Strammar til
Tirsdag 25. februar, 2003
Kommunalminister Erna Solberg ville heller snakka om dei førti prosent av kommunane som har fått budsjettet til å gå i balanse enn dei seksti prosentane som gjekk med underskott da ho møtte Kommunenes Sentralforbund (KS) til konsultasjonsmøte i går. Ho meiner mange av kommunane enno kan ha noko å henta på effektivisering og omstilling.
? Vi kan ikkje lova meir pengar til kommunesektoren, og revidert nasjonalbudsjett til våren blir eit budsjett for innstramming. Bruker vi meir pengar, vil det ha makroøkonomiske verknader som den nasjonale økonomien ikkje toler, seier Solberg.
? Stortinget må halda att
? Dersom kommunesektoren er den viktigaste, må Stortinget halda att på utgiftsauke på andre område, seier kommunalministeren.Ho meiner også det er eit problem at det stadig skjer ei indirekte øyremerking av offentlege midlar ved at det blir vedteke minstestandardar på ymse område, som får konsekvensar for budsjetta når dei skal gjennomførast.
Dystre utsikter
KS-leiar Halvdan Skard sa seg samd med statsråden i at situasjonen er vanskeleg, men fekk altså ingen lovnader om tiltak som skal gjera situasjonen lettare korkje i år eller neste år.Halvdan Skard meiner det største problemet er at det ikkje er utsikt til betring av kommuneøkonomien på lengre sikt.
? Hadde vi sett at dette var noko som ville retta seg raskt, kunne vi tolt eit år eller to med tronge budsjett, men slik ser det ikkje ut, seier han.
Budsjettet for 2004 var hovudtema for konsultasjonsmøtet, og det skal regjeringa arbeida vidare med når dei samlar seg på Thorbjørnrud andre veka i mars.
Kommunalminister Erna Solberg ville heller snakka om dei førti prosent av kommunane som har fått budsjettet til å gå i balanse enn dei seksti prosentane som gjekk med underskott da ho møtte Kommunenes Sentralforbund (KS) til konsultasjonsmøte i går. Ho meiner mange av kommunane enno kan ha noko å henta på effektivisering og omstilling.
? Vi kan ikkje lova meir pengar til kommunesektoren, og revidert nasjonalbudsjett til våren blir eit budsjett for innstramming. Bruker vi meir pengar, vil det ha makroøkonomiske verknader som den nasjonale økonomien ikkje toler, seier Solberg.
? Stortinget må halda att
? Dersom kommunesektoren er den viktigaste, må Stortinget halda att på utgiftsauke på andre område, seier kommunalministeren.
Ho meiner også det er eit problem at det stadig skjer ei indirekte øyremerking av offentlege midlar ved at det blir vedteke minstestandardar på ymse område, som får konsekvensar for budsjetta når dei skal gjennomførast.
Dystre utsikter
KS-leiar Halvdan Skard sa seg samd med statsråden i at situasjonen er vanskeleg, men fekk altså ingen lovnader om tiltak som skal gjera situasjonen lettare korkje i år eller neste år.
Halvdan Skard meiner det største problemet er at det ikkje er utsikt til betring av kommuneøkonomien på lengre sikt.