktivitet nedanfrå.
Nyskaping
Tilliks med Ingrid Fiskaa meiner Aslak Sira Myhre det meste positive i fjoråret var Manifest02, i tillegg til den store demonstrasjonen mot Verdsbanken i Oslo i sumar.
? På Manifest02 opplevde eg ein diskusjon som faktisk handla om sosialisme, sjølv om den var famlande og forenkla. Det er nye menneske som diskuterer no, ikkje dei vanlege 50-åringane som har ført dei same ordskifta i tjue år. Dette vil eg takka Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom for! Vi har faktisk kome eit steg vidare i året som gjekk.