Venstresidas dagsavis
Nettutgaven, onsdag 23. mai, 2012
Dagens avis
Klassekampen forside 20120522
Innenriks
Mandag 24. mars, 2003

Sparkar ballen til Høybråten

Mandag 24. mars, 2003

Facebook Twitter Digg Tips en venn Skriv ut
SJUKEHUS: Styret i Helse Førde ber om helsedepartementet si vurdering før dei legg ned fødeavdelingar. ? Omlegginga i Lærdal kan koma i eit nytt lys, seier nestleiar Kjell Opseth.

Administrerande direktør Leif Kapstad i Helse Førde legg ansvaret for planane om å leggja ned fødeavdelingar på staten.

? Det statlege normkravet er einaste grunnen til at administrasjonen i Helse Førde går inn for å gjera om fødeavdelinga i Lærdal til ei modifisert fødestove. Utan instruks om dette ovanfrå, ville omlegginga ikkje blitt føreslegen, seier Kapstad til lokalavisa Firda.

Instruksen er levert i form av eit måltal for talet på årlege fødslar ved fødeavdelingar. Statens helsetilsyn har kome opp med talet 400-500, som regjeringa og Stortinget seinare har slutta seg til som «veiledende for planleggingen av den framtidige fødselsomsorgen».

Omlag 50 prosent av fødeinstitusjonane i Noreg har under 500 fødslar i året. I Lærdal er det 250.

Ynskjer avklaring

Helse Vest, som styrer over Helse Førde, har tolka måltalet som eit pålegg. Etter at mange tusen sinte sogningar har demonstrert mot nedlegging av fødeavdelingar i Lærdal og på Nordfjordeid, vil styret i Helse Førde no ha ei klårgjering frå helseminister Dagfinn Høybråten (KrF).

? Godtek departementet at fødeavdelingar kan ha så lågt fødselstal som i Lærdal, kjem omlegginga der i eit nytt lys, seier nestleiar i Helse Førde-styret Kjell Opseth. Han har til no stått hardt på for nedlegging.

Helse Førde sitt ynske om avklaring er truleg ikkje det helseministeren ynskjer seg aller mest, no som det kokar i mange lokalsamfunn der lokalsjukehuset kan mista vitale funksjonar. Eit viktig siktemål med den nye foretaksmodellen er å flytta endringsprosessane i sjukehusstrukturen ut av politisk forvalting og inn i profesjonelle styre. Dei lokale folkeaksjonane freistar no pressa saka inn i politiske organ, for å auka den politiske kostnaden ved å gjennomføra sentraliseringa.

Under demonstrasjonen i Narvik torsdag kveld, som samla fire tusen i fakkeltog, lova SVs stortingsrepresentant Geir Ketil Hansen å gå inn for at sjukehusstrukturen blir ei sak for Stortinget. Sp la inn eit framlegg om dette sist veke.

Torsdag gjekk også fleire tusen i demonstrasjon på Stokmarknes. I Vesterålen og i Ofoten er det samla inn 30.000 underskrifter til støtte for lokalsjukehusa.

Administrerande direktør Leif Kapstad i Helse Førde legg ansvaret for planane om å leggja ned fødeavdelingar på staten.

? Det statlege normkravet er einaste grunnen til at administrasjonen i Helse Førde går inn for å gjera om fødeavdelinga i Lærdal til ei modifisert fødestove. Utan instruks om dette ovanfrå, ville omlegginga ikkje blitt føreslegen, seier Kapstad til lokalavisa Firda.

Instruksen er levert i form av eit måltal for talet på årlege fødslar ved fødeavdelingar. Statens helsetilsyn har kome opp med talet 400-500, som regjeringa og Stortinget seinare har slutta seg til som « veiledende for planleggingen av den framtidige fødselsomsorgen».

Omlag 50 prosent av fødeinstitusjonane i Noreg har under 500 fødslar i året. I Lærdal er det 250.

Ynskjer avklaring
Helse Vest, som styrer over Helse Førde, har tolka måltalet som eit pålegg. Etter at mange tusen sinte sogningar har demonstrert mot nedlegging av fødeavdelingar i Lærdal og på Nordfjordeid, vil styret i Helse Førde no ha ei klårgjering frå helseminister Dagfinn Høybråten (KrF).

? Godtek departementet at fødeavdelingar kan ha så lågt fødselstal som i Lærdal, kjem omlegginga der i eit nytt lys, seier nestleiar i Helse Førde-styret Kjell Opseth. Han har til no stått hardt på for nedlegging.

Helse Førde sitt ynske om avklaring er truleg ikkje det helseministeren ynskjer seg aller mest, no som det kokar i mange lokalsamfunn der lokalsjukehuset kan mista vitale funksjonar. Eit viktig siktemål med den nye foretaksmodellen er å flytta endringsprosessane i sjukehusstrukturen ut av politisk forvalting og inn i profesjonelle styre. Dei lokale folkeaksjonane freistar no pressa saka inn i politiske organ, for å auka den politiske kostnaden ved å gjennomføra sentraliseringa.


Under demonstrasjonen i Narvik torsdag kveld, som samla fire tusen i fakkeltog, lova SVs stortingsrepresentant Geir Ketil Hansen å gå inn for at sjukehusstrukturen blir ei sak for Stortinget. Sp la inn eit framlegg om dette sist veke.

Torsdag gjekk også fleire tusen i demonstrasjon på Stokmarknes. I Vesterålen og i Ofoten er det samla inn 30.000 underskrifter til støtte for lokalsjukehusa.

Innenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Krever ny arbeidsreform

Krever ny arbeidsreform

OFFENSIV: Fagforbundet-leder Jan Davidsen advarer de rødgrønne mot å hvile på laurbærene. Nå lanserer han en ny arbeidslivsreform som rødgrønn valgkampsak nr. én.
Utenriks
Onsdag 23. mai, 2012
Skjebnevalg for Egypt

Skjebnevalg for Egypt

HISTORISK: Hundretusener av egyptere har deltatt i valgkampanjene foran dagens presidentvalg i Egypt. Klassekampen møtte noen av dem.
Kultur & medier
Onsdag 23. mai, 2012
- Sinte menn må forstås

- Sinte menn må forstås

Den sinte mannens hat skyldes at samfunnet forakter ham, mener forfatter Cornelius Jakhelln. I kveld deltar han i en debatt om sinte menn i samfunnsdebatten på Prosalong i Oslo.
Dagens leder
Onsdag 23. mai, 2012
Bjørgulv Braanen
Gresk valg

Gresk valg

Dagens leder
Powered by eonBIT